Anmeldelse

Savage: The Battle for Newerth

Sjå for deg eit heilt normalt strategispel. Du bygger bygningar, forsvarsverker og våpen. Sjå i tillegg for deg at alle krigarane du prøvar å kommandere har eigen fri vilje. Dette er Savage.

Side 1
Side 2
Side 3

Forskjellige eigenskapar
I kvart spel er det to lag som står mot kvarandre. Desse laga er enten menneske eller dyr, og kan delta i kampar med opptil 64 spelarar. Dei to rasane har ein del markante forskjellar. I byrjinga kan ein seie at menneska har ein stor fordel. I motsetninga til beista som kun har tilgang på eit nærkampsvåpen, har menneska umiddelbart tilgang på pil og boge. Dette kan vere ufatteleg irriterande tidleg i eit spel. Laget ditt spring mot fienden berre for å blir pepra med nokre dusin piler før du i det heile tatt når fram til fienden som skyt. Om du endeleg når fram har halve laget ditt forsvunne. Seinare gjemnar dette seg ut litt, sidan beista får tilgang på magi, men generelt sett har menneska ein fordel når det gjeld å plukke ned fiendar på avstand. Samtidig er beista sterkare i nærkamp

Til saman har kvar rase fem klassar dei kan forske fram. Desse rangerar frå svake klassar alle kan velje mellom, til større og tyngre artilleri. Kva du ynskjer å vere til ei kvar tid kostar også pengar. Pengar frå du ved enten å drepe dyr som befinn seg på brettet, eller ved å drepe fiendar. Når desse dør legg dei frå seg ein god porsjon med gull. Skulle du likevel vere tom for gull, kan du be kommandøren om å få innvilga det du trenger for å kjøpe det du vil ha. Kommandøren kan slå på ein praktisk auto-godta funksjon for å godkjenne alle slike foresøprslar, så lenge gullbehaldninga er der. Kommandøren får gull på tradisjonelt strategi-vis, ved å sende bønder til ei mine. I tillegg får kommandøren ein prosent av alt gullet krigarane plukkar opp. Sjansen er derfor stor for at kommandøren til ei kvar tid har det gullet du treng.

Variasjon er nøkkelen
Kva klasse du skal bruke bør du eigentleg sjå an i forhold til kva andre har valt. Det nyttar ikkje å storme framover med ingenting anna enn Behemothar, dei er store og treige og vil raskt bli plukka ned av motstandarane. Det same gjeld for katapultar. Som i eit kvart spel er det viktig med variasjon, finne den klassen som passar best i ein gitt situasjon. Om nokon valsar inn med Behemothar er dei avhengige av å få hjelp frå mindre og raskare spelarar som kan plukke ned fienden, slik at dei kan kome seg fram til fiendens base. Øydelegg du den har du vunne, og Behemothar eller katapultar blir nødvendige for å få dette til. Dei svakare klassane er kanskje raske, men er ikkje eigna til å øydeleggje bygningar.

Som alltid i eit online-spel der to sider står mot kvarandre i hektiske kampar er det viktig med gode brett. Dette er ei av dei absolutt sterkaste sidene til Savage. Felles for bretta er at ingen av dei er spesielt store, men legg vekt på at ting skal skje heile tida. I tillegg vil du finne mange platå og tårn som kan gi folk med skytevåpen den posisjonen dei er på jakt etter. Ein anna del du vil finne på dei fleste baner er flaskehalsar. Enten trange gongar, eller møtningspunkt der du er dømt til å møte fiendar. Desse endar omtrent alltid opp som det komplette kaos. I tillegg kan du vere sikker på at det ligg fullt av miner overalt, noko som gjer eksplosjonar og dødsfall så hyppige som du kan få dei.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden