Anmeldelse

Silverfall

Ein slem fyr kjem og smadrar heimbyen din. Dette er det høgst uoriginale utgongspunktet for eit temmeleg uoriginalt spel. Heimen din blir angripen, folk flyktar, og brått befinn dei overlevande seg i ei sump utan heilt å vite kva dei skal ta seg til. Der står du midt opp i det heile, ein ung og aspirerande helt, og du må sjølvsagt ta deg til noko. Du kan jo ikkje berre stå og sjå på elendet. Derfor spring du kjapt ut på jakt etter levande døde, magiske steinar, og eit spørsmål om korleis byen din skal gjenoppbyggast.

Silverfall er sønnen til Dungeon Siege, barnebarnet til Diablo, og det er ikkje vanskeleg å sjå at den vesle krabaten har stor respekt for sine eldre slektningar. Dette er monsterslakt i kjend format, og det er fabelaktig lite som eigentleg skiljer det frå sine store inspirasjonskilder.

Før du går i gong veljer du ein rase. Du kan enten vere menneske, alv, goblin, eller troll. Du har visse småting du kan justere for å skape deg ein halvvegs unik helt, men bortsett frå å velje mann eller kvinne, er alternativa for få til at det eigentleg betyr noko. Samtidig viser spelet allereie her ein svært sjarmerande grafisk stil. Det er artig design, sterke fargar, og ein får ganske lyst til å spele berre på grunn av at det ikkje køyrer ein typisk stil med mørke og dystre fargar.

Fritt fram

I motsetning til dei fleste spel i denne sjangeren vel du ikkje klasse. Utviklerne hos Monte Cristo har fullstendig forkasta dette konseptet, og du kan sjølv velje fritt kva du vil bli god i ved å fordele poeng etter kvart som du går opp i erfaringsnivå. På denne måten kan du lære deg enten å spesialisere deg med nærkampsvåpen, pistolar og bogar, eller fokusere på kraftig magi. Om du vil kan du òg velje å kombinere forskjellige ferdigheiter for å gi karakteren din litt variasjon. Det fine med Silverfall er at du står heilt fritt til å gjere akkurat kva du vil. Dei einaste begrensingane du får er at fleire ferdigheiter er påkrevd før du kan kjøpe andre.

Det er uansett ikkje mogleg å bli spesialist i alt, og derfor er det greit at du kan hyre inn folk til å følje med deg på dine eventyr. Etter å ha utført små oppdrag får du gjerne eit tilbod om nytt reisefølgje, og du kan velje sjølv om du vil takke ja eller ikkje. Du har ingen direkte kontroll over desse, men du kan snakke med dei for å fortelje deg kva dei skal fokusere på, og du kan gi dei betre utstyr frå sekken din. Desse følgjesvenene dine gjer akkurat det dei blir bedne om. Dei er utstyrt med solid kunstig intelligens som hindrar dei i å gjere dumme ting, eller å ikkje gjere det du ber dei om. Det einaste som av og til blir eit problem er at dei set seg fast i ting.

Beskytt eller øydelegg

Eit viktig tema i Silverfall er konflikta mellom natur og teknologi. På ditt eventyr kan du velje om du vil bygge opp igjen byen gjennom teknologiske framskritt som luftballongar og dampkraft, eller om du vil søke hjelp hos druidene og naturen sjølv. Dette kan raskt høyrest ut som eit typisk vondt mot godt dilemma, men det er ikkje fullt så enkelt. Du vil hjelpe byen din på beina igjen, og kva som er det beste er ikkje alltid like tydeleg. Kanskje vil nokre store nye maskiner hjelpe folket, men naturen vil ta skade. Om vi ser omvendt på det vil kanskje naturen sin veg vere til fordel for skog og mark, medan folket ikkje er i like god forfatning.

Det heile er ein artig vri på ein formel som er veldig populær, men den kunne nok ha vore hakket betre utforma. Du får dine val, og du kan takke ja eller nei til å bidra i den eine eller den andre retningen, men du merkar likevel ikkje mykje til vala du gjer. I eit spel som Black & White kan du sjå på verda om du er snill eller god, du ser ikkje i like stor grad om naturen eller teknologien strider fram i Silverfall. Den største utslagskrafta det får, er i kva utstyr du kan bruke.

Etter kvart som du utfører oppdrag vil balansegangen mellom natur og teknologi gradvis bevege seg mellom dei to motpolane. Om du til dømes vel å hjelpe til med å få pumper bygd, vil målaren bevege seg mot teknologi. Dette vil la deg ta i bruk ting skapt av metall, dampgass og andre flotte nyvinningar. Til dømes kan du som ein teknologi-elskar få eit splittert nytt motorsagsverd. Medan treklemmarane må ta til takke med ei magisk øks av bein.

Det får ingen spelmessige konsekvensar kva du vel, teknologi er ikkje betre enn natur, og du kan bli like god uansett kva veg du veljer å gå. Du vil uansett få ei litt forskjellig historie. Du vil møte mange folk rundt omkring, og mange av desse har oppdrag til deg. Det er lett å sjå kva oppdrag som vil forandre verda rundt deg. Du får eit val om å gjere noko i den eine eller den andre retningen, og du kan bastant takke nei om du vil. Dessverre er det aldri nokre synlege konsekvensar om du seier nei takk til eit oppdrag. Samtala blir berre stoppa. Men om du vel å snakke med personen på ny, vil han gjenta spørsmålet sitt til deg. Du kan gjere kva du vil i spelet, men det er aldri for seint å ta eit oppdrag du har takka nei til tidligare. Dette er ganske synd sidan det hindrar spelet i å få ei kjensle av at vala dine får konsekvensar.

Det same gamle

Uansett kva oppdrag du blir sendt ut på, vil dei involvere ei lang rekke med fiendar som står i vegen. På same måte som i Elder Scrolls IV: Oblivion, går fiendane opp i nivå samtidig med deg. Det skjer med andre ord ikkje at du møter nokon du må trene deg opp for å ta. I store delar av spelet er det ein fin ting, sidan du alltid møter fiendarm det er et poeng å kjempe mot. Du får erfaringspoeng kontinuerleg, og du treng ikkje vere så redd for å dø, med mindre ein stor gjeng hoppar på deg. Samtidig uteblir den store utfordringa. Du kjem aldri til ein stad der du møter fienden over alle fiendar, og det gjer spelet ganske monotont i lengda.

Hakket verre er dei lite inspirerande oppdraga. Verda rundt deg er interessant nok, men kva du faktisk må gjere er alltid basert på same formel. Det er så og seie alltid noko som skal hentast, noko som skal bringast dit eller dit, eller ein spesiell skapning som skal drepast for å få ein spesiell gjenstand.

Derfor passar det veldig greit at spelet er av ein så vanedannande natur at du blir sitjande likevel. Det er eit frykteleg typisk kampsystem der du held inn ein knapp over fienden til han dør, og varierar med nokre spesialangrep eller magiske lyn her og der. Det er definitivt ikkje oppfinsamt, men det fungerar likevel godt nok til at ein gradvis blir litt glad i spelet og ikkje har noko imot å halde fram i omlag fem timar til. At tida går fort medan ein spelar dette spelet, er det ingen tvil om.

Akkurat her er ein sjarmerande visuell stil til stor hjelp. Det er ingen originalitet å spore i designen av spelet, men det er likevel så pass appellerande og innbydande at ein blir fascinert. Det er i alle dei små detaljane i både utstyr og ansikt, samt små animasjonar som trer i kraft på tilfeldige tidspunkt. Spelet er veldig fargerikt og brukar i tillegg ein svart strek rundt figurane for å framheve teikneserie-preget spelet har fått. I tillegg er musikken dramatisk og pompøs, med sterke orkestrale element godt blande med litt elektroniske element, noko som kler verda med sitt natur vs. Teknologi-tema veldig godt.

Konklusjon

Silverfall bringer ingen vesentlege nyheiter til ein sjanger som kanskje ikkje er godt kjent for variasjon. Det er den typiske tredemølla der du saknar erfaringspoeng og drep fiendar i time etter time. Det som skiljer spelet ut er eit godt realisert verd som – sjølv om den ikkje akkurat er original – har eit særpreg som gjer den til noko eige. Eit erfaringssystem som lar deg bestemme sjølv kva du vil bli betre i, og aldri låser deg fast i nokon bestemt bås, er og ein veldig positiv ting.

Dessverre er det ikkje mykje variasjon å finne i løpet av spelets fleirfoldige timar med fiendeslakt, og dette er spelet sitt største problem. Med litt betre variasjon i dine gjeremål, kunne det nok ha blitt nokre hakk betre veldig raskt.

Merk: Spelet inneheld ein fleirspelar-modus, men grunna problem med å koble seg opp til andre spel, har vi ikkje fått testa denne.

Vurdering


Silverfall Windows Windows 6/10 PSP

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 20. mars 2007
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Monte Cristo
  • Utvikler: Monte Cristo

Beste priser

Nedlasting 49,- Til butikk
Nedlasting 134,- Til butikk

Kommentarer (17)

Forsiden akkurat nå

Til toppen