Sjå skremmande ny Metro Exodus-trailer

Sleppdatoen for dommedagsspelet er klar.

Det siste innslaget i Metro-trilogien blei nyleg utsett for å gi utviklarane meir tid, men me fekk sjå meir av spelet på Microsofts E3-konferanse. Spelet har òg fått ein offisell sleppdato, og kjem ut 22. februar 2019.

Metro Exodus er basert på boka Metro 2035 av Dmitry Glukhovsky. Den førre boka, Metro 2034, fekk ei relativt lunken mottaking, men siste innslag i serien var langt meir populær.

Tilbake i gamle jaktmarker

Den nye traileren viser bilete frå eitt av spelets oppdrag, sett til det postapokalyptiske Russland. Artyom er tilbake i hovudrollen med heimesnekra maskingevær, og har med seg kona Anna på jakt i dei skremmande omgivnadane. Arsenalet verkar å ha blitt utvida ein del, med nye våpen og fleire «attachment»-alternativ.

Elles er dette Metro som me kjenner det. Ekle mutantar, blod og store eksplosjonar. Konflikt mellom menneskelege partar ser ut til å vere hovudfokuset her, men ein kjem ikkje unna alt det muterte utøyet som radioaktiviteten har skapt.

4A Games har vore kjend for å bryte grensene for grafikk, og har med både Metro 2033 og Metro: Last Light vist fram noko av det fremste innan visuell teknologi. Den nye traileren held definitivt med den same tradisjonen.

Få med deg det siste om E3 2018 her »

Siste fra forsiden