Slik blir haustens Assassin's Creed: Syndicate

Raskare kampar og enklare klatring står på programmet i årets snikmordarspel.

Ubisoft

At det ville kome eit Assassin's Creed-spel i år og har vi visst lenge. Allereie i haust fekk vi gjennom ei lekkasje vite at det neste spelet vil sende oss til London og den viktorianske tida. Tidlegare i dag fekk vi òg vite at Assassin's Creed: Syndicate utelukkande vil vere ei oppleving for ein spelar, og vil la oss spele gjennom delar av spelet som ei kvinne.

Onsdag kveld fekk vi derimot dei første konkrete detaljane direkte frå Ubisoft. I Assassin's Creed: Syndicate tek vi på oss rolla som Jacob Frye, ein mann som har vakse opp hos leigemordarane. Saman med systra si Evie kjempar han på vegne av dei fattige, mot den rike overklassen.

Kampane blir ein intim og brutal dans.
Ubisoft

I rollene som Jacob og Evie vil du måtte ta kontroll over ei rekke gjengar som held til i undergrunnen i London, kjempe mot andre gjengar, og velte makta i London.

Brutale kampar og raskare klatring

Sidan serien no tek eit hopp fram i tid, får det merkbare følgjer for gameplayet. Først vil ein merke dette gjennom kampsystemet. Dei velkjende sverda er borte – sidan ein raskt ville blitt arrestert om ein vandra rundt med slikt på den tida – og vi sit igjen med eit større fokus på intim nærkamp. Skjulte knivar og metallknokar får ei stor rolle i eit kampsystem Ubisoft lovar vil bli både raskare og langt meir brutalt enn før.

Ei ny gripeklo sender deg raskare frå tak til tak.

Vidare har Ubisoft gjort grep for å gjere utforskinga både raskare og enklare. Ei ny gripeklo let deg skyte eit tau til toppen av eit hustak for å dra deg opp kjapt, i staden for å klatre opp heilt frå bakken. I tillegg kan du skyte denne mellom hus for å fire deg mellom dei.

Hest og kjerre blir atter eit nytt element. Med desse kan du kome deg raskare frå ein stad av byen til ein anna, og dei vil og bli viktige hjelpemiddelnår du skal jakte ned fiendar på flukt. Damptog vil også gjere seg merkbare, og Ubisoft fortel du vil kunne skalere desse på same vis som alt anna i spelet.

Assassin's Creed: Syndicate vil bli lansert på Xbox One og PlayStation 4 23. oktober. PC-lanseringa vil finne stad seinare på hausten.

Nedanfor kan du sjå ein gameplay-demo med kommentarar frå utviklarane.

Siste fra forsiden