Stor tabbe av Forza Horizon 3-utviklar

La ut ukryptert utviklarversjon av spelet ved eit uhell.

Playground Games

Etter ein solid bommert av utviklaren bak Forza Horizon 3 den 3. januar, blei ein uferdig versjon av spelet tilgjengeleg via ei oppdatering. Det som eigentleg skulle vere ei lita utviding med nokre nye bilar – Rockstar Energy Car Pack – viste seg å innehalde vesentleg meir enn utviklaren hadde planlagt. Nedlastinga var på enorme 53 GB, rundt same storleik som heile spelet til saman.

Oppdateringa gav òg merksame brukarar oversikt over store mengder komande innhald, som ikkje har vore annonsert. Den nye versjonen hadde nemleg ukrypterte filer, som gjorde at ein kunne sjå namna på bilar i komande utvidingar i spelmappa. Ei oversikt over alle dei planlagde bilane kan sjåast her (spoiler).

Retta fort opp

Eit av spelets utvidingar, Blizzard Mountain, gjorde det mogleg å kose seg med snørally.
AR12 Gaming

Utviklaren har kome ut med ei ny oppdatering no, versjon .35.2. Dei som har den ukrypterte versjonen (.37.2) installert, blir oppfordra til å avinstallere heile spelet av Forzas community manager Brian Ekberg. Han fortel at ein kan sjekke om ein har rett versjon av spelet der ein loggar inn. Det har nemleg vore store problem med nye lagringsfiler for dei som har spelt på versjon .37.2, som har øydelagd framgangen til spelarane. Dersom ein prøver å spele på feil versjon, risikerer ein at heile lagringsfila blir korrumpert.

Etter den store tabben har det vore mykje debatt på sosiale media, der folk er veldig nyfikne på om nokon kjem til å få sparken hos Playground Games, eller utgivar Microsoft. Førebels har ikkje utviklaren sagt noko om dette.

Vår anmeldar Espen Jansen kalte Forza Horizon 3 eit vakkert bileventyr »

Siste fra forsiden