Anmeldelse

Like a Dragon Gaiden: The Man Who Erased His Name

Stilfull galskap

Om du alltid har vore litt nysgjerrig på Yakuza-serien er dette spelet for deg.

Yakuza-serien har blitt omdøypt til Like a Dragon, og er tilbake med enda eit kapittel i den lange historia om den japanske undergrunnen. I Like a Dragon Gaiden: The Man Who Erased His Name møter vi igjen Kazuma Kiryou, den originale og legendariske helten som nesten aleine har halde denne serien i live i snart 20 år.

Det er ei lang tid å følgje med på ei historie, og om du skulle vere relativt fersk for serien kan det å kome i gong framstå som ei nesten uoverkomeleg oppgåve. Like a Dragon Gaiden er eit godt startpunkt, sidan det er ein god introduksjon for nye spelarar. Det er ei kortare historie som er sjølvstendig nok til at alle referansane til tidlegare hendingar ikkje vil overvelde, men kanskje heller inspirere til å sjekke ut dei mange andre spela i serien.

Seg sjølv lik

Sjølv om Like a Dragon Gaiden er eit kortare spel betyr ikkje det at dette er eit spel som fjernar noko av det som kjenneteikner serien. I staden snakkar vi om eit spel som i kanskje litt for stor grad fokuserer på alt det som eigentleg er valfritt. Spelet var i utgangspunktet planlagt som ekstrainnhald for neste års Like a Dragon: Infinite Wealth, men blei utvida til å bli eit sjølvstendig spel, og blei laga på berre seks månader.

Det er eigentleg imponereande når ein hiv seg i det. Det er få som klarar å lage like mykje god underhaldning på så kort tid, men så har utviklarane i Ryu Ga Gotoku Studio perfeksjonert ein formel det er lett å bruke som fundament for nye eventyr.

Kazuma Kiryu er alltid klar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Vi får som vanleg ei godt regissert og spanande historie. Den er naturlegvis kortare og mindre ambisiøs i omfang enn ofte er, men det er interessante karakterar og artig å følgje med på. Hovudpersonen Kiryu er ein av dei teffaste typane i bransjen, og å følgje han er alltid underhaldande. Han er eit fjell av ein mann som endar opp i alt frå ramme alvor til bisarre situasjonar med gamle damer.

Historia startar eit nytt kapittel for vår helt Kazuma Kiryu, den pensjonerte Yakuza-legenda som no prøvar å starte eit nytt liv. Det går naturlegvis ikkje heilt som planlagt, alt går strengt tatt til helvete, og Kiryu må rydde opp i mobben slik berre han er i stand til.

Det er underhaldande å følgje med på, men her og der merkast det at dette spelet er laga på rekordtid. Ofte når eg berre har hatt lyst til å følgje historia vidare endar eg opp med å måtte gjere det som nesten kokar ned til trivielle henteoppdrag i staden. Delar av spelet er av typen der du berre må gjere ein liten ting for nokon før du får gå vidare. Det er rikeleg av dette i andre Yakuza-spel òg, men gitt spelets storleik er det ein mykje større andel av det her enn kva som eigentleg er ønskeleg for flyten i spelet.

Konsekvensen er at ein i litt større grad enn vanleg får kjensla av å bli tvinga inn i sideaktivitetar og det blir litt vanskelegare å berre følgje historia om ein skulle ynskje det.

Ei villmark av innhald

Yakuza/Like a Dragon-serien lev godt på å vere kongen av gjenbruk. Vi får sjeldan heilt nye ting i denne serien, og som vanleg blir gamle byar brukte om att. I mindre kløktige hender kunne det raskt blitt keisamt, men formelen desse utviklarane bygger spela sine på fungerer nesten irriterande godt. Det er så tåpeleg lett å bli dratt inn av det heile, springe gatelangs og la seg lure av kvar vesle ting som dukkar opp.

Å spele gjennom dette er like ukomfortabelt som det ser ut som.
Øystein Furevik/Gamer.no

Du kan ende opp med å bruke nokre timar på golf her, nokre på biljard der, eller bruke ein heil kveld berre på å springe rundt og gi folk det dei vil ha. Det er smittsamt og lett å bli hekta. Rundt kvart gatehjørne er ein ny distraksjon, frå hostess-klubbar med ekte skodespelarar, til arkadehallar med frustrerande UFO-fangarar og fullt fungerande versjonar av klassiske SEGA-spel som Fighting Vipers 2.

Ved sidan av heilt uviktige distraksjonar finnest ein haug med måtar å tene pengar på. Du kan gamble eller du kan hjelpe folk med sideoppdrag, for å nemne noko, og du tener stadig større summar pengar du kan bruke på nytt utstyr og oppgradering av eigenskapar. Med jamne mellomrom får du nye ting å leike deg med, og det blir svært lett å berre spele litt til.

Det tydelegaste dømet på dette er alle pøblane som vandrar gatelangs. Konseptet er eigentleg skikkeleg teit, der du har grupper med møkkafolk som patruljerer gatene og angrip deg, og berre deg, kvar gong du kjem nær. Men det gjev deg ein sjanse til å slåst litt, og det er alltid moro.

Kampsystemet er ein retur tilbake til det actionbaserte systemet serien er kjend for. Nytt av dagen er agent-slåstestilen der du får bruke duppedingsar i kamp. Dei er alt frå ein eksplosiv sigarett til ein tynn tråd du kan fange fiendane med. Spelet er sjeldan vanskeleg, til det er Kiryu hakket for kraftig, men å meistre det fullt ut krev langt meir enn å hamre knappar. Du kan dukke unna, gå til motangrep, legge fienden i bakken, og skape kaos med droner som flyg mot fiendane. Å få til alt dette utan å bli lagt i bakken sjølv krev derimot timing og god reaksjonsevne.

Har du spelt eit Yakuza-spel før vil du raskt kjenne deg igjen, men kampsystemet byr på akkurat nok nytt til at det framstår friskt.

Få kan vekke den japanske storbyen til live like godt som dette.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Like a Dragon Gaiden: The Man Who Erased His Name er eit spanande nytt kapittel i Yakuza-serien. Spelet er eit kortare spel og dermed ein god inngangsportal for dei som kanskje har vore nysgjerrige på serien, men aldri har tatt sjansen. Det gjev eit svært godt bilete av kva denne serien handlar om, og byr på ei god historie og så mange ting å bruke tida på at ein kan miste mange dagar berre på tull tøys, og å bygge små elektriske bilar.

Spelet framstår likevel langt mindre essensielt enn andre spel i serien. Spelet starta livet som ekstrainnhald, og tidvis merkast det. Historia får aldri den tyngda den får i andre spel i serien, og framstår nesten litt som ein mellomstopp der vi berre ser kva Kazuya Kiryu driv på med medan vi ventar på neste spel.

Like a Dragon Gaiden: The Man Who Erased His Name er kanskje ikkje det beste spelet i serien, men det er likevel ein fantastisk introduksjon til ein serie det kanskje kan vere vanskeleg å forstå korleis ein skal kome i gong med. Den viser alle seriens styrker og baksider. Den viser galskapen og den gode historia, og den gjer det på ein lett fordøyeleg måte.

Like a Dragon Gaiden: The Man Who Erased His Name slippes 8. november til PlayStation 5, PlayStation 4, Xbox One, Xbox Series X/S og Windows.

7
/10
Like a Dragon Gaiden: The Man Who Erased His Name
Ein god Yakuza-introduksjon for nykomarar.

Siste fra forsiden