Super Mario Party kjem til Switch i haust

Nintendo viste ein smakebit av festspelet på E3.

Tre år er gått sidan førre heimekonsollutgjeving i Mario Party-serien. På tysdagens Nintendo Direct-sending på E3 annonserte Nintendo i dag at neste spel i serien, Super Mario Party, snart er oss i hende.

Nintendo

Me veit førebels ikkje allverda om spelet, men i typisk Nintendo-stil ser det ut til at me snakkar innovative og originale fleirspelarvariantar. Me fekk mellom anna sjå minispel der fleire Switch-konsollar blir kopla saman og brukt i samanheng med kvarandre. Sjå korleis det fungerer i videoen over!

Super Mario Party kjem ut til Nintendo Switch 5. oktober 2018.

Les alt om E3 2018 her »

Siste fra forsiden