Test

Logitech G915 TKL

Unikt, men lever det opp til den veldige prislappen?

Me testar spelgigantens flaggskip i TKL-format.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Logitech G915 Lightspeed med taktile brytarar er i skrivande stund det nest mest populære tastaturet i Noreg ifølgje Prisjakt.no. Det er ikkje utan grunn.

Trådlause tastatur har lenge vore ein mangelvare i gamingmarknaden. Høg forseinking er neppe noko som går hand i hand med speling, men Logitechs trådlause teknologi kan vere starten på slutten for skepsis mot trådlause tastatur.

Prisen på drøye 2100 kroner for fullformatversjonen er heller ikkje ille samanlikna med kva andre topptastatur kostar, for prisane på gamingtastatur har gått kraftig opp i det siste.

Me har fått testa den nyare TKL-versjonen, som riktig nok kostar heile 2500 kroner. Med tanke på at det er eit tastatur som gir mindre enn det andre, kan ein seie at det er eit ganske dårleg tilbod. På den andre sida finst det det eigentleg ingen konkurrentar til dette. Difor har Logitech fritt lende når det kjem til pris.

Tastaturet kjem med enten taktile, klikkete eller lineære lågprofilbrytarar, som Logitech har designa sjølv. Dei er kanskje ikkje dei beste til å skrive på, men ein må ofre litt for å få ei såpass kompakt pakke som dette.

Design og komfort

Med unntak av RGB-lysa er det ikkje så mykje som tilseier at dette er eit gamingtastatur. G915 TKL gjer seg like godt på kontorpulten på jobb som heime i gamingkjellaren, og det set eg pris på. Reine gamerdesign har ein tendens til å verke billige og glorete.

Dette er eit stilreint tastatur med låg profil. Sjølv om det ikkje har NumPad tar det opp stor plass på arbeidsflata di, men til gjengjeld har det ganske mykje ekstrautstyr å kome med. Du har dedikerte knappar for mediekontroll, eit rullehjul for volum og eigne knappar som styrer RGB, spelmodus og eventuell Bluetooth-kopling.

LITEN OG LETT: Lågprofiltastaturet er kompakt og portabelt, og er anonymt nok til at det kan passere for eit vanleg jobbtastatur. Men sjølv om det er tynt og lett nok til å ha i sekken, tar det opp ein del plass på pulten.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
VELUTSTYRT: G915 har mykje utstyr å by på, blant anna eit rullehjul i metall. Det er riktig nok null motstand i det, som er ein nedtur.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Lågprofil-designet er òg verkeleg låg profil. Det er få tastatur som er så låge, men tastane er ganske høge samanlikna med konstruksjonen, slik at det kjenst rart å bruke det utan føtene oppe. Slik sett forsvinn lågprofilaspektet litt. Eg syns difor det er langt meir behageleg å bruke G915 med føtene ut. Ein bør òg diskutere om det er greitt å tilby eit tastatur til 2500 kroner utan handleddstøtte.

For det syns ikkje eg.

Tastehettene har ein liten bøy, og er glatte og behageleg å kvile fingrane på. Dei er meir vaklevorne enn dei burde vere, men det har ikkje noko særleg effekt på yting då det er så lite luft mellom tastane. Derimot lagar det litt lyd når ein ristar på tastaturet. Det gjer meg litt skeptisk til levetida på både tastar og brytarar.

Når det kjem til byggekvaliteten på konstruksjonen, så lever tastaturet opp til prisen. Overflata er i børsta aluminium, og undersida i hardplast. Eg kunne godt tenkt meg meir metall, men då ville nok tastaturet blitt betydeleg tyngre. No er det framleis lett nok til at du knapt merkar at det ligg i sekken.

Trådlaus kopling

LYNRASKT: 2.4 GHz-koplinga passar fint til den kjappe responsen ein treng for speling.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

G915 har støtte for både Bluetooth og 2.4 GHz Lightspeed-kopling. Det er det ikkje mange som tilbyr. Eg har ikkje verktøy til å måle eksakt forseinking, men etter halvanna veke med bruk til både jobb og speling, har det ikkje vore noko merkbar forseinking i det heile.

Batterilevetida er på oppmot 40 timar med RGB, og over 200 timar utan. Saman med ein aggressiv variant av straumsparing så går det lang tid mellom ladeøktene. Tastaturet slår seg fort av viss du ikkje er aktiv, men det sparkast i gang på sekundet du trykker på det igjen. Slik varar batteriet betydeleg lenger.

Det beste er gjerne å justere lysstyrken på RGB-lyset ned litt, slik at ein får både lyse tastar i mørke og lang batterilevetid.

Det at Logitech framleis tviheld på Micro-USB til lading er eg derimot mindre nøgd med. Eg ser ingen grunn til at ein ikkje skal bruke USB-C her.

Brytarar

Logitech G915-tastatura kjem med tre ulike brytarar; taktil, lineær eller klikke-brytar. Me har testa den taktile varianten, der ein får eit merkbart klikk utan lyd. Lågprofilbrytarar er definitivt ikkje like gode å skrive på som dei vanlege Romer G-brytarane til Logitech, men dei er framleis ei betydeleg oppgradering frå membrantastatur.

STILLE: Dei taktile brytarane er forholdsvis støyfattige, men dei er ikkje like gode å skrive på som fullformatbrytarar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

GL Tactile-brytaren har ein trykkraft på 50 gram og aktuasjon på knappe 1,5 millimeter. Den fulle vandringa er på 2,7 millimeter. Det er mykje mindre enn vanlege mekaniske brytarar. Aktuasjonen er for så vidt lengre enn på Speed-brytarane til Cherry og Kailh, men den fulle vandringa er nesten ein halv centimeter kortare. Det merkar ein veldig godt.

Til gjengjeld er dette eit tastatur som eg nesten kan vurdere å ha på kontoret, der me har ope landskap. Det lagar ikkje noko særleg med støy, og har ein dunkel, fin lyd. Tilbakemeldinga kjenst ganske kontant på grunn av den korte vandringa, men det kan ein venne seg til etter kvart.

Alt i alt er det eit kompromiss samanlikna med «vanlege» brytarar, men brytarval handlar til sjuande og sist om smak. Ein kan heilt sikkert finne noko passande ved å ta enten den klikkete, taktile eller lineære brytaren, basert på kva ein er vand med.

Programvare

Logitech G Hub har eg rosa mykje i mine tidlegare testar, men det er mange som har tekniske problem med det. Det har difor eit vaklande rykte. For min del er eg framleis positiv, men programmet har nokre manglar.

Det er ryddig og oversikteleg, og byr på det meste av det eg treng av funksjonalitet. Eg kan enkelt stille på eigenskapar på tastar, settje opp makro og binde programstart til ymse tastar viss eg treng. Derimot er det berre mogleg å omprogrammere funksjonstastane. Eg skulle gjerne hatt moglegheit til å gjere det med alle tastane på tastaturet.

RGB-fargane er å styre, og det er fem modusar med ulike hastigheiter å velje mellom. Det kunne kanskje vore nokre til, men Logitech har samla dei kulaste modusane. Du kan òg lage dine eigne.

Konklusjon

Kombinasjonen av 2.4 Ghz Lightspeed, Bluetooth-støtte, imponerande batterilevetid, lågprofil og TKL-format er det ingen andre som tilbyr på marknaden. Slik er det eigentleg fritt fram for Logitech å settje ein pris. Men det betyr ikkje at me må like det.

UNIKT: Det er førebels ingen andre produkt som kan konkurrere med dette, men prisen er i overkant stiv.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

2500 kroner for eit tastatur utan handleddstøtte, Passthrough for USB og NumPad er veldig mykje. Brytarane er heller ikkje fullt like gode som Romer G, men til gjengjeld fører det reduserte støynivået til at dette gjer seg særs godt som jobbtastatur.

No kostar faktisk fullformatversjonen av dette mindre, som gjer TKL-versjonen til ein dårleg deal. Den andre utgåva har både dedikerte makroknappar og NumPad, så eg ville gjerne gått for den i staden. Men i og med at den andre har vore på marknaden lenger, så ville eg gitt begge same karakter. TKL-tastaturet fyller berre ein litt anna nisje. Denne går nok ned i pris etter kvart òg.

Ser ein vekk i frå prisen og nokre små merknadar her og der, er dette eit knallbra tastatur. Du kan rett og slett ikkje kjøpe noko liknande.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

8
/10
Logitech G915 TKL
Eit tastatur som rett og slett ikkje har konkurranse.
Flott RGB
Imponerande batteri
Både 2.4 Ghz trådlaust og Bluetooth
Kompakt lågprofildesign
Mekaniske brytarar med lågt støynivå
Solid konstruksjon
Kompakt design
Svindyr
Ingen handleddstøtte
Brytarane er ikkje like gode å skrive på som fullformatversjonane
Vaklevorne tastar med tvilsam byggekvalitet
Ubehageleg i bruk utan føtene, som legg ein dempar på lågprofilaspektet

Siste fra forsiden