Sniktitt

Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes

Tidskapsel frå 90-talet

JRPG-veteranar returnerer for å gjere det dei kan best.

Å gå frå Final Fantasy VII Rebirth til dette er kanskje det største kultursjokket eg har opplevd på lenge. Begge er spel med sterke band til JRPG-dominansen på 90-talet, men dei er så ulike som det er mogleg å bli. Knapt 20 minutt tok det meg før livet var i mine eigne hender. Fem personar, alle ein del av følgjet mitt var introdusert, grunnleggjande premiss for verda og kva vi skal gjere i den var på plass, og eg stod no utanfor den vesle startbyen og såg på eit fritt, ope verdskart.

Ikkje eit verdskart som i dagens digre spel der du ikkje kan gå to meter utan å bli avbroten av noko, men eit verdskart der du kan gå til destinasjonen din i ro og mak, berre avbroten av ein tilfeldig kamp eller to.

Det er ein grunn til at eg brukar Final Fantasy VII: Rebirth her, og det er fordi der Rebirth er ei ny tolking av eit gammalt spel frå 90-talet, er Eiyuden Chronicles eit gammalt spel frå 90-talet. Eller nei, vent, det er det ikkje. Det er flunkande nytt men både ser ut og oppfører seg som om det er frå 90-talet, og etter nokre få timar må eg innrømme eg det omlag 90 gongar betre enn Final Fantasy VII Rebirth.

Eit vaskekte verdskart!
Øystein Furevik/Gamer.no

På gamlemåten

Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes starta som ein brutalt vellukka Kickstarter-kampanje frå Suikoden-skapar Yoshitaka Murayama, samt eit knippe andre JRPG-veteranar. Målet deira var å lage eit klassisk JRPG, og det har dei verkeleg gjort. Dette spelet skapar ei kjensle eg ikkje har fått sidan sist eg spelte eit kvalitetsspel frå 90-talet.

Det er mange grunnar til det. Grafikken er openbert svært nostalgisk der den blandar todimensjonale sprites med 3D-modellerte bakgrunnar. Det er ei vidareføring av gamle rendra bakgrunnar, berre oppdatert til å tillate flygande kamera som følgjer spelaren gjennom område som er små nok til at du kjem deg raskt gjennom dei, men store nok til at dei dannar eit inntrykk av storleik. Vidare finn vi lystig, lettbeint musikk med fokus på melodiar som følgjer deg kvar enn du går.

Alt går unna i høgt tempo utan at eg på noko tidspunkt følte det gjekk for fort. Etter ein time hadde hatt fleire informative samtalet med det vesle følgjet mitt, vandra over kartet, utforska ein mystisk skog, nokre enda meir mystiske grotter, og kjempa min første sjefskamp. Det er eit spel som illustrerer kor metta eg personleg eigentleg er med moderne spel som insisterer på at meir innhald alltid og utan unntak er positivt. Eiyuden Chornicle: Hundred Heroes er til samanlikning langt meir komprimert, og ser ut til å droppe alt som ikkje direkte tener historia. Eg håpar det held seg slik i det fulle spelet.

Om historia i seg sjølv vil ha noko minneverdig å by på er det vanskeleg å spå etter berre nokre timar, men det lovar godt. Så og seie alle karakterane eg har møtt har vore likandes, godt skrivne, og med personlegdom som kjem tydeleg fram gjennom korte, engasjerande dialogar. Det er eit beist av ei anna tid dette her, og det merkast.

Kampane er kjappe og underhaldande.
Øystein Furevik/Gamer.no

Lukta av kamp

Sidan Eiyuden Chronicle tviheld på gamle tradisjonar bør det ikkje overraske at dette går igjen i spelets kampsystem. Det er lite nytt å spore her, noko som kan vere både positivt og negativt alt etter kva du er ute etter. Det er eit turbasert rollespel, med kampar som dukkar opp på tilfeldige tidspunkt, og med lagringspunkt inntakt, sjølv om spelet heldigvis lagrar sjølv på når ein går inn og ut av eit område.

Kampane i Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes vil vere velkjende for alle som har spelt Suikoden-spela. Her kjempar ikkje alle krigarar etter tur, men i staden kjempar kvar side etter tur. Før kampen startar får du velje om du vil kjempe eller la kampen gå automatisk, eit greit val å få, spesielt om ein skulle møte enkle fiendar etter å ha gått litt opp i erfaringsnivå.

Det er ein del spanande strategi i eit slikt system. På toppen av skjermen får ein sjå handlingsrekkefølgja, og det blir heilt essensielt å prøve å organisere kva krigarane dine gjer opp mot når ulike fiendar får gjere sitt. Kampane bydde ikkje på stor utfordring, men sjefskampen eg hamna i tvang meg til å jobbe litt, og der fekk eg nytte for diverse teknikkar. Til dømes kan to krigarar slå seg saman om å gjere større angrep.

Eiyuden Chronicle prøvar ikkje å vere ein komedie, men eg drog på smilebandet regelmessig.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Å no sitje her berre nokre veker frå lansering av Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes er noko vemodig. Yoshitaka Murayama som skapte Suikoden-serien, og som både skreiv og regisserte Eiyuden Chronicle døde i februar, berre månader før spelets lansering.

Det er difor ei litt spesiell oppleving, og det vil eg tru det òg vil vere for mange andre som har kosa seg med Suikoden-spela. Dei gode nyhenda er at det ser ut som om han og resten avutviklarane hos Rabbit & Bear Studios verkeleg har skapt det dei ville då dei lanserte ein Kickstarter-kampanje for fire år sidan.

Vi har sett ei rekke forsøk frå spesielt vestlege indieutviklarar på å lage spel som kan stå skulder til skulder med JRPG-klassikarane frå 90-talet, men få har vore så autentiske som dette. Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes praktisk talt luktar av grå PlayStation-plast, og sjølv om eg spelte på ein PC med ein Xbox-kontroller kunne eg nesten kjenne den slitne gummien og vonde ergonomien til den gamle PlayStation-kontrollaren.

Eiyuden Chornicle: Hundred Heroes er nok ikkje eit spel for deg som meiner fortida høyrer best heime i fortida, men om du saknar spela slik dei var før, kan dette vere spelet du har venta på.

Vi testa Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes på PC, spelet kjem til PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series X/S, Nintendo Switch og Windows 23. april.

Siste fra forsiden