Total War: Warhammer er kunngjort

Orkar, demonar og storslagen magi møter djup strategi.

Sega

At britiske Creative Assembly har jobba med eit spel i Warhammer-universet har ikkje vore hemmeleg. På tampen av 2012 blei det kjent at studioet hadde sikra seg ein lisens til Warhammer Fantasy-universet, og at dei hadde store planar om å lage det beste dataspelet basert på det populære universet. Det har likevel vore uvisst kva type spel vi hadde i vente.

I ei pressemelding onsdag er det endeleg offisielt, og Sega og Creative Assembly har kunngjort Total War: Warhammer for Windows, Mac og SteamOS. Med det tek Creative Assembly steget ut frå sine historiske krigsspel, og inn i eit massivt fantasy-univers.

Blir trilogi

Konkrete detaljar om kva vi har i vente har Creative Assembly vore forsiktige med, men nokre detaljar er likevel på plass. Utviklarane har ikkje berre planar om eitt spel, men har i staden henta litt inspirasjon frå Blizzards Starcraft-trilogi, og vil lage heile tre sjølvstendige spel, samt ein del tilleggsinnhald.

Om vi ser bort frå sinte orkar, dvergar og andre magiske og fantastiske beist, ser det ut til at Total War: Warhammer blir eit ganske tradisjonelt Total War-spel. Vi får kampar i sanntid, og ein turbasert kampanje der ulike fraksjonar kjempar mot kvarandre. Creative Assembly lovar hundrevis av timar med speletid.

Vi har ikkje fått skjermbilete eller gameplay-videoar å studere heilt enno, men ein flunkande ny og ganske så svulstig kunngjeringstrailer gjer sitt for å setje oss i den rette Warhammer-stemninga. Den kan du sjå nedanfor.

Creative Assembly er ein travel gjeng, og i februar lanserte dei Total War: Attila. Dei jobbar samtidig med eit mikrotransaksjonsbasert Total War-spel, samt eit MOBA-inspirert spel i same serie.

Siste fra forsiden