Utsetjing for Batman: Arkham Origins

PC- og Wii U-versjonane til actionspelet får ny dato.

Ei knapp veke før Batman: Arkham Origins – det tredje spelet i den populære serien og den kappekledde helten – blir lansert, har Warner Bros. kunngjort at at Windows- og Wii U-versjonane blir utsett i Europa. Dette fortel Eurogamer i dag.

Utsetjinga gjeld berre i ei veke, og dei to versjonane vil i staden kome i sal 8. november. Kva som er grunnen til utsetjinga er ikkje klart. Ved sidan av Arkham Origins, har har 3DS-versjonen av det sideskrollande actionspelet Arkham Origins: Blackgate òg blitt utsett til 8. november. Vita-versjonen vil derimot kome i sal 25. oktober.

Tilbake i tid

Bruce Wayne/Batman møter mange tvilsame personar i Arkham Origins.

I Batman: Arkham Origins spolar utviklarane tida tilbake til då Batman var ein yngre helt som ikkje hadde rukke å skaffe alle fiendane han har møtt i dei føreståande spela. I løpet av historia vil Batman møte heile åtte skurkar, deriblant Jokeren.

I motsetning til dei tidlegare spela i serien blir ikkje Arkham Origins utvikla av Rocksteady, i staden er det WB Games Montreal som står ved roret denne gong. Arkham Origins: Blackgate blir utvikla av Retro Studios-veteranane i Armature Studios. Dei har tidlegare gjort solid suksess med Metroid Prime-trilogien.

Medan du ventar på Batman: Arkham Origins kan du ta ein kikk på vår sniktitt, der Marius meinte at spelet har eit stort potensiale:

«Til tross for mykje nytt framstår Arkham Origins som ei forlenging av Arkham City. For at spelet skal få meg til å ta på meg ei kappe og springe gatelangs om natta, må spelet levere skikkeleg gode historier knytta opp mot Batmans møte med dei ulike skurkane. Om Warner Bros. klarar å byggje på dei rike bakgrunnshistoriene som allereie eksisterar i dette universet kan Arkham Origins fort bli ein av årets største titlar.»

Les også: Anmeldelse: Batman: Arkham City: Armoured Edition
Les også: Sniktitt: Infinite Crisis

Siste fra forsiden