Sniktitt

Overwatch 2

Verkar meir som ei oppdatering enn eit nytt spel

Men nokre små, målretta grep har gitt Overwatch nytt liv.

Activision Blizzard

Overwatch 2 er i ein litt merkeleg posisjon. Skepsisen har vore stor blant fansen etter fleire utsetjingar, og avgangen til speldirektør Jeff Kaplan og alt bråket rundt arbeidsmiljøet ved Activision Blizzard har neppe vore til hjelp.

Denne veka fekk me ein forsmak på om utviklaren faktisk har klart å kome seg gjennom alt dette. Og ja, det verkar det som.

Eg har leika meg i Overwatch 2 i rundt ti timar no, og er positivt overraska over opplevinga så langt. Sjølv om det ikkje akkuratt er snakk om nokon revolusjon.

Møljeslagsmål

Samarbeidsmodusen blir den største delen av Overwatch 2. Denne har me førebels ikkje fått teste, for det er spelar-mot-spelar-kampane som er først ut.

Alle som eig det første spelet får ei gratis oppgradering til fleirspelaren i det nye.

NY MODUS: «Push» er eit forsøk på å gjere det kjekkare å spele på punktet. I modusen skal du leie ein stor robot inn mot fienden sin base. Her har dei framleis ikkje heilt knekt koden.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Førsteinntrykket er at den vanlege fleirspelaren er svært lik som forgjengaren. Både det visuelle og det spelmekaniske er stort sett det same, sjølv om ein del har skjedd under panseret.

I praksis er det meir ei oppdatering enn eit nytt spel.

Den største endringa i Overwatch 2 er reduksjonen i lagstorleiken frå seks til fem spelarar. No får kvart lag berre éin tank-spelar. Figurane er i utgangspunktet laga for seks-mot-seks, og har ikkje blitt endra, men overgangen verkar heilt naturleg.

Eit tolv personar stort møljeslagsmål er på ein måte ein del av identiteten til Overwatch. Men eg saknar det ikkje. Det handlar nok ein del om at reduksjonen til fem spelarar ikkje byr på noko kjempeovergang. Me snakkar heller om ei justering.

Balansekunst

Det er langt færre irritasjonsmoment enn før. Du møter ikkje ein vegg av skjold i motstandarlaget no som den eine tanken er vekke, og fleire ferdigheiter som stoppar deg heilt med «stuns», er fjerna. Blant anna har heltane McCree (no Cassidy), Mei og Brigitte mista noko av moglegheita til å hindre fiendar på dette viset.

Slikt likar me.

Les også
Overwatch 2 skal ut i lukket betatest – spillere kan registrere seg nå

Orisa og Bastion har fått ei komplett overhaling, og er i praksis heilt nye figurar. Utviklarane har òg introdusert den nye skadefiguren Sojourn.

Men Overwatch har eigentleg ikkje behov for så mykje meir innhald, meiner eg. Det er ein grunn til at folk framleis speler Counter-Strike. Du treng ikkje 100 ulike figurar for å engasjere spelarane dine, så lenge kampmekanismane er morosame og givande.

Spelet har heller hatt behov for balansering, og no tar utviklarane eit langt steg på den rette vegen.

BORTE VEKK: Medaljesystemet frå det første spelet er erstatta med ei resultatliste som i mange andre skytespel. Det blir det nok delte meiningar om.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Blizzard har lenge stått i ein dragkamp mellom behova til dei «vanlege» spelarane og proffane, for Overwatch på proffnivå er i praksis eit heilt anna spel enn det Overwatch er i Gold og lågare. Slik kan enkelte figurar fullstendig øydeleggje spelet på eitt nivå, og vere ubrukeleg på eit anna.

Widowmaker i hendene til ein Grand Master-spelar er på nokre kart eit av spelet sine beste heltar. I hendene til ein Gold-spelar er ho derimot stort sett ubrukeleg.

Det er litt tidleg å konkludere om utviklarane har treft betre denne gongen, men overgangen til fem-mot-fem har i alle fall gjort spelet langt meir oversiktleg. Healer-figurane har mindre å konsentrere seg om. Skadefigurane får meir fred frå tank-rolla, for tank-figurten kan i mindre grad forlate laget sitt. Og tank-figuren gjer både meir skade og toler meir, som igjen gjer det til ei meir interessant rolle.

Spanande

På lista over nye element finn me spelmodusen «Push» og ei handfull ferske kart, men elles er opplevinga nett som du kjenner ho.

Eg saknar wow-kjensla frå då spelet kom i 2016, men så hadde eg heller ikkje forventa det i ein direkte oppfølgjar. Dei skal ikkje finne opp hjulet på nytt. Utviklaren vil heller pusse på det som allereie er der.

NYE ROLLER: Kuttet av den sjette spelaren utgjer eit friskt pust for Overwatch. No verkar det som kvar rolle har litt meir meining.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dei som framleis er glade i Overwatch har mykje å sjå fram til i den vanlege fleirspelaren. Eg tviler likevel på at spelet kjem til å trekkje til seg så veldig mange ferske fjes basert på fleirspelaren, så det blir spanande å sjå kva Activision Blizzard får til med samarbeidsmodusen.

Overwatch har dei beste rollefigurane av noko spel i denne klassen, og det skal bli kjekt å kunne dykke ned i historiene deira på skikkeleg vis. Me er mange som lengtar etter å kunne oppleve forteljingane som berre har kome i video- og teikneserieform så langt.

Både Mikkjell Lønning og Espen Jansen har fått boltre seg i Overwatch 2 denne veka. Under ser du Espen sitt førsteinntrykk:

Overwatch var mitt absolutte favorittspill fra 2016, og jeg husker med glede hvordan jeg og vennegjengen brukte flere hundre timer i skoene til Mercy, Zarya og Junkrat. Det skulle gå flere år før jeg omsider så meg lei av Blizzards skytespill, og da var mest fordi jeg begynte å spille uhorvelig mye Apex Legends i stedet.

Derfor er det en øyeblikkelig nostalgi som slår meg idet jeg starter betaen til Overwatch 2 – spillet fremstår som omtrent nøyaktig slik jeg husker det, om enn med et par nevneverdige unntak. Dette betyr at det stadig er gøy å leke bajas på payload-en og plaffe hverandre ned i «deathmatch» – heltene er fargerike, lettspilte og fulle av personlighet – men samtidig er det heller ikke enormt mye nytt som kan komme til å friste meg tilbake.

Dette vil utvilsomt bli en vanskelig balansegang for utviklerne å finne ut av: Ja, det er engasjerende og fartsfylt å spille Overwatch 2 også, men det spørs om ikke appellen og «stayer»-evnen har tapt seg en del på de siste seks årene.

Siste fra forsiden