AMD RYZEN / Radeon RX6000

AMD tar opp kampen mot Nvidia og Intel med nye skjermkort og prosessorar

Produsenten viste fram nokre små hint av komande produkt.

(Bilete av førre generasjon Radeon-kort)
AMD

Det er berre ei knapp veke sidan Nvidia avduka den nye serien sin med gamingskjermkort. Me har ikkje fått konkrete ytingstal enno, men prisnivået og Nvidias påstand om at dette er det største generasjonshoppet nokosinne har gjort at mange er spente på kva som kjem.

No er det snart AMD sin tur.

Dei nye skjermkorta til AMD er basert på RDNA2-arkitekturen, og blir lansert under namnet Radeon RX 6000. Dette er skjermkorta som har gått under kallenamnet «Big Navi».

Produsenten har ingen detaljar å kome med om skjermkorta annan enn å seie at det kjem meir info 28. oktober.

Nye gamingprosessorar

AMD kom òg med datoen til den nye prosessorgenerasjonen deira, som kjem på Zen3-arkitekturen. Ifølgje rykte vil serien heite Ryzen 4000. Det er allereie ein variant ute for berbare maskinar, men dette er altså den stasjonære versjonen. Eit anna rykte seier riktig nok at dei komande prosessorane moglegvis vil gå under namnet Ryzen 5000 for å unngå forvirring.

Prosessorane får me meir informasjon om 8. oktober.

Dei siste åra har AMD imponert med fleirkjerneytinga si, og Intel har slite med å konkurrere på pris når det kjem til produktivitet. Intel er framleis eit lite hakk kvassare i ein del spel, så det blir spanande å sjå kva AMD kan diske opp med.

Ryktestraumen er allereie godt i gang, og det siste me har høyrt er at 7-serien blant Zen3-prosessorane vil få heile 10 kjernar, mot 8 i dagens generasjon.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

Siste fra forsiden