AMD-funksjon kan få deg utestengt frå CS2

Valve åtvarar dei med siste generasjon av AMD-skjermkort.

Valve

Valve skriv på Twitter at ein ny driver for siste generasjon av AMD-skjermkort kan gi deg VAC-ban.

AMD har implementert ein funksjon til Counter-Strike 2 for å redusere forseinking, AntiLag+, som visstnok tullar med eit kodebibliotek i spelet.

Det melder VideoCardz.

Valve åtvarar mot å skru på funksjonen.

- Når AMD kjem ut med ei oppdatering, kan me jobbe med å finne ut kven som er ramma av feilen og reversere utestenginga deira, skriv Valve.

AntiLag+ skal i utgangspunktet fungere på same måte som Nvidia Reflex, som allereie har støtte i spelet.

Det er uklart om feilen gjeld andre spel som brukar VAC. AMD har førebels ikkje kommentert saka.

Siste fra forsiden