ANMELDELSE: Call of Duty: WWII
(Bilde: Activision)

– Call of Duty: WWII set streken for eit forhold som for meg har vart i ti år

No er det slutt.

Eg har så langt kjøpt kvart einaste Call of Duty-spel etter 2008 på sleppdato. Det bør vel gi eit vink om at eg har eit nær band til serien. Sjølv om spela frå dei siste seks åra har vore av noko varierande kvalitet, har eg framleis hatt det moro med dei. Det har alltid vore kjekt å hoppe inn i fleirspelaren og slå i hel nokre timar med ein ny setting, men for kvart år framover har eg brukt mindre og mindre tid på dei nye spela.

Call of Duty: WWII blei reklamert som ein retur til seriens røter. Med tanke på epoken spelet er sett til, og dei ulike stadane som kampane tar plass er vel det teknisk sett sant. Men det mest interessante spørsmålet er sjølvsagt om utviklar Sledgehammer Games har klart å kome opp på kvalitetsnivået til dei gode gamle spela, dei som blei sjangerdefinerande klassikarar, eller om dei har bomma der.

For å kome med eit lite hint; å sette det nyaste spelet i serien opp mot til dømes fleirspelaren i Call of Duty 2 er litt som å samanlikne Tolkien-fanfiksjon frå ein åttandeklassing med Ringenes Herre.  

Forfriskande historiemodus

Det regnar kuler. Rundt deg, til alle kantar, ser du kameratane dine døy i ein eksplosjon av blod og kroppsdelar. Munningselden til maskingeværa blinkar som juletreljos frå bunkerane, og dei er alle retta mot deg. Du spring panisk frå dekkje til dekkje, ikkje i stand til å gjere noko anna enn å håpe at prosjektilane treff ein av medsoldatane dine i staden. Det er D-dagen. Dagen som skulle endre verda i all tid etter.

Ein gjengangar i Call of Duty.
Ein gjengangar i Call of Duty. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Opningsekvensen til historiemodusen i Call of Duty: WWII klarar faktisk å få fram den kjensla av håplausheit og rein skrekk som me gjerne ser for oss at soldatane den dagen opplevde. Nokre av dei spenstige filmsekvensane gir meg assosiasjonar til dei velregisserte spela frå Naughty Dog, og eg sit med eit forbausa uttrykk. Er dette verkeleg Call of Duty?

Men eg landar sjølvsagt fort på jorda. Spelet har nokre slike filmsekvensar i opninga av dei ulike oppdraga, men elles får me servert dei gode gamle – og trygge – sekvensane der ein slaktar ned fiendar i aust og vest.

Spelet byrjar med ein intuitiv opplæringssekvens på Normandie-stranda, der du spring frå bunker til bunker og skyt nazistar. Du får ei innføring i Call of Duty-seriens vanlege spelmekanismar, og ting er stort sett som før. Skytinga kjenst jamn og god, og både lyd og bilete er på plass. Sledgehammer Games har krydra opplevinga med nokre nye element òg, som til dømes eit system for å gjere lagkameratane dine litt meir nyttige. Medsoldatane dine kan gi deg ting i ny og ne, som førstehjelpsskrin og ammunisjon, eller dei kan hjelpe deg med å finne fiendar.

Dei tyske pansertoga var noko meir robuste enn Jærbanen heime hos meg.
Dei tyske pansertoga var noko meir robuste enn Jærbanen heime hos meg. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Me har faktisk ikkje sett førstehjelpsskrin i Call of Duty sidan 2003. Eg antar det blei gjort for å skape ein viss realisme, men eg syns ikkje det gjer noko særleg med vanskegraden. Sjølv om eg spelte heile kampanjen på «Veteran», den høgaste vanskegraden, merka eg aldri mangel på førstehjelp. Så lenge du drep fiendar genererer du fleire skrin hos lagkameratane dine, og det er alltid noko liggande på bakken. På eit vis er det litt keisamt at dei ikkje tok sjansen til å skru opp vanskegraden litt, men så lenge utviklaren ikkje gjer noko med kjernen i historiemodusen, altså å skyte ned folk for fote, trur eg ikkje dei ser noko poeng i det.

Det er gjort nokre forsøk på å variere oppdraga. Du kan køyre tanks, kjempe i fly, og snike deg rundt med lyddempar, men det er ingenting som er merkbart annleis enn tidlegare. 

Eg saknar kjensla av fare. Spesielt snikeoppdraga er langt meir keisame enn eg trudde, fordi dei manglar elementet av fare. Det som gjer at eg kjenner litt sommarfuglar i magen når eg rundar eit hjørne, og tar ein sein, metodisk framgangsmåte som i til dømes Metal Gear Solid V: The Phantom Pain. Der har eg insentiv til å halde meg skjult. Her har det ikkje så mykje å seie, for eg kan berre springe forbi fiendane og framleis overleve uansett.

Det som derimot er eit frisk pust, er figurgalleriet. Det verkar faktisk som utviklarane har forstått at menneske er meir komplekse enn torre knekkebrød. Spelet gjer ein grei jobb med å introdusere dei ulike folka me følgjer, og eg har heile tida ei interesse for kva som kjem til å skje vidare, til tross for at handlinga kan lesast som ei open bok. Det er ikkje akkurat store overraskingar som kjem.

Sabotasjeoppdrag med den franske motstandsrørsla.
Sabotasjeoppdrag med den franske motstandsrørsla. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Likevel har eg kost meg saman med meiningane Daniels, Zussman og Stiles. Reisa deira frå Normandie til Tyskland engasjerer fordi dei faktisk verkar menneskelege. Forteljinga følgjer ei oppskrift som minner mykje om den TV-serien Band of Brothers bruker, og plukkar segment frå ulike slag rundt i Frankrike. Tematisk er ikkje forteljinga det me ville venta, utan noko særleg fokus på moralske spørsmål rundt krig. Vekta ligg meir på sambandet mellom soldatane enn krigen sjølv. Det diskuterast litt om ein skal blindt følgje kommandolinja eller bryte med ordrar for å hjelpe andre, men det kjem aldri under overflata.

Dette er tross alt Call of Duty, og difor hadde eg ikkje venta all verda. Slik sett blei eg positivt overraska. Det er ikkje noko meisterverk, men det er ein av dei betre historiemodusane i serien, og kan utan tvil vere god underhaldning. Dei gongane der fokuset ligg på figurane og ikkje å slakte ned nazistar i aust og vest, er eg heilt med. Det er berre alt for lite av dette. Men det er definitivt ikkje forteljinga som er den viktigaste delen av Call of Duty-spela, den æra held fleirspelaren.

Ser ikkje mykje av røtene til serien her

Fleirspelaren er det eg kjem tilbake til Call of Duty for, kvart einaste år. Der er det alltid potensiale for å ha det moro, og det er det framleis – men ikkje like mykje. År inn og år ut sidan 2011 har det vore den same leksa. Utviklarane har rett og slett ikkje forstått kva som gjorde dei klassiske Call of Duty-spela så bra.

Det første som møter meg i fleirspelaren, er eit av spelets nyvinningar. Headquarters, eit sosialt hubområde, tar seg av ymse oppdrag og kontraktar, opning av loot-kassar (desse er førebels gratis), prestige-systemet, og lar deg øve på å bruke «killstreaks», samt kjempe i ein-mot-ein-kampar med andre spelarar. Dette tar litt av presset frå det allereie kompliserte menysystemet, sjølv om ting tar litt meir tid på dette viset. Ein har nemleg ein eigen lasteskjerm for å kome inn i hovudkvarteret, som gjerne tar ei stund. På same tid kan ein vere i hovudkvarteret mens ein søker etter kamp, i staden for å berre stirre på ei liste med namn i spellobbyen, noko eg syns er frykteleg keisamt.

Men ok, det er sjølve opplevinga de bryr dykk om, så la oss snakke om den. Grunnlaget er her framleis. Skytekjensla er som i historiemodusen god, og ikkje så veldig ulik det den var i tidlegare Call of Duty-spel frå dei siste åra (men langt unna pre-Black Ops perioden). Blant våpena er maskinpistolane morosame å bruke, og skarpskyttarriflene er vesentleg betre enn i Infinite Warfare, fjorårets innslag i serien. Problemet er berre at dei bleiknar i samanlikning med våpena i dei gamle Call of Duty-spela. Handtering av våpen der var langt meir tilfredstillande og givande, kontrollane meir responsive, og både utsjånad og lyd verka meir passande. Kar98K-rifla, eit av seriens mest ikoniske våpen, er stygg i forhold til før, dei utvaska fargane og dei latterlege kosmetiske endringane verkar fullstendig malplasserte. Den tjukke, skingrande skytelyden som gjorde våpenet så kjekt å bruke, er langt mindre prominent her. Me har framleis nokre våpen som kjenst tilfredstillande å bruke, men sjølv no får eg langt meir ut av ein runde på Carentan i Call of Duty 2 enn eg gjer i seriens nyaste innslag. 

Klassesystemet er som før, og me får nokre nye «killstreaks» å leike oss med, som er meir tilpassa spel rundt objektiv, i staden for berre drap. Fokuset ligg hovudsakleg på å løne dei som speler for å vinne, ikkje berre for k/d-forholdet. Det er positivt. 

Dette var førsteinntrykket mitt. I nokre timar koste eg meg med ein ny setting, og spelte «Domination», «Kill Confirmed», «Search and Destory», «Hardpoint» og ymse andre modusar, som me har sett før. Men etter kvart byrja eg å sjå fleire ting som ikkje heilt hang på greip. Det var openbert frå første augeblikk at opplevinga ikkje var i nærleiken av til dømes Modern Warfare-spela, men eg forventa aldri at spelet skulle bli like bra. Der er det det vesle ekstra som manglar, på mange forskjellege felt, alt frå våpen til kartdesign. 

Hovudkvarteret - når det ikkje er folketomt på grunn av servertrøbbel.
Hovudkvarteret - når det ikkje er folketomt på grunn av servertrøbbel. Bilde: Activision

Sjølv om eg med eitt såg at det ikkje levde opp til dei gamle storleikstidene, var det meir umiddelbare feil, som eg ikkje heilt forstår kvifor er der. Gong på gong blei eg frykteleg irritert av krasjing og den håplause nettkoden, som går ut over både nøyaktigheita på registrering av kuler, og gjer at eg konstant døyr etter at eg har runda eit hjørne på skjermen min. Det skal ikkje skje i Call of Duty. Sjølve essensen i spelet er skytinga, og viss den blir forstyrra av oppkoplinga, er mykje gjort for å øydeleggje grunnpilaren spelet kvilar på.

Likevel er det ikkje dette som irriterer meg mest. Sledgehammer Games har tatt nokre særs merkelege avgjerder med utforminga av spelet. Det største problemet er sjølvsagt mangel på modifikasjonsstøtte, som gjer at spelet aldri vil bli stort på PC – men det er lenge sidan me har fått noko slikt i Call of Duty, så det var vel for mykje å forvente. Den største blunderen deira kan til dels bli tilgitt, fordi me er innforstått med at Activision ikkje bryr seg om PC-spelarar lengre. Samstundes er dette dessverre langt frå det einaste store problemet med spelet. Punkt to på lista mi er at dei av ein eller anna grunn har fjerna Ground War-modusen, som var det aller kjekkaste eg visste i tidlegare spel utan modifikasjonar. Der fekk ein spele med opp til 12 mot 12 spelarar, som skapte ei kaotisk underhaldning utan like. Det slår meg som høgst besynderlig at denne modusen er fjerna, spesielt når dei har lagt inn to nye, som absolutt ingen har spurt om.

Dei to nye modusane, Gridiron og War, er ærleg talt noko du sannsynlegvis kjem til å spele to gongar, og aldri røre igjen. Gridiron er ein adaptasjon av fotballmodusen som alle spel skal ha no, og War er ein billig, ubalansert og malplassert kopi av Operations frå Battlefield 1. Eg forstår at utviklaren tenkjer at dei små karta i Call of Duty: WWII er ueigna for Ground War, men der tar dei rett og slett feil. PC-spela med dedikert serversystem har kampar med 50 spelarar på kart som er langt mindre enn desse; til dømes Killhouse i Modern Warfare, som er sinnsjukt moro. Eg ser ingen grunn til at det ikkje skal fungere i Call of Duty: WWII òg.

Ein av fleire funksjonar i spelet som enno ikkje er ferdigutvikla, saman med til dømes maling av våpen.
Ein av fleire funksjonar i spelet som enno ikkje er ferdigutvikla, saman med til dømes maling av våpen. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Av ein eller annan grunn har dei heller ikkje tatt med ein modus for konkurransespeling enno. Det skal kome først i desember, og då er eg stygt redd for at PC-versjonen av spelet kjem til å vere fullstendig død. Spec Ops er òg tatt fullstendig ut av spelet, som gjer zombie-modusen til det einaste samarbeidsinnhaldet i Call of Duty: WWII.

Mangelen på innhald finn ein igjen i andre delar av fleirspelaren òg. Fleire stadar på menyen og i hovudkvarteret står det at delar av funksjonar ikkje er implementert enno, men skal kome seinare. Det er totalt sett så mykje som manglar at eg tar meg i å spørje meg sjølv om dette er eit Early Access-spel. Det nye som faktisk har kome inn, har gått på kostnad av dei delane i spelet som fungerte, og slett ikkje burde vore fjerna.

Det er plenty av grep utviklaren kunne tatt for å gjere spelet betre, men her har dei tatt ein fullstendig feil retning. Til dømes har spelserien blitt meir og meir restriktiv med opplåsing av våpen og ulike ferdigheiter sidan Call of Duty: United Offensive. Det er tøvete at ein skal måtte kaste vekk tid på elendige våpen berre for å bruke det ein verkeleg vil ha. Eit nytt system for dette hadde ikkje vore vanskeleg å implementere, og kunne hausta nokre nikk frå miljøet. Dessverre er det lite å rope hurra for av dei nyvinningane spelet kjem med i fleirspelaren. Situasjonen er òg relativt lik i den siste delen av spelet, zombiemodusen.

Bortkasta talent

Eit gjensyn med andre verdskrig i Call of Duty betyr sjølvsagt eit nytt innslag av nazistzombiar. Dei er langt meir skremmande denne gongen, noko både figurmodellane og animasjonane gir eit hint om. Den første gongen du drep ein zombie med spade vil nok få deg til å smile bredt, for ein slik brutalitet har du neppe sett i Call of Duty før.

Fleshpound-monsteret frå Killing Floor er på plass.
Fleshpound-monsteret frå Killing Floor er på plass. Bilde: Activision

Det er laga eit eige nivåsystem for zombiemodusen på same måte som i fleirspelaren, med klassar, «boosts», våpen og ulike kosmetiske endringar du kan låse opp ved å spele kampanjen, og opne nokre lootkassar. Kassane gir berre nokre meiningslause kosmetiske endringar og XP-boost i fleirspelaren, men har litt meir nytte for seg her.

Sledgehammer har henta inn nokre store namn til å fronte den første zombiekampanjen. Katheryn Winnick (Vikings), David Tennant (Doctor Who), Elodie Yung (The Defenders) og Ving Rhames (Pulp Fiction) har lånt stemmane sine til figurane du speler som, men talenta verkar noko bortkasta. Dei seier knapt meir enn nokre setningar kvar, og «forteljinga» er strengt tatt ikkje meir enn to korte filmsekvensar.

Doctor Who på nye eventyr (dog ein smule meir morbide denne gongen).
Doctor Who på nye eventyr (dog ein smule meir morbide denne gongen). Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Anna enn dette er det ikkje så mykje som er annleis frå før. Utviklaren har klipp ut og limt inn litt frå Killing Floor, men elles er det den same gamle opplevinga med ny innpakking. Førebels er det berre eitt kart, som gjer at modusen fort blir keisam. Eg køyrte totalt to rundar, ein der eg kom til nivå 20, og ein til nivå 30. Rundt halvvegs ute i runde to, i min andre time med zombiemodusen, var eg dørgande lei. Me hadde det kjekt med å knekke gåtene for å lage våpen og korleis ein fekk tilkalla sjefsmonsteret, men å springe omtrent hundre rundar rundt det same kartet, med dei same zombie-nepene etter oss, blei fort gamalt. Den einaste meiningsfulle endringa i spelmekanismane i høgare nivå er at ein treng fleire og fleire skot for å drepe zombiane, ikkje noko anna. Dette er ikkje nytt for zombie-modusen slik sett, men ein er altså avhengig av sesongpasset for å halde liv i moroa med mindre ein er langt over gjennomsnittet glad i modusen.

Konklusjon

Eg er ikkje i tvil om at dei som er glad i serien vil finne noko å bruke tida si på her. Underteikna har brukt rundt tjue timar på fleirspelaren no, og har berre hatt det keisamt i dei siste fem. Riktig nok har eg spelt med vener heile tida, så moglegvis ville det vore verre aleine, men det er definitivt noko å hente her. Det er vel litt det som er greia med Call of Duty. Fans av serien kjem tilbake kvart år, stort sett uansett kva. Eg har òg vore ein av dei, men no er det slutt. Call of Duty: WWII set streken for eit forhold som for meg har vart i ti år.  

Historiemodusen er eit lite steg fram for serien sjølv om den historiske autentisiteten ikkje akkurat er på topp, men det er ikkje historisk presisjon me speler Call of Duty for. Dei som ikkje bryr seg om fleirspelaren vil altså antakeleg finne eit solid tidsfordriv i dette spelet.

Men for dei av oss som brukar mesteparten av tida vår på fleirspelaren, er det openberre problem utviklaren må takle. Prioritering av innhald i fleirspelaren har tatt ein fullstendig feil retning, som øydeleggjar for eit spel som kunne vore knallbra. PC-spelarane har trekt det kortaste strået denne gongen, og det verkar meir og meir sannsynleg at Call of Duty-serien aldri igjen vil bli det den var på PC.

Call of Duty: WWII vidarefører ein tilsynelatande endelaus nedgåande spiral for serien, som gjer meg særs pessimistisk for framtida til milliardproduksjonen, spesielt etter korleis det gjekk med Call of Duty: Modern Warfare Remastered i fjor. Den årlege resirkuleringa kjem med lite nytt, kuttar ned på det som gjorde dei beste spela så gode, og ber klare preg av å ha blitt slept for tidleg. Det er ærleg talt eit vesentleg betre val å kjøpe eit av dei andre Call of Duty-spela sett til andre verdskrig om ein ikkje har prøvd serien før.  

Call of Duty: WWII er i sal for PC (testa), PlayStation 4 og Xbox One.

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

Vurdering


Windows
Nokså dårlig
"Merkelege avgjerder frå utviklaren øydeleggjer for mykje av underhaldninga. "

Call of Duty: WWII Windows

Call of Duty WWII XOne

Call of Duty WWII PS4

Call of Duty: WWII Windows Windows 4/10 PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 3. november 2017
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Activision
  • Utvikler: Sledgehammer Games

Beste priser

Nedlasting 306,-
På lager 348,-
Forventet lagerdato 388,-
På lager 399,-

Call of Duty WWII XOne XOne PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 3. november 2017
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: Activision
  • Utvikler: Sledgehammer Games

Beste priser

På lager 448,-
Forventet lagerdato 448,-
På lager 498,-
På lager 519,-

Call of Duty WWII PS4 PS4 Windows XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 3. november 2017
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Activision
  • Utvikler: Sledgehammer Games

Beste priser

På lager 449,-
På lager 466,-
Ikke på lager 498,-
På lager 499,-

Kommentarer (65)

Forsiden akkurat nå

Til toppen