ANMELDELSE: Ken Follett's The Pillars of the Earth - Part 1: From the Ashes
(Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

Keisame spelmekanikkar øydelegg for ei knakande god forteljing

Ein haltande, men interessant start for romanadaptasjonen.

Den britiske forfattaren Ken Follett er ein av vår tids mest kjende skribentar. Han har skreve fleire titals bøker, og forteljingane hans har blitt adaptert til ymse TV-seriar. No har han visst entra spelverda òg (mannen sjølv er faktisk med som stemmeskodespelar), og det med ein relativt lovande start.

Ken Follett’s The Pillars of the Earth er basert på 1989-boka med same namn. Forteljinga tar oss med til England på 1100-talet, i starten av ein lang borgarkrig. Store tema som vald, fattigdom, makt, religion og krig er sentrale for handlinga, og blir skildra på eit meisterleg vis. Med ein autentisk framstilling av middelalderen som bakteppe, er scenen sett for politiske intriger og maktkamp blant både herskarar og undersåttar. Spelet tar bruk av eit rikt rollegalleri, men fokuserer mest på guten Jack, og munken Philip of Gwynedd. Mens den fattige, fredlause Jack gir eit innblikk i korleis maktkamp og krig frå eliten speler inn på vanleg folk, gir munken oss eit bilete av kva som skjer på toppen av samfunnet.

Tar deg med på ei reise inn i middelalderen

Du sit rundt ein bålplass i skogen med familien din. Den gravide kona, den vesle jenta og tenåringssonen hutrar seg saman i det kalde snøvêret. Nok ei natt utan tak over hovudet, utan mat. Først når de kjem til Shining kan du prøve å finne deg ein jobb, forsørgje for familien din. Dei einaste eigendelane dykkar er ei metallpotte, kleda på kroppen dykkar, og eit steinhoggar-verktøy. Det er harde tider, harde bod.

Kingsbridge er basert på den engelske byen Salisbury. 
Kingsbridge er basert på den engelske byen Salisbury.  Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

På same tid kjem ein munk til den fiktive landsbyen Kingsbridge, som er prega av fattigdom og fråflytting. Den tilreisande munken Philip of Gwynedd møter ein katedral i forfall, der prioren nett har vandra ut på ei elv, og drukna. Det er generelt sett mykje elendigheit. Kommentarane frå dei andre munkane set fort tonen for spelet, for dette er sjølvsagt djevelens verk. Du ser nemleg kjapt at det er autentisitet som har fokus i forteljinga, og må tilpasse vala dine til tida. I samtale med dei du møter, er det ikkje så dumt å kome med eit bibelvers eller to, eller ein og anna trussel om dommedag og helvete.

Etter kvart må du hjelpe Philip med å ta nokre vanskelege val. Skal du halde deg lojal mot kyrkja, eller vil du vere opportunist, og ta dei moglegheitene som kjem for avansement, uansett konsekvensar? Eg syns det var interessant å vege prioriteringane hans opp mot det eg kjenner frå historia. Kyrkja på den tida var ikkje akkurat noko samling med helgenar, men så var neppe andre delar av makteliten det heller. Det er definitivt ikkje lett å velje kven ein vil ha som allierte her. 

Det var særs harde bod på 1100-talet. 
Det var særs harde bod på 1100-talet.  Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Forteljinga legg seg relativt tett opp mot boka, men er krydra med nokre nye vendingar, og til tider interessante val. Det er ikkje fullt like mykje brutalitet som i kjeldematerialet, men me får ei spanande forteljing, vist med flotte illustrasjonar. Det visuelle utrykket er noko av det vakraste eg har sett i spel, milevis framfor alt Telltale Games har gjort med sin utdaterte grafikkmotor. Teksturkvaliteten er ikkje heilt den store her heller, men The Pillars of the Earth er omtrent som eit interaktivt maleri. Ein må berre sette på pause i ny og ne for å ta inn dei flotte omgivnadane. Musikken er òg heilt som den skal vere, og akkompagnerer dei vakre bileta. Når eg høyrer sekkepipene i bakgrunnen på den travle middelaldermarknaden, der fattigfolk, kjøpmenn, arbeidarar og riddarar tuslar om ein annan, kan eg verkeleg sjå for meg korleis det ville vore på den tida.  

Dessverre er ikkje alt like rosenraudt. Dette er tross alt eit spel, og då er ein avhengig av at spelmekanikkane fungerer, at dei byr på ei givande oppleving. Det er ikkje alltid tilfellet her.

Keisam problemløysing

Spelet er delt opp i klare delar, der nokre tar for seg formidling av forteljinga og rein eksposisjon, mens dei andre går på problemløysing. «Puslespela» er stort sett keisame. Dei går eine og aleine ut på å leite seg fram til ein liten ting som ligg ute på kartet, der du må gå fram og tilbake på den same staden fleire gongar. Det blir ein veldig fort lei av, spesielt då ein ikkje får nokon form for meistringskjensle av å fullføre dei.

Ta ein sekvens frå byrjinga av spelet som døme. Jack og familien er på ein marknad i ei borg, og Jack må hjelpe ein annan figur med å finne seg jobb. Du hjelper til ved å identifisere svakheiter i borga som treng reparasjon, og fortel om dette til den andre figuren. Problemet er at du berre kan gjere dette etter å ha funne ei spesiell dialoglinje med ein enkelt karakter. Innan eg hadde brukt nesten tjue minuttar på å finne kven eg skulle snakke med, hadde eg allereie sett alle svakheitene – men eg kunne ikkje seie noko om dei, fordi eg ikkje hadde «aktivert» den delen av oppdraget. Slike ting fort bli irriterande i eit spel som ikkje strekker seg over meir enn fem-seks timar.

Spelet har eit fantastisk kunstuttrykk.
Spelet har eit fantastisk kunstuttrykk. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Spelmekanikkane er openbert inspirerte av Telltale Games sine spel. The Pillars of the Earth har nokre få triks oppi ermet, men i nesten alle delar av spelet der du må involvere deg anna enn i dialogane, er det rett og slett keisamt. Det er heldigvis ikkje så ofte ein må løyse slike oppgåver, så eg kan til dels ignorere det (det går kanskje førti-femti minutt på dette). Likevel er eg stygt redd for at eg aldri ville ha kome forbi det andre av dei sju kapitla viss eg ikkje måtte skrive ein omtale av spelet, og såleis måtte spele gjennom nokre gongar. Tviler sterkt på at eg hadde gjort ferdig meir enn prologen då. 

Redninga til The Pillars of the Earth er kombinasjonen av forteljinga, det audiovisuelle, og det levande figurgalleriet. Både den sjarmerande guten Jack, og den usikre munken Philip, er så kjekke å vere med at eg fort gløymer vekk noko av tida eg har kasta vekk på gåteløysing. 

Ein dyster gjeng.
Ein dyster gjeng. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg trur verkeleg på desse karakterane. Det er lett å kjenne seg igjen i korleis dei opptrer. Handlingane deira verkar genuine, og eg skjønar motivasjonen bak det dei gjer. Ken Folletts evne til å spegle konfliktar på makronivå hos enkeltmenneske er framifrå, og det er fascinerande å sjå korleis krig påverkar ulike lag i samfunnet, ein kontrast ein ser spesielt godt hos rollefigurane. 

Konklusjon

Eg kjenner at eg er veldig spent på kva som skjer i neste episode, sjølv om eg las boka for nokre år sidan. Ærleg talt syns eg forteljinga her er betre enn i boka, på bakgrunn av spelarens valmoglegheiter, og nokre små vendingar her og der. Det er mange element med Ken Follet's The Pillars of the Earth - Part 1: From the Ashes som er heilt glimrande. Det er òg nokre element som har store svakheiter. Den noko treige starten vil antakeleg føre til at mange legg frå seg spelet før det byrjar å bli bra, spesielt med tanke på dei keisame spelmekanikkane. Det verkar som bortkasta tid, som burde vore brukt på å fremme forteljinga. 

Det er på tide at utviklarar forstår at ikkje alle peik-og-klikk-spel treng gåter og puslespel for å halde interessa til spelaren. Eg meiner likevel det er verdt å kome seg gjennom for forteljinga sin del, som held høg kvalitet gjennom heile opplevinga. Første bok verkar litt som ei oppvarming for meg. Forteljinga blir særs interessant i siste del av spelet, og legg opp til ein heidundrande sesong to. Det er mykje å hente her, men berre viss ein klarar å ignorere gåteløysinga, som strengt tatt tar opp ein god del av tida di gjennom episoden. 

Ken Follett’s The Pillars of the Earth - Part 1: From the Ashes er ute på PC (testa), Xbox One og PlayStation 4.

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

Vurdering


"Dårlege puslespel legg ein dempar på ei autentisk, spanande forteljing,"

Ken Follet's The Pillars of the Earth - Part 1: From The Ashes Windows

Ken Follet's The Pillars of the Earth - Part 1: From The Ashes PS4

Ken Follet's The Pillars of the Earth - Part 1: From The Ashes XOne

Ken Follet's The Pillars of the Earth - Part 1: From The Ashes Windows Windows 6/10 XOne PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 15. august 2017
  • Plattform: Windows
  • Utvikler: Daedalic Entertainment

Ken Follet's The Pillars of the Earth - Part 1: From The Ashes PS4 PS4 Windows XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 15. august 2017
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utvikler: Daedalic Entertainment

Ken Follet's The Pillars of the Earth - Part 1: From The Ashes XOne XOne Windows PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 15. august 2017
  • Plattform: Xbox One
  • Utvikler: Daedalic Entertainment

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen