Anmeldelse

Assassin's Creed

Karlsson på taket har ein tøff storebror som Astrid Lindgren har gløymt å fortelje oss om.

Eg veit du har sett alle dei snasne blå lysa, og dei litt elektroniske og science fiction-aktige overtonane som har prega nokre av videoane og bileta du har sett frå Assassin's Creed. Eg veit òg at du etter alt å døme er litt forvirra over korleis noko slikt kan passe inn i eit spel godt planta i det gamle Midtausten.

Akrobatikk, sniking og drap

Vis større

Trailer: Assassin's Creed #2

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • pc
  • playstation 3
  • Assassin's Creed


Moglegvis har du ein teori om at spelet har blitt eit slags framtidsretta tullespel der ein eller ann jypling frå framtida blir sendt tilbake til fortida for å vere tøff, sidan ingen eigentleg var tøffe på den tida. Fortvil ikkje, du skal få halde fram med å lure, for om det er ein ting eg ikkje har tenkt å seie noko om når det gjeld Assassin's Creed, er det historia.

Dei overflatiske fakta er likevel enkle. Du er ein leigemordar. Du veit, ein slik livsglad hippie som drep folk for pengar. Vaskehjelp har dei vel blitt kalla i ein del utanlandske filmar. Det er likevel ein viss forskjell på leigemordarane i Assassin's Creed, og dei du finn i til dømes filmar som Collateral. I Assassin's Creed er leigemordarane stein tøffe, og dei er ikkje så feige at dei må gøyme seg bak eit vindauge i eit hus på andre sida av gata i forhold til kvar offeret sit og drikk kaffien sin.

Å nei du. Her hoppar du ned frå hustaket og sender ein kniv rett inn i strupa på offeret, gjerne samtidig med at byvakta går rett forbi. Eventuelt snik du deg opp bak han, godt fylgt av ei fordømt irriterande tiggarkone, før du kjapt slenger eit stikk inn i sida på den uheldige, og spaserar vidare som om ingenting har skjedd.

Gretne gamle gubbar

Det er ikkje alltid ting går fullt så enkelt, og diverre skjer dette stort sett når du skal ta av dage det eigentlege målet ditt. Det er litt pussig, men desse offera har ikkje berre ein sjette sans, dei har sju, åtte, kanskje tretten. Dei ser deg før du i det heile tatt har fått tenkt på å plukke fram kniven din. Dei ropar «leigemordar!» før du i det heile visste om du hadde funne riktig person. For å gjere ting verre, er dei dyktige i kamp. Det spelar inga rolle om dei er gamle gubbar som har brukt heile livet på å studere innmaten i kraniet til lettare forstyrra personar. Å fekte kan dei, gjerne betre enn deg.

Men dette gjeld altså det endelege målet ditt. Offeret, feittflekken du må vaske vekk med Zalo, og det er eigentleg ikkje dei spelet dreiar seg om. Assassin's Creed handlar om å finne skiten. Det handlar om å gli usett inn i folkemassane, sanke informasjon, og kanskje redde nokre sivile personar frå valdelege vakter.

I Assassin's Creed er alt veldig enkelt. Du har mange svært givande eigenskapar, og desse blir utført på ein nesten banalt enkel måte, noko som eigentleg gjer det heile mykje meir underhaldande. I staden for å sløse bort tid og krefter på å prøve å gjere noko, så gjer du det, og nyt resultatet. Dette gjeld alt frå å springe langs hustaka til å lytte til private samtaler. Du trykker på ein knapp eller to, og Altaïr, som helten heiter, utfører det du måtte ynskje.

Ein meister i arbeid

Alle oppdrag er lagt opp på ein veldig lettfatteleg måte. Først kjem du til ein stor by. Deretter må du finne målet ditt. Det store spørsmålet er korleis ein skal gjere dette i ein by med nokre tusen innbyggjarar. Svaret er såre enkelt. Om du klatrar til toppen av nokre utkikkstårn kan du få litt oversikt over kva som skjer i nabolaget. Kanskje finn du nokon som ser ut til å sitte inne med informasjon relatert til person du jaktar på, og då er jakta i gong. Informasjonen kjem i tre enkle format. Enten finn du ein informant som fortel deg noko nyttig mot at du gjer noko for han, du kan overhøyre samtaler mellom folk som sit inne med kunnskap, eller du kan enkelt og greitt stele eit kart over vitale område.

Skal du til dømes gjere sistnemnde er det berre å snike seg usett bak vedkommande, inntil du er nær nok til å snappe opp det du måtte ha lyst på. Denne metoden er forresten i tillegg effektiv om du har kasta bort alle kasteknivane dine, og treng nye. Å lytte til samtaler er ikkje verre enn å setje seg ned på ein benk, velje personen du vil lytte til, for så å bruke øyra.

Ganske enkelt altså. Litt for enkelt eigentleg, for sjølv om byane er store, og utfordringane står etter tur, får ein etter kvart ei bitande kjensle av at du har gjort dette før. I seg sjølv fungerar det lettfattelege oppsettet superb, men satt i system, blir dei svært få tinga du kan gjere raskt gamle. Ikkje at du eigentleg har gjort det du gjer i Assassin's Creed før, men det tek ikkje mange timane med spelet for å innsjå at du gjer det same om att att og om att att.

Alarmen går, igjen

Avbrekka frå repetisjonen kjem for det meste i form av byvaktene som er veldig snare til å ta opp jakta. Om du viser uakseptert oppførsel frå ein sivil person, kan du banne på at dei fylgjer etter deg. Kva som er akseptert oppførsel er litt usikkert, men generelt sett bør du halde all springing til hustaka (sjansen er mindre for å bli sett då). Skal du ned blant folkemengda er det greitt å falde hendene og be litt medan du går.

Skulle det utenkjelege skje, og du hamnar i bråk midt blant publikum, er det heldigvis nokre temmeleg lekre måtar å ordne opp i dette på. Noko av det første er dei sivile personane eg nemnde litt ovanfor. Her og der vil du finne uskuldige personar bli harselert med av forskjellege soldatar. Om du «vaskar vekk» soldatane, vil desse uskuldege personane kunne bidra med litt offentleg stønad. Denne stønaden kjem i to former. Har du redda ein religiøs person, vil du kunne snike deg inn blant ei gruppe av desse. Ei gruppe prestar kjem seg inn overalt, og vaktene viker unna for dei, noko du kan utnytte ved å snike deg inn i område du elles blir nekta tilgang til.

Ved å redde andre sivile vil dei få venene sine til å hjelpe deg. Om du får vakta etter deg, og spring nedover gatene som ein vind på tomgang kan dette bli til stor hjelp, sidan dei nye venene dine vil springe ut i vegen for vaktene, og gjerne angripe dei i tillegg. Dette gir deg ein gyllen sjanse til å runde eit hjørne, og gøyme deg i ein høystakk eller liknande til kaoset har roa seg ned.

Ofte må du likevel ta i bruk våpna dine, og ikkje minst må du bruke dei for å befri dei sivile personane. Kampsystemet i Assassin's Creed er eigentleg noko av det beste med heile spelet. Det er ufyseleg enkelt, og skit eigentleg grundig i alt som heiter avanserte kombosystem, noko som er veldig befriande. Du kan angripe fienden ved å trykke gjentekne gongar på angrepsknappen, men dette er ein ganske fåfengt taktikk. Det er betre å innta forsvarsposisjonen. I denne stillinga treng du berre å angripe når du ser nokon angripe deg. Altaïr vil då utmanøvrere fienden i nokre kjappe og nydelege sekvensar. I enkle trekk handlar det om å kontre eit angrep, og du kan gjere dette både ved å stikke eit sverd i magen på fienden, eller ved å kaste dei unna for å få ei opning.

Ring 1881

Assassin's Creed er eit spel som handlar om å sanke informasjon, og i det minste prøve å ta livet av folk med list. Dette skaper ei veldig stor utfordring for tolmodet mitt. Skal eg kome meg frå ein stad av eit område i eit spel til eit anna, vil eg at det skal gå kjapt. Akkurat her motarbeidar Assassin's Creed meg ganske brutalt. Spesielt om du skal ri på hest. Om du ruslar rolig (sakte, sakte, sakte) forbi vaktene skjer ingenting, men dristar du deg til litt galopp (noko som er ubeskriveleg tøft, takka vere den råaste hesten du har sett i eit spel) er vaktene etter deg som mygg. Det var tydelegvis ikkje lov å ri før i tida. Du kan lett ri frå dei, men du vil konstant bli plaga av ein pipelyd som kan drive ein tibetansk munk til vanvidd.

Dette gjeld eigentleg i byen òg. Det skal ikkje mykje til for å gjere vaktene forbanna, og sjølv om spelet er veldig stemningsfullt er det ikkje moro å gå sakte over lengre tid. Det er direkte kjedeleg, og ein blir ganske lei, spesielt siden det strengt tatt ikkje er mykje variasjon å hente. Når det er temmeleg store område du skal traske gjennom blir det ikkje betre. Takk og lov for hustaka som for det meste let deg springe fritt.

All spasering i gjentagende omgivelser er likevel noko ein kan ta seg sjølv i å tilgi, når ein ser dei utruleg flotte byane. Spelet er eineståande vakkert, og i størst grad gjeld dette hovudpersonen sjølv, Altaïr. Rørslene hans er hinsides noko anna du har sett i eit spel, og spesielt gjeld dette klatringa. Han grip tak i det han kan gripe tak i, kroppen reagerar på kvar rørsle med realistisk fysikk, og det heile er generelt sett veldig overbevisande.

I tillegg har du den stemningsfulle musikken som verkeleg dreg deg inn i spelet. Du høyrer godt kvar du er i verda, og bruken av tradisjonelle instrument, blanda med elektroniske overtonar her og der er veldig vellukka. Noko som ikkje er fullt så vellukka er måten Ubisoft Montreal har valt å gi personane i byane stemmer. Tidvis er det perfekt, du høyrer stemmer som verkeleg høyrest autentiske ut med den rette aksenten. Illusjonen blir derimot broten ganske kjapt når den britiske dama som gir stemmer til nesten alle spel på jord ber deg om pengar. Det burde ikkje ha kosta Ubisoft mykje å gjennomføre skodespelet skikkeleg. Gjerne kunne dei ha slengt inn litt variasjon òg, slik at du ikkje høyrer dei same setningane om igjen kvar du enn går.

Konklusjon

Assassin's Creed er eit av årets mest interessante spel, men interessa varer ikkje evig. Det er interessant i den forstand at det faktisk gjer noko nytt. For ei stund blir du verkeleg overbevist om at du er ein heilt anna stad, i ein heilt anna person sine sko. Sakte men sikkert viser dessverre manglane seg. Det er ikkje mykje nytt å spore etter dei første timane, og du innser at du eigentleg ikkje har så mange val, og du gjer det same heile tida.

Det sluttar likevel aldri å underhalde. Det er ingen tvil om at det er heilt fantastisk å springe over hustaka, og at det å stikke nokon ned bakfrå på ein litt pervers måte gir deg ei ganske god kjensle. Eg skulle likevel gjerne ha sett meir. Om vi hadde hatt fleire måtar å sanke informasjon på, eller berre fleire folk å sanke informasjon frå, kunne det betydd mykje for spelet. Du vil finne mange gater i Assassin's Creed, med mange folk. Om Ubisoft hadde tenkt litt betre over kva dette kan bety for spelaren, kunne Assassin's Creed lett ha blitt eit sensasjonelt spel.

Merknad: Assassin's Creed er òg ute for PlayStation 3, men den versjonn har vi ikkje fått anledning til å vurdere. PC-versjonen sleppast i løpet av 1. kvartal 2008.

Siste fra forsiden