Anmeldelse

BloodRayne

Andre verdenskrig er eit populært tema for tida. Krig generelt ser ut til å vere i skotet i den interaktive verda. At BloodRayne utspelar seg i tida før andre verdenskrig burde vel ikkje kome som eit sjokk akkurat. Ein liten vri har i midlertid Majesco prestert å presse inn.

Side 1
Side 2
Side 3

Nazistane vil ta over verda med muterte monster (greit, det var kanskje ikkje så originalt), og heltinna er ei cyber-gothbabe henta rett ut av 21-århundre. Ho heiter BloodRayne, har rumpeballar av stål og former skapt av ein skulptør som verkeleg elskar arbeidet sitt (frå no av vil vi referere til ho som Rayne, og spelet generelt som BloodRayne). Det bør kanskje nemnast at Rayne er ein ekte halv-vampyr som brukar fritida si på å slakte dei med reinare blod enn seg sjølv. Kva meir kan ein ynskje, det er berre å la den lærkledde stumpen til Rayne leie deg gjennom nokre timar med mutantar, nazistar og vampyrar.

Sex, vald og blod
Om ein skal samanlikne BloodRayne med noko, må tåpelege actionfilmar med tørr dialog og skodespelarar utan levande vev i ansiktet vere det som kjem nærmast. Heile opplegget er så uoriginalt og patetisk at ein kan få nervøse rykningar av mindre. Dialogen frå den tyske sida er typisk liksom-tysk, dårleg uttalt, og med ein fullstendig mangel på innlevelse. På sett og vis fungerar det perfekt for eit spel som dette. Kor seriøst kan du eigentleg ta ein halv-vampyr som spring rundt i ei mykpornodrakt henta frå Bufé: The Vampire Layer, og skal redde verda frå stygge nazistar? Heile naziopplegget er også ganske oppbrukt, men kven bryr seg? Dette er action frå start til slutt, og det blir ikkje rom for mykje anna. Så, no som vi er ferdige med "disse teite konsept"-delen av omtala, skal vi kanskje gå over på det faktiske innhaldet (sånn bortsett frå tørre replikkar og atletiske damer som spring rundt i stilettsko)?

Det heile byrjar med ein introsekvens som demonstrerar litt av Raynes brutalitet, i dette tilfellet to tilsynelatande uskuldige personar, men som seinare viser seg å vere vampyrar. Rayne er jo så fantastisk snill at ho ikkje drikk blod fra andre enn dei som fortener å dø, ho er jo trass alt berre halvt vampyr, og litt humanitet har ho godt bevart. Vitne til dette er to kappekledde, forholdsvis okkulte personar. Tenk Nazgul utan hest og sverd, og du burde sjå dei for deg ganske bra. Dei snakkar litt om å bruke rødtoppen, før dei forsvinn inn i natta. For å vere sikre på at Rayne skal gjere som dei vil, lar dei ein blodraud amulett hengje igjen. Naturleg nok finn ho denne, og spelet er i gang. Det kan vere vanskeleg å finne samanhengen mellom sjølve spelet, og introsekvensen, for det første som skjer er at du spring rundt i ein del av Louisiana som minnar ganske mykje om slummen. Ein perverst kledd dame fortel deg korleis du skal springe på telefonledningar, og andre nyttig ting, som at fiendar kan bli spidda svært enkelt om du angrip dei bakfrå. Det er frå denne fraulein i strømpehaldarar og ei drakt som knapt nok rekk nedanfor navlen, du får informasjon om oppdraget ditt, i alle fall første del av eventyret ditt.

Heldigvis er ikkje første kapittel av denne rock'n roll nazi-historia representativt for resten av spelet. For dette må kanskje vere ein av dei kjedelegaste og langdryge "lær spelet og drep nokre teite monster medan du har det moro"-delane av eit spel eg har vore borti. Heldigvis er ikkje denne delen veldig lang, den berre verkar slik. I heile første del av spelet spring du rundt i eit sump-område med gråbrune hus og telefonstolpar. Variasjonen i omgivnadane er som variasjonen i TV-tilbodet ein dårleg onsdagskveld. Du spring rundt i noko som følest som eit langt og grusomt deja vu, berre for å drepe forvoksne edderkoppar og mutantbeist som ser ut som avviste designforslag for "The Flood" i Halo. Det er ikkje særleg utfordrande heller, før du møter sluttsjefen for dette kapittelet. Den er som alle sluttsjefar er, umogleg dei ti første gongane, før du brått finn den rette teknikken og tar den på rekordtid. Dette er også felles for resten av spelet. Ingen av banene er spesielt utfordrande. Problem får du først når du møter ein sluttboss, då er du i trøbbel.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden