Feature

Black Week

Butikkane svarar om prislureri, dei største rabattane og manglande konsollar og skjermkort

Gamer.no tar temperaturen i forkant av Black Week.

Montasje Gamer.no

Forbruksfesten Black Week veks for kvart år i Noreg. I løpet av dei siste åra har tilboda spreidd seg meir utover veka, og det er ikkje berre Black Friday det handlar om lenger. Dei aller gjævaste tilboda kjem kanskje på fredagen, men det meste varar heile veka.

Kalaset startar 22. november og varar heilt til Cyber Monday veka etterpå.

Gamer.no har tatt ein liten runde med dei ulike nettbutikkane for å høyre kva som er nytt, kvar dei store rabattane kjem, om korleis statusen er for leveransar av skjermkort og spelkonsollar og kva praksisar dei har rundt luretilbod.

Komplett, Netonnet, Power, Elkjøp og Proshop har svara oss. Cdon har ikkje gitt lyd frå seg.

Korleis blir balansen mellom tilbod i Black Week og Black Friday hos dykk?

Power: – Me køyrer full Black Week med dei same tilboda både på nett og i butikk. Det er viktig for oss at alle skal kunne få moglegheita til å gjere gode varp utan å måtte stå i kø i timevis. Me har masse varer på lager, men det vil nok løne seg å vere litt tidleg ute om ein skal sikre seg dei aller beste tilboda. Samstundes overvakar me marknaden heile tida, og det kan bety at me legg ut nye tilbod i løpet av veka, skriv Siri Røhr-Staff, kommunikasjonssjef i Power.

Elkjøp: – Me held framleis korta tett til brystet når det kjem til tilboda våre gjennom Black Week. Det me kan dele er at me har planlagd godt, og at kundane våre kan forvente ein sterkt kampanje som me gleder oss til å dele med kundane våre, skriv Madeleine Schøyen Bergly, kommunikasjonssjef i Elkjøp.

HOPPAR OVER: Kristina Wärmare fortel at det ikkje blir spesifikke Black Friday-kampanjar hos NetOnNet. Det hadde dei heller ikkje i fjor.
Peter Andersson, Mimbild

Netonnet: – Me satsar på Black Friday nett som me satsar kvar dag resten av året, og tilbyr difor låge prisar kvar dag heile året rundt – på Black Friday og alle andre dagar. Kundane kan stole på at dei alltid finn bra prisar hos oss, skriv Kristina Wärmare, kommunikasjonssjef i Netonnet.

Komplett: – Komplett kjem med svært, svært gode tilbod gjennom heile veka, samstundes som me kvart einaste år byr på overraskingar. For å seie det på ein annan måte, så kan det løne seg å følgje godt med på dei mange tilboda våre gjennom heile salsperioden, skriv kommunikasjonssjef Kristin Hovland i Komplett.

Proshop: – Me slepp produkt for Black Week og igjen for Black Friday. Dei beste tilboda er på Black Friday, men me har òg produkt klart for Cyber Monday, skriv Mikael Kolding, marknadsføringssjef i Proshop.

Går Black Week som normalt hos dykk, eller er det noko nytt i år?

Power: – Alt går som normalt, men me følgjer lokale smittevernreglar, så nokre stadar blir det påbod om munnbind.

Elkjøp: – Me tar atterhald om at koronasituasjonen kan endre seg fort og ulikt i dei forskjellige delane av landet vårt. Me følgjer nasjonale og regionale retningslinjer, og er førebudde på å setje inn tiltak for å sørgje for ein trygg handel for dei tilsette og kundane våre.

Netonnet: – Strategien vår er den same som alle år; låge prisar året rundt.

Komplett: – Me legg ned store ressursar for at Black Week skal bli gjennomført så saumlast som mogleg og at kundane skal bli så tilfreds som dei kan. Det er nemleg eit stort maskineri som blir sett i gang 19. november.

Proshop: – Me går «all inn» mot Black Week.

Kvar kjem dei første rabattane i år, og kva blir det mest trykk på?

Power: – Det er som regel dei dyraste varene ein får dei største rabattane på. Samstundes er me opptatte av å gi kundane våre nokre skikkelege gode tilbod innan alle kategoriar, så her skal det blir gode moglegheiter for å gjere smarte kjøp.

RETRO: Madeleine Schøyen Bergly i Elkjøp har tru på at mange kjem til å finne Flåklypa-spelet under juletreet i år.
Elkjøp

Elkjøp: – I år trur me at Flåklypa-spelet, som blei kåra til årets julegåve av fagbladet Elektronikkbransjen, vil bli populært saman med hovudtelefonar, spelkonsollar, gamingutstyr, berbare høgtalarar, kjøkkenmaskinar, robotstøvsugarar og handheldte støvsugarar. Og dessutan har me tru på at nettbrett i forskjellige prisklassar vil kome på topplista over populære produkt.

Netonnet: – Me ser det er stor etterspurnad innan blant anna mobil, berbare datamaskinar, gamingsegmentet og fjernsyn. Og dessutan innan produkt for heim, hushaldning og personleg leie, slik som treningsutstyr.

Komplett: – Me kjem til å ha kjempetilbod i alle kategoriar, men me veit at kundane våre ventar på gode tilbod blant anna innan gamingprodukt og lyd og bilete.

Proshop: – Me har eit veldig breitt spekter av produkt, så me har stort sett alle produktkategoriane våre med.

Får de inn nok skjermkort og spelkonsollar?

Power: Butikken har ikkje svara.

Elkjøp: Butikken har ikkje svara.

Netonnet: – Me merkar at det er veldig stor etterspurnad for både Playstation 5 og Xbox Series X blant våre kundar, og eg er overtydd om at dette er ting som står høgt på mange sine ønskjelister til jul. Kvar gong me mottar ei levering går me veldig fort tom. Me jobbar hardt for å få inn fleire konsollar løpande. Me forventar å få inn fleire konsollar i framtida, men akkurat no kan me ikkje seie nøyaktig når det er mogleg å gjere nye bestillingar og få dei levert. Når det gjeld skjermkort er det ingen direkte endringar frå før; me får inn nye leveransar kvar veke, men etterspurnaden er framleis høgare enn tilbodet. Prisnivået har vore ganske stabilt, medan me no ser ein tendens til stigande prisar.

TRØBBEL: Kristin Hovland, kommunikasjonssjef i Komplett, melder at dei slit med å få inn konsollar og skjermkort.
Komplett Group

Komplett: – Situasjonen rundt Playstation er framleis vanskeleg, og tilgangen på konsollar er mangelfull. Dessverre ser dette ut til å vare. For Xbox er situasjonen noko betre, men framleis er etterspurnaden langt større enn tilbodet. Og me beklagar å seie det, men for skjermkort er tilgangen framleis ikkje på same nivå som etterspurnaden.

Proshop: – Me får inn produkt løpande, men det er få eksemplar og me er langt bakpå når det gjeld leveringane våre av både skjermkort og PlayStation 5.

I 2019 viste ei undersøking at norske forbrukarar meiner at luretilbod florerer under Black Week, der butikkar set opp prisane på produkt i forkant av Black Week. Kva er dykkar praksis?

Power: – Hos oss er det prisroboten som styrar prisane. Den skannar dei fleste av våre konkurrentar og blir oppdatert kvart 15. minutt. Me har òg tydelege og strenge rutinar for når me kan seie at ein vare har kosta meir tidlegare. Spesielt under Black Friday og Black Week er det berre dei produkta som kjem gjennom dette nålauget som me annonserer. Me er opptatt av å vere transparente og ærlege på tilboda våre, og informerer difor kundane våre om kva dei ulike uttrykka i kundeavisa betyr, slik som «Førpris», «Pris etter kampanje» og «Spar 1000».

Elkjøp: – Me har strenge, interne retningslinjer på korleis me prisar produkta våre inn mot kampanjeperiodar som Black Week. Prisane våre er aldri så låge gjennom året som dei er under Black Week – dette forventar kundane våre av oss. Me følgjer marknaden, og prøver å vere best på pris i vår bransje. Me har ingen villeiande prisauke før Black Week. Me anbefaler kundane våre å sjekke uavhengige prissamanlikningsstenester på produkt som er på tilbod, slik at ein òg kan sjå heile prishistorikken på produktet ein ønskjer. Kundane våre skal alltid føle seg trygge på at prisen ein handlar for i ein kampanjeperiode er rett. Me vil òg minne om at hos oss har me 50 dagar ope kjøp, uavhengig om produktet er kjøpt på kampanje eller ikkje.

Netonnet: – I 2019 gjennomførte me ei undersøking saman med YouGov som viste at tre av fire nordmenn syns det er for mykje fokus på kampanjar og pristilbod i samband med Black Friday. Me ønskjer å tilby transparents og god oversikt for alle som handlar, og er innstilte på at det skal vere mogleg å finne gode pristilbod på varene du faktisk treng gjennom heile året og ikkje berre i handelshøgtidene. Som kunde skal du ikkje oppleve at du blir pressa til å handle. Me har ein klar strategi for å møte det behovet, og det er å tilby låge prisar kvar dag, heile året. Samstundes ser me ei auka interesse for brukte dingsar, og det er noko me no kan tilby.

Komplett: – Komplett gjer alt me kan for å sikre at dette ikkje skjer hos oss, og me har gode rutinar på plass.

Proshop: – Me følgjer sjølvsagt lovane, og aksepterer på ingen måte at prisar blir sett opp før Black Friday for å seinke dei igjen på Black Friday.

Store klimautslepp

Gamer.no har òg vore i kontakt med Framtiden i våre hender for nokre kommentarar rundt forbruksmønsteret til nordmenn under Black Week.

Dei har ei klar oppmoding.

– Me ber folk tenkje seg grundig om før dei lar seg freiste av diverse tilbod på Black Friday-salet, seier fagrådgjevar Siv Elin Ånestad.

KRITISK: Siv Elin Ånestad i Framtiden i våre hender oppmodar nordmenn til å heller kjøpe brukt i år.
Framtiden i våre hender

Ho viser til ein rapport frå European Environmental Bureau, eit nettverk av 150 miljøorganisasjonar, som har laga eit estimat på dei årlege utsleppa for alle smarttelefonar og nettbrett i EU.

– Viss me klarar å forlenge levetida på tinga våre, kan me bidra med store klimakutt og spare ressursar. Dersom alle i Europa held på mobilen sin i eitt år lenger, vil det spare CO₂-utslepp tilsvarande det éin million fossilbilar slepp ut i året. Dersom alle held på nettbrettet sitt eitt år til, vil det spare tilsvarande det 870 000 fossilbilar slepp ut, seier Ånestad.

Framtiden i våre hender peikar òg på at telefonar, spelkonsollar og datamaskinar har stor klimapåverking fordi fleire komponentar i produkta inneheld grunnstoff som er rekna som kritiske råvarer.

Ånestad trur elles det blir færre tilbodsvarer i år på grunn av dei globale forseinkingane i leveranse av elektronikk.

– Fleire forhandlarar har byrja å selje brukt elektronikk, og denne marknaden har utvikla seg veldig dei siste åra. Her er det stort utval og veldig gode avslag. Det er smart for både lommeboka og miljøet, avsluttar Ånestad.

Hardware Black Friday

Les også

Siste fra forsiden