Intel gav ein forsmak på dei nye skjermkorta sine

Prosessorprodusenten tar opp kampen mot Nvidia og AMD.

Skjermdump

Måndag gav Intel dei første detaljane om sine komande skjermkort, som skal konkurrere mot Nvidia og AMD sine produkt. Forbrukarskjermkorta deira heiter Intel Arc, og vil gå over fleire maskinvaregenerasjonar.

Den første generasjonen, Alchemist (tidlegare kjend som «DG2»), er venta i første kvartal av 2022. Intel sa òg i ein kort pressevideo at dei kjem med spesifikasjonar på korta mot slutten av 2021.

– Me byggjar eit «roadmap» for ein grafikkarkitektur med høg yting. I løpet av dei komande vekene og månadane vil du høyre mykje om våre komande dedikerte skjermkortløysingar, sa Damien Triolet i Intel.

Skjermkorta kjem til både berbare og stasjonære datamaskinar.

Lagar eigen oppskaleringsteknologi

Etter Alchemist lanserer generasjonane Battlemage, Celestial og Druid. Intel viste fram nokre lynkjappe demonstrasjonar frå spel, blant anna med strålesporing, men utan noko biletefrekvens er det vanskeleg å tolke korleis Alchemist stiller seg i forhold til konkurrentane.

Intel jobbar visstnok òg med ei form for AI-styrt oppskalering, som sannsynlegvis skal konkurrere med Nvidia sin DLSS og AMD sin FSR.

Selskapet lanserte sitt aller første dedikerte skjermkort i fjor haust, men det var ikkje rekna for speling. Det blir spanande å sjå om Intel kan bidra til å presse AMD og Nvidia til å lage betre produkt.

Siste fra forsiden