Anmeldelse

Conan

Blodig krigsmaskin

Conan er eit fjell av ein mann, ein gud blant kvinner, og ei krigsmaskin av blodige proporsjonar.

Conan dreg føtene langsamt etter seg og plantar øksa i bakken. Han tørkar ei sveitteperle frå panna og skular ut over slagmarka. Han er heime no. Under han ligg dei. Dusinvis av kroppar, kløyvd i to med barbarisk raseri. Ved føtene hans sit ei ung jente, halvnaken og forslått. Ho ser med lystige auge opp på den bronsebrune kjempa, og slepp ut eit sukk i det han hevar armane og brølar «Crom!».

Se trailer fra spillet

Vis større

Trailer: Conan

Stikkord:
  • action
  • eventyr
  • spill
  • xbox 360
  • playstation 3
  • Conan


Forresten, stryk alt det der. Det var eigentleg ikkje stort meir enn tenåringsfantasiar frå ein oppkomling som gjerne skulle ynskje at det var han jentene klamra seg til, og som skulle ynskje det var han som kunne svinge iskaldt stål rundt seg i ein virvelvind av blod og kroppsdelar.

Ein jobb for Ottar

Jentene i det siste Conan-spelet er ikkje halvnakne, dei er nakne. Ikkje prøv deg med å seie dei har tangatruse på. Du ser den like dårleg som meg, og du veit du latar som om den ikkje er der. Det du òg veit, er at ein bataljon fjortissar kjem til å seie «sjekk racket på ho der då», i det du reddar ei «jomfru» i nød frå kjettingen som held ho fanga. Du kan i tillegg banne på at dei kjem til å fnise vilt, eller seie «tøft» når ho slepp frå seg eit «ta meg hardt med kjærleiken din».

Conan-spelet frå THQ er eit spel som spelar på alle klisjear om Conan, drit i å utforske dei, og sender deg heller ut i eit spel som kanskje har henta litt for mykje inspirasjon frå God of War. Imitasjon er jo som kjent den største form for smiger, så David Jaffe of kompani bør vel kunne tørke ei rørt tåre bort frå kinnet i denne stund.

Eigentleg kan du kritisere Conan ned i senk. Du kan stille spørsmål ved så og seie alle delane av spelet, men då unngår du eigentleg det viktigaste faktumet av alle faktum dette spelet legg på bordet. Det er tøft. Det er fordømt tøft, og sjølv om det vekslar mellom å vere eit adrenalinkick av dei store, og eit middelmådig særemne i mental stabilitet når det ikkje går din veg, bør du vere fullt i stand til å sjå dei kvalitetane spelet byr på.

Barbarisk krigføring

Conan har i essensen tre former for angrep. Han kan bruke eit sverd, han kan bruke to sverd, eller han kan bruke eit tohandsvåpen. Kvar gong du drep ein fiende vil du sanke inn runer som du kan bruke til å kjøpe nye angrep for dei forskjellege våpentypane. Det er her du raskt vil finne ut kva du meiner om Conan. Enten vil du omfamne spelet med ømme armar, eller så vil du forbanne spelet til jaktmakter, som til om med demonar frå den svarte avgrunnen har mareritt om. Enten får du det til, eller så får du det så visst ikkje til.

Om du er av den uheldige rasen og ikkje greier å få inn ein einaste kombo, vil spelet raskt utvikle seg til å bli eit mareritt av episke proporsjonar. Du vil frenetisk trykkje inn den same knappen om igjen og om igjen til både fingrane og hjernen blør. Det du møter då er ein vegg av skjold og blokkeringar som nektar deg å få inn eit einaste slag. Conan er brått ikkje så barsk lengre. Om du derimot lærer deg å bruke dei forskjellege våpna sine angrep, vil du raskt finne ei stor, vakker, raud og brutal verd av blod, innvolar og nydelege angrep.

Du vil ofte møte fiendar som kan framstå som praktisk talt umogleg å bryte. Du får ikkje inn eit einaste slag, og brått får du alt tilbake gjennom sprutande eld og nokre fjonge sving med sverdet. Ikkje berre blir du kjapt slått i bakken, men så snart du ligg i bakken er ikkje døden langt unna. Skulle du vere så uheldig vil du måtte stirre på lasteskjermen som sjeldent varer i mindre enn tretti sekund. Høyrest dette freistande ut? Tenkte ikkje det nei, så det er nok best å følgje med i timen, og lære deg nokre skikkelege angrep.

Som dei fleste actionspel som baserar seg på sverdbruk eller andre skarpe objekt du kan bruke til å kløyve ting i to, har du to angrepsknappar i Conan. Du har eit svakt angrep, og eit kraftig. Ved å lære forskjellege kombinasjonar mellom desse knappane vil du kunne utføre mange spenstige manøver. Til dømes kan du stele sverdet til fienden, klaske til han med skallen din, eller dele av forskjellege kroppsdelar. Det er temmeleg artig. Conan sin karisma, blanda med barbarisk feite teknikkar, sender adrenalinet susande gjennom kroppen. Når du lærer deg å bruke kampsystemet skikkeleg, kjem Conan tidvis i nærleiken av God of War – spelet det desperat prøver å vere.

Ikkje berre er kampsystemet og kameraføring nesten skremmande likt det vi får erfare i eventyra til Kratos, men sjefskampane er praktisk talt kopiar av kva vi får sjå der. Når du møter eit unormalt stort beist må du hogge laus inntil ein knapp viser på skjermen. Då må du trykkje inn kvar knapp etter kvart som dei lyser opp. Om du er nøyaktig nok vil du utføre stor skade på sjefen, som då svarar med å falle til jorda med jordskjelv og store røykskyer. Å kome seg dit er ikkje alltid like lett. Nokre sjefskampar gir deg fiendar du raskt kan finne taktikkar for å ta. Andre er derimot så håplause at ikkje eit einaste komboangrep fungerer. Du endar då raskt opp med å trykkje gjentekne gangar på den same knappen, noko som aldri er moro.

Ein einsam krigar

Det er litt paradoksalt å se Conan imitere Kratos alt han er god for, når Conan på sett og vis er den originale Kratos. Den einaste forskjellen er at Conan har hår, og at Kratos i sitt spel får lov til å ha litt meir moro med alle dei nakne damene han møter. Noko som i seg sjølv ikkje heng på greip, Conan sin appetitt på kvinner er trass alt berømt over store delar av verda. I dette spelet hintar filmsekvensane til at det skjer ting i skuggane, men når du finn alle desse barmfagre damene rundt omkring, kan du ikkje ein gong sei noko til dei.

Conan sitt eventyr let deg få sjå meir enn antikke puppestell. Conan reiser til mange forskjellege område som alle er henta rett ut frå Robert E. Howardse bøker. Kvart område du reiser til vil introdusere deg for nye fiendar og nokre nye problem, men stort sett går alt ut på å drepe fiendane, og kanskje dytte nokre steinar over ende. Problemløysinga i spelet går for det meste ut på å trykkje inn kombinasjonar av knappar for å utføre enkle ting. Nokre gangar er det temmeleg trivielt, som å trykkje gjentekne gangar for å dytte ei bauta. Samtidig kjennest det naturleg og logisk å trykkje opp, ned og opp igjen på analogstikka når Conan lyfter ei dør ved hjelp av skuldrene.

Når du veltar ein bauta over ende vil du raskt finne store steinar liggjande omkring. Om du vil kan du kaste dei på fienden før du spring inn med øksa. Det same kan du gjere med våpen. Etter kvart som du drep fiendane vil våpna deira bli liggjande på bakken. Om du finn ut at du treng eit anna våpen for å angripe ein situasjon betre, er det berre å plukke det opp frå bakken. Conan kan pussig nok ikkje skifte mellom dei våpna han har med seg, men kan kaste det våpenet han har i handa si for å gå tilbake til det originale våpenet.

Nye takter for Conan

Sjølv om kampane kan vere formidabel underhaldning, er det ein ting som verkeleg skurrar; Conan brukar magi. Historia i spelet sender Conan ut på jakt etter nokre ting som gir han eit gradvis større arsenal av magiske krefter. Desse er alt frå eldregn frå himmelen, til å gjere fiendane om til stein. Frå eit spelmessig standpunkt fungerer dette bra, sidan det kan redde deg ut av mang ein kinkig situasjon. Det utviklarane ser ut til å ha gløymt, er at Conan hatar magi. Slike trivielle ting er kanskje ikkje det viktigaste med eit slikt spel, men det vil få mang ein Conan-entusiast til å spenne nokre bekymra rynker i panna.

Heldigvis gjer utviklarane det godt igjen ved å presentere spelet på ein flott måte. Det visuelle er passe brunt og nedtona til at ein trur på det ein ser. Det er ein god del bruk av «bump mapping», noko som kan få ting til å glinse litt mykje her og der, men stort sett er det alltid innanfor fornuftige grenser. Det hender òg at spelet verkeleg slår på stortromma og gir oss situasjonar der samspelet mellom design, komposisjon og lyssetting verkeleg får ting til å hoppe ut av skjermen. Spesielt er kampen mot ein forsteina elefant eit godt eksempel på dette. Den primale og dramatiske musikken gjer i tillegg sitt for å verkeleg byggje opp ei god stemning.

Konklusjon

Det er frykteleg lett å angripe Conan som eit spel som prøver litt for hardt å vere God of War. Samtidig blir det hakket for lett å la det vere dommen over Conan. Sanninga er at Conan er både er underhaldande og engasjerande. Riktig nok er det ikkje alltid ting fungerer, og nokre kampar blir berre irriterande, og visse «gåter» er berre plankekøyring frå ein tidsalder vi helst vil gløyme. Når blod og innvolar flyr over skjermen, og du meistrar kampsystemet til det fulle, vil du derimot kunne finne mange timar med glede i dei slitne sandalane til Conan. Og ved Croms svarte invollar, det har eg tenkt til å halde fram med.

Merknad: Conan kjem i butikkane for Xbox 360 og PlayStation 3 fredag 12. oktober.

Siste fra forsiden