Sniktitt

Crackdown

Våpen, musklar, og lukta av svidd gummi kjem snart til å pryde din kvardag.

For å være ein tittel frå menneska bak Grand Theft Auto-serien, har Crackdown fått bemerkelseverdig lite oppstyr rundt seg. Ein kan undre om dette skal bli eit av årets beste spel som ingen spelte. Sjølv om den nyleg annonserte kampanjen for Halo 3-betaen muligens kan forandre på det. Faktum er uansett at Crackdown er eit spel som osar av kvalitet, og du bør sperre auga opp for det.

I Crackdown får du mykje av det samme som i alle andre spel med ei open verd. Du får ein stor by å suse rundt i, med eit mylder av bilar som du i kjend GTA-stil kan stele frå kven det måtte være. Alternativt kan du hoppe langs hustaka, som Spiderman sin litt tøffare storebror. Og det er moro. Fy pokker så moro det er. Det har så langt vore vanskeleg å overbevise meg om at Grand Theft Auto-serien er verd sine salstal, men eit spel som Crackdown kan raskt frelse en grinebitar.

Du startar som velutvikla politmann i framtida. På alle område er du hakket betre enn den vanlege mannen i gata, og dette er sjølvsagt noko du må utnytte til det maksimale. Gjennom å køyre bil, bruke skytevåpen og hoppe langs taka vil du bygge opp alle dei forskjellige ferdighetene til karakteren din. Desse er alt frå spenstigheita og tempoet ditt, til dine ferdigheiter bak rattet, eller med våpen.

Dei nye superheltane

For å bygge opp helten din er det enkle måtar å gå fram på. Vil du bli sterkare, slår du laus på folk i staden for å skyte dei. Når nokon dør, etterlet dei erfaringskuler i samsvarande farge med metoden som blei brukt for å drepe dei. Til dømes er fargen når du skyt nokon lyseblå, og får du lyseblå kuler vil desse fylle opp ein måler som etterkvart gir betre presisjon. Når du denger laus på folk blir du sterkere, og vil etter kvart kunne løfte bilar og kaste desse på fiendane i staden. Sidan du brukte bilen som våpen, får du og poeng på bil-statusen din.

Dette er eit symbol på korleis du, ved å tenke smart, kan bygge opp fleire ferdigheiter samtidig. Eit annet eksempel på dette er når du skyt nokon fra toppen av et hustak. Då blir du belønna med "agility", i tillegg til presisjon. Hovudkjelden for "agility" er uansett diverse ringar som du kan finne på hustaka rundt omkring i byen. Desse finn du plassert i gradvis meir utilgjengelege område, noko som gjer at det blir ei utfordring å kome seg dit. Det blir også nesten eit minispel i seg sjølv å jakte på dei, sidan det å hoppe frå tak til tak er ein overraskande morosam sport.

Alt dette er uansett kun bakteppe for kva jobben din eigenleg er. Som politimann er det din jobb å rydde opp i søpla i byen. Noko som betyr at å skyte ned dei uskuldige forbipasserande ikkje blir godteke. Crackdown er kanskje ei vidareutvikling av Grand Theft Auto, men du er snill no. Hugs det, elles kan spelet brått være over. Din jobb er å beskytte de sivile, og plaffe ned alt avskum frå byens kriminelle miljø. I vår testversjon var det tre av desse, og kvart område byr på enda kraftigar utfordringar.

Når du skal jakte på ein kriminell organisasjon byrjar du på bunnen. Du tar dei svakaste ledda først, og jobbar deg gradvis mot toppen der den store honchoen sit og røker sigar, medan han klapsar innleigd underhaldning i form av naken hud på baken. For kvart ledd av organisasjonane du begir deg ut på, får du ei analyse av kor sannsynleg det er at du skal klare dette. Dette er eit fornuftig og hjelpsamt verkty som er eit direkte resultat av at du gradvis bygger opp karakteren din.

Du treng sjølvsagt eit godt oppdatert våpenarsenal for å knuse fienden. Dette bygger du opp ved å plukke opp våpen frå falne fiendar. Våpna kan du lagre på forskjellige stasjonar i byen, slik at du alltid kan gå tilbake og hente dei ved behov. På desse stasjonane vil du også kunne fylle opp ammunisjonen din, og transportere deg selv til andre stasjonar for å raskare flytte deg gjennom byen. Kvar nye stasjon du finn, må du først ta tilbake frå byens diverse gjengar.

Konklusjon

Crackdown kan bli eit av vinterens verkeleg store vinnarspel. Det er ikkje vanskeleg å sjå kvar inspirasjonen er henta frå, men her er det vidareutvikla og finpolert i så stor grad at det verkeleg kjennest som det store og naturlege steget sjangeren er nødt til å ta. Om det fulle spelet lev opp til det potensialet sniktitt-versjonen lovar, vil dette kunne bli eit spel mange skal få store problem med å leve opp til. Til og med Rockstar.

Les også
Anmeldelse:

Siste fra forsiden