CES 2020

Dette er dei kulaste CES-produkta

Den store teknologimessa har mykje interessant å by på for gameren.

Montasje, Gamer.no

Den storslegne teknologimessa CES er godt i gang i Las Vegas, og me har plukka ut nokre av dei produkta med gleder oss mest til å sjå i butikkane. Pluss nokre tøvete konsept, da.

Det er tradisjon.

2020 ser ut til å bli eit spanande år for oss nerdar, både når det gjeld spel og maskinvare. CES har så langt gitt oss nokre glimt av både PlayStation 5 og Xbox Series X, som kjem i slutten av 2020. Førre år har bydd på mange flotte spelopplevingar, men det har vore litt sånn stille før stormen. Dei verkelege tungvektarane kjem på rekkje og rad utover året.

CES har alltid nok av gamingduppedittar å vise fram. I år er det kanskje ny skjermteknologi som er mest spanande for oss som speler, men det er plenty å plukke av her.

AMD med ny monsterprosessor

Eit av høgdepunkta i år har vore avdukinga av AMD sin nye Threadripper 3990X. Denne prosessoren kjem med heile 64 kjernar, samt ein prislapp på 3990 dollar. Monsteret sluker 280 watt med straum, og kan booste opp til 4,3 GHz på kvar kjerne.

Intel sin kraftigaste forbrukarprosessor er ikkje i nærleiken av nokon av Threadripper-prosessorane til AMD, og no er leiinga blitt endå større.

AMD har verkeleg slått på stortromma dei siste åra. Med tanke på prisen er dette neppe noko du hiv inn i gamingriggen, men for dei som driv med tung videoredigering er dette ein rimeleg pris samanlikna med det Intel byr på. Intel har framleis ein lang, lang veg å gå for å ta igjen AMD i denne produktklassen.

Prosessoren kjem på marknaden 7. februar.

AMD Radeon RX 5600 XT er ei betydeleg oppgradering for AMD sitt 1080p-utval.
AMD

AMD lanserte òg eit nytt skjermkort, og tar eit endå betre grep om mellomklassen av gamingskjermkort. Radeon 5600 XT ser ut til å bli eit ypparleg val til 1080p-speling, med 6 GB GDDR6-minne, klokkehastigheit opp mot 1560 MHz under full last, og straumforbruk på 150 watt.

Den norske prisen er ikkje klar enno, men til 279 dollar kan me vente at den lanserer rundt same prispunkt som Nvidia sitt GTX 1660 Super-kort. AMD har vist fram nokre ytingsgrafar, der det slår 1660 Super med 5–15 prosent. Ein bør ikkje stole for mykje på slikt før det er skikkelege testar ute, men dersom dette er sant, kjem Nvidia til å slite med mellomklassen.

Lynraske gamingskjermar

Les også
Snart kan du få drastisk betre spelyting takka vere AMD

I haust kom nyheita om at Asus og Razer skulle sleppe berbare datamaskinar med skjerm på 300 hertz. Oppdateringsfrekvens på skjermar har blitt høgare og høgare i løpet av det siste tiåret, men få hadde nok venta at hoppet som blei lansert på søndag skulle bli så stort som det er.

Nye ASUS ROG Swift kjem med eit 360hz 1080p panel, på 24.5 tommar.
ASUS

No har nemleg Nvidia inngått eit samarbeid med panelprodusenten AU Optronics, som har utvikla eit panel som støttar oppdateringsfrekvens på 360 hertz. At me får tilgang til slikt er kjekt, men spørsmålet er sjølvsagt kor stor forskjell det er opp frå, til dømes, 240 hertz. Grafen frå Nvidia (under) bør me nok ta med ei klype salt, men dei har rett i at marginale forskjellar kan ha betydning på toppnivå.

Dette er naturlegvis ikkje noko den gjennomsnittlege spelaren kjem til å handle inn, men for oss som speler kjappe skytespel, blir det interessant å sjå om skjermen er verd oppgraderinga. Panelet kjem berre på 1920x1080-skjermar førebels (24.5-tommar), men det kan fort endre seg.

Ein skal vere særs skeptisk til å basere kjøp på denne grafen, spesielt då Overwatch er avgrensa til 300 FPS, men Nvidia kan fort vere inne på noko.
Skjermdump Nvidia

Ein er avhengig av tilgang til ein toppspekka datamaskin for å få noko ut av skjermen, og sjølv då er det forsvinnande få nye spel som støttar eller klarar såpass høge biletefrekvensar. Counter-Strike: Global Offensive vil kunne ligge godt over 300 bilete i sekundet viss det ikkje er røykeffektar på skjermen, men det er få andre, moderne skytespel som ikkje har avgrensa biletefrekvensen til 240 eller 300.

Verken pris eller sleppdato er klare, men med tanke på dei stive prisane til dei andre ROG Swift-skjermane, kjem nok denne til å koste skjorta.

Skjermkort frå Intel

Det har versert ein del rykte om at Intel driv med å utvikle sine eigne dedikerte skjermkort dei siste åra, og no har Intel endeleg bekrefta dette. DG1 er det første skjermkortet frå prosessorprodusenten, og er basert på Xe-plattforma.

Intel DG1 er selskapets første dedikerte skjermkort.
Intel Corporation, Tim Herman

Dei hadde ein liten demonstrasjon av skjermkortet, der det køyrte Destiny 2. Det var ingen info om biletefrekvens eller oppløysing.

Førebels er det vanskeleg å seie kva dette vil bety for Intel. Kanskje går dei i same rute som Nvidia og AMD med dedikerte skjermkort, men me veit ikkje enno.

Intel har lenge slite med grafikk til berbare, for dei integrerte løysingane deira har vore ganske svake. Til dømes har dei tidlegare slått seg saman med AMD for å utvikle integrerte skjermkort til berbare datamaskinar. Det er difor lite overraskande at DG1 kjem.

Intel gav òg ein sniktitt på dei komande 10nm Tiger Lake-prosessorane sine, som får integrert grafikk basert på Xe-plattforma. Dette skal visstnok gi dobbel yting for integrerte grafikkløysingar.

Handhaldt PC frå Alienware

Amerikanske Alienware, gamingmerket til Dell, gjorde nyleg inntog i Noreg. Dei viste fram ei rekkje gamingprodukt på CES, med skjermar, berbare og stasjonære datamaskinar.

Det som har vekka mest oppsikt er likevel prototypen på ein handheldt PC, som minner ein del om Nintendo Switch. Alienware UFO fungerer på omtrent same vis som Switch, med moglegheit for å bruke den handhaldt eller i dokking. Du kan òg ta kontrollarane av skjermen, og sette dei saman som på ein Switch.

Me veit lite om spesifikasjonar, yting eller noko slikt, og det er ikkje sikkert at den kjem i butikkane i det heile, men kul er den. Det einaste produsenten har gått ut med, er at den har ein skjerm på ti tommar, og køyrer på den nyaste generasjonen av Intel-prosessorar.

Vivian Lien, leiar for spelavdelinga i Dell, fortel at dei har vore gjennom ei rekkje versjonar av denne, og at dei sannsynlegvis vil jobbe med endå fleire prototypar.

Årets mest ekstravagante og unødvendige

Razer tar årets premie for den mest ekstravagante framvisinga. Dei har nemleg byggja ein svær simulator for racingspel, komplett med ein 128-tommar skjerm med 202 grader synsvinkel, og eit sete med eigen motor for å simulere g-krefter.

Razers simulatorstol blir fort like dyr som ein ny bil.

Spetakkelet minner ein del om Acer Predator Thronos, som kosta rundt 200.000 kroner då den kom ut. Acer sin stol er riktig nok retta mot meir generell gaming, men ERacing-stolen til Razer blir fort endå dyrare.

Det er uvisst om denne nokon gong kjem til å kome i sal, men med mindre du har Pewdiepie-pengar, så er du nok – dessverre – godt utfor målgruppa, uansett.

Razer Tomahawk er den første, eigenutvikla stasjonære datamaskinen til Razer.
Razer

Meir relevant er den stasjonære datamaskinen som Razer viste fram. Razer Tomahawk er særs liten, og i staden for eit vanleg hovudkort og ein prosessor, brukar den ein Intel NUC-PC som hjerne. På grunn av dette er kabinettet knapt større enn det ein brukar til eksterne skjermkortløysingar til berbare datamaskinar. NUC-en kan kome med ein toppspekka, mobil Intel Core i9-prosessor, så forskjellen i yting opp mot ein stasjonær variant er nok ikkje all verda.

Spanande gamingtilbehør

Det har ikkje vore fullt like mange lanseringar av mus, headsett og tastatur som det pleier å vere, men HyperX, Corsair og ASUS ROG er på veg ut med nokre spanande produkt.

HyperX si første mus retta mot MMORPG kan bli eit godt val for WoW og liknande.
HyperX

HyperX kjem med ny mus, HyperX Pulsefire Raid, retta mot MMORPG- og MOBA-brukarar. Datamus frå HyperX pleier å vere ganske enkle og greie produkt, så dette blir nok eit trygt val for dei som er på utkikk etter ei ny mus til WoW Classic. Musa er trådlaus, og støttar Qi-lading.

Produsenten hiv ut ein ny versjon av Alloy Origins-tastaturet sitt med nye brytarar i same slengen, men det mest interessante frå HyperX, er Cloud Flight S-headsettet. HyperX meiner at dette er det første trådlause gamingheadsettet med trådlaus Qi-lading på marknaden.

Vidare er Corsair endeleg på plass med ein ny versjon av topptastaturet sitt. Corsair K95 Platinum XT kjem med alt du treng av funksjonalitet, og har oppgradert frå plasthandleddstøtte til kunstlær. Tastaturet ligg på testbenken vår i skrivande stund. Me har førebels ikkje fått noko informasjon om lanseringsprisen, men med tanke på at dette er Corsair, så blir den nok eit godt stykke nord for 2000 kroner.

Modulær design av datamus har me etterlyst meir av fleire gongar her på huset, og difor set me pris på at ASUS satsar.
ASUS

ASUS har òg noko nytt å by på, med ei modulær gamingmus. Asus ROG Chakram kjem med Qi-lading, ein programmerbar joystick på sida, og utskiftbare knappar. Me gleder oss til å teste denne, for å sjå om det berre er gimmick, eller om Asus faktisk har fått til noko brukande her. Innovasjon er viktig, men dei kunne godt ha jobba litt meir med forma og vekta.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehør? Sjekk ut hardware-sidene våre »

Siste fra forsiden