Snart kan du få drastisk betre spelyting takka vere AMD

Gir store hopp i yting til både eigne og konkurrerande skjermkort.

Natt til tysdag viste AMD fram sitt svar på Nvidias «Deep Learning Super Sampling», nemleg AMD «FidelityFX Super Resolution» (FSR). Den ferske teknologien lanserer 22. juni, og blir tilgjengeleg både for både deira eigne skjermkort og konkurrentane sine.

Ein kan no gå inn på AMD sine nettsider og lage ei ønskjeliste over kva spel som skal få støtte.

Førebels blir det mogleg å bruke FSR for alle Ryzen-prosessorar med Radeon-grafikk, heile RX5000-, RX 6000- og RX500-seriane.

Stort hopp

Teknologien treng visstnok ikkje å bli trena opp slik som Nvidias DLSS gjer. AMD brukte spelet Godfall som demo for teknologien, der dei demonstrerte fire ulike modusar for FSR.

  • FSR Ultra Mode: 78 FPS
  • FSR Quality Mode: 99 FPS
  • FSR Balanced Mode: 120 FPS
  • FSR Performance Mode: 150 FPS

Spelet blei testa på eit Radeon RX 6800 XT-skjermkort med strålesporing på og innstillingsnivået på maks. Utan FSR oppnådde det ein biletefrekvens på 49.

– Me har laga fire ulike kvalitetsinnstillingar for FSR. Spelarar kan vente frå 59 prosent auke i «Ultra Mode» til over ei dobling i «Performance Mode», blei det sagt på presentasjonen.

Fungerer på Nvidia-kort

AMD viste til og med fram teknologien på eit Nvidia GTX 1060 i 1440p, der biletefrekvensen auka med 41 prosent. Ved hjelp av «Quality Mode» gjekk skjermkortet frå ein biletefrekvens på 27 til ein biletefrekvens på 38.

Teknologien får støtte for Turing-skjermkort og nyare.

Det er førebels ingen direkte samanlikningar med DLSS, så det blir spanande å sjå korleis forskjellane er.

Siste fra forsiden