Dragon Quest-actionspel kjem til Europa

Men PlayStation 3-versjonen blir igjen i Japan.

Square Enix har i dag kunngjort at det neste spelet i den mangeårige Dragon Quest-serien får lansering i Europa til hausten. Dette er ikkje eit tradisjonelt Dragon Quest-spel, men i staden eit samarbeid med Dynasty Warriors-utviklarane Omega Force, og det har fått namnet Dragon Quest Heroes.

Dragon Quest Heroes har mykje til felles med Dynasty Warriors-serien. Du vel deg ein helt, og spring rundt i store område der du susar gjennom eit hav av fiendar som ein snøplog gjennom tørr snø. Spelet blir snart lansert til både PlayStation 3 og PlayStation 4 i Japan, men i Europa vil berre PlayStation 4-versjonen sjå lansering. Lanseringa vil finne stad i år, utan at vi har fått noko nærare tidspunkt.

Første Dragon Quest på mange år

Skjermbilete frå den japanske versjonen av Dragon Quest Heroes.

Spelet er laga i samarbeid med skaparane av Dragon Quest-serien, og vil la deg velje mange ulike heltar frå seriens historie. Dette blir samtidig det første nye Dragon Quest-spelet som kjem til Europa sidan Dragon Quest IX frå 2010. Sidan då har vi likevel fått nokre mobilversjonar av eldre spel i serien.

Dragon Quest Heroes er ikkje det første spelet Omega Force lagar basert på kjende spelseriar. I fjor haust lanserte dei Hyrule Warriors. Det spelet ligg òg i Dynasty Warriors-gata, men gjekk føre seg i The Legend of Zelda-universet, og vi fekk spele som ei rekke kjende figurar frå den serien. Jens Erik var derimot ikkje heilt imponert:

«Ideen er absolutt god. Det er ingenting som tilseier at et Dynasty Warriors-spel ikledd Zelda-drakt ikkje kan fungere. I byrjinga med var også Hyrule Warriors overraskande underhaldande. Spelet hadde ei leikenheit ved seg som dei nyare konsollutgåvene av Zelda-serien har mangla, og det såg aldri ut til å ta seg sjølv spesielt alvorleg. Sjølvironien til tross kjentest det som om spelet gjekk tom for damp etter berre få timar.»

Om du vil ta ein tur innom Dragon Quest-universet før Dragon Quest Heroes lanserast seinare i år, er Dragon Quest VIII eit veldig godt val. Det fekk i fjor lansering på iOS og Android.

Siste fra forsiden