Drar sløret av utviding for Cyberpunk 2077

Storspelet får nytt innhald.

Det nærmar seg to år sidan den kontroversielle lanseringa av CD Projekt RED's Cyberpunk 2077. Utviklaren har jobba hardt for å løyse dei mange problema med spelet sidan då, og kjem no med både ei ny oppdatering og ei utviding.

Utvidinga Phantom Liberty skal vere ein slags spionthriller der me får eit gjensyn med hovudfiguren V og Keanu Reeves som Johnny Silverhand.

Spelregissør Gabe Amatangelo fortel i ein video at utvidinga kjem i 2023.

Det er ikkje all verda med detaljar i pressemeldinga frå utviklaren, men me veit at utvidinga blir sett til eit nytt distrikt i Night City.

Førebels er utvidinga berre stadfesta for PC, Stadia og den siste generasjonen av konsollar. CD Projekt RED har ikkje sagt om utvidinga kjem til Xbox One eller PlayStation 4.

Oppdaterer spelet

1.6-oppdateringa er allereie ute. Oppdateringa er 18,4 GB på Steam, og er knytt til den komande animasjonsserien Cyberpunk: Edgerunners.

Serien kjem på Netflix neste veke.

Oppdateringa gir spelaren blant anna tilgang til klede og våpen inspirert av Edgerunners, eit nytt system for framgang på tvers av plattformer og eit minispel med hesten Roach frå The Witcher-universet.

I tillegg er det ei rekkje balanseendringar og feilrettingar i oppdateringa.

– 1.6 blir den siste, store oppdateringa for den førre generasjonen av konsollar, seier Amatangelo.

Han lovar òg at dei skal kome med mykje nytt innhald i framtida. Spelregissøren peikar blant anna på at dei skal pusse på oppførselen til politiet og korleis kampar mellom bilar fungerer.

Siste fra forsiden