Anmeldelse

Dynasty Warriors 6

Ein glorete krigsfest

Ein gjennomført tåpeleg presentasjon stoppar ikkje Dynasty Warriors 6 frå å vere stor underhaldning.

Dynasty Warriors serien har alltid vore eit av desse spela du enten elskar eller hatar. Likar du det, investerer du gladeleg ein heil kveld i å prøve å få til det neste oppdraget. Skulle du ikkje dele dette synet vil nok ein kveld med Dynasty Warriors arte seg som rein tortur. Dynasty Warriors 6 følgjer i same leie. Det er eit spel som i utgangspunktet er svært enkelt, men som ved å pøse på med det eine dusinet med fiendar etter det andre, endar opp som det stikk motsette.

Aldri manko på fiender

Vis større

Trailer: Dynasty Warriors 6

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • playstation 3
  • dynasty warriors


Grunnen til at du vil sitje ein heil kveld med eit enkelt oppdrag er at spelet sjølv på normal vanskegrad er beinhardt. Du plogar kanskje gjennom fiendane i eit skyhøgt tempo, men det kjem alltid nye. Det kjem alltid ein ny tropp og ein ny helt, som gjerne vil slå deg i bakken. Om du kjem deg gjennom ein situasjon eller ikkje, er ofte like avhengig av flaks, som dine ferdigheitar.

For dei som ikkje veit kva Dynasty Warriors er, går det ut på å sende ein helt gjennom hundrevis av fiendar. Dei fleste fiendane tåler berre eit slag eller to, og du tek gjerne ut ei handfull fiendtlege soldatar på ein gong. Det er ikkje her utfordringa ligg. Utfordringa ligg i alle heltane som følgjer med soldatane. Utfordringa dei byr på er varierande, men har du nok av dei rundt deg, innser du brått at spelet tvingar deg til å tenkje taktisk.

Tyggegummi og pølseskinnsbukser

Historia i Dynasty Warriors-spela er basert på det kinesiske verket «Romance of the three Kingdoms». Eg kan ikkje akkurat erkjenne meg sjølv som ein kjennar av kinesisk litteratur, så kor nøye Dynasty Warriors held seg til opphavet skal eg ikkje seie noko om. Spelet inneheld likevel ei imponerande mengde informasjon om verket. Vi kan lese paragraf etter paragraf om dei forskjellege personane vi møter, og dei spesielt interesserte kan studere tidslinjer som viser alt frå fødselsår til når viktige hendingar skjedde.

Ut av dette verket får vi velje krigar frå ei solid mengde akrobatiske krigarar. Dei er alle så fulle av mot og iver at ein nesten må le. Heile spelet er som ein dramatisk eksplosjon av ekle ting frå 80-talet. Musikken er hårete gitarriff med hylande soloar, og skodespelet er så avsindig grusomt at ståpelsen strittar og fell som om den skulle ha blitt skolda i isvatn.

Det er litt vanskeleg å få fram nøyaktig kor forferdeleg dårleg denne historia er fortalt, men vi kan ta eit døme: Før ein viktig kamp står ein feminin krigar med gullfjær rundt panna og deppar. Helten du spelar akkurat no kjem og spør kva som er gale. Mannen med gullfjær fortel kva som plagar han, og helten din svarar med å hytte med nevande, strekkje dei mot himmelen og rope ut strofer om korleis vi alle skal gjere vårt beste, vise vår makt, og aldri miste motet. Deppemannen svarar med å gjere det same. Og dei deler ei lita stund der dei begge gestikulerer som kattar med sennep i endetarmen, og ropar sine kjærleikserklæringar til mot og makt.

Det er litt kvalmt, og det blir berre verre for kvar time som går. Ikkje berre er historia dårleg fortalt, men skodespelet eg allereie har vore innom er levert med trykk på feil ord nesten heile tida. Det gjer ting svært vanskeleg å få taket på. I det minste får du deg ein liten latter når du møter det uunngåelege nederlaget og helten seier «I cannot believe this is happening», med massivt trykk på «i» i believe, og «pp» i happening.

Vi dansar som ulvar

Historia er heldigvis ikkje så viktig. Det du brukar tid på er kamp, etter kamp, etter kamp, og dette er så underhaldande at det er lett å bli litt sjokkert. Spelet gir deg svært enkle kontrollar som du kanskje ikkje innser omfanget av umiddelbart. Du har som vanleg i slike spel eit svakt angrep, eit sterkt angrep, og eit spesialangrep. For det meste vil du nok bruke det svake angrepet. For dei fleste krigarane du har til disposisjon, betyr dette at du treff fleire fiendar om gangen med eit svakt slag, enn med eit sterkt slag. Det sterke angrepet er best i situasjonar mot ein fiendtleg helt, og gjerne i kombinasjon med svake slag for å slå bastarden ut av balanse.

Spesialangrepet, eller «mousu», vil bli tilgjengeleg når du har drepe nok fiendar. Dette angrepet varierer for alle heltane, men felles for dei alle er at dei tek ut mange fiendar i ein sirkel rundt deg. Det er di evne til å bruke desse tre angrepa som i størst grad vil avgjere utfallet av dei utallige slaga du må gjennom. Angrip du konstant med eitt av angrepa vil du ikkje klare deg lenge. Brukar du alle angrepa ufornuftig, vil det heller ikkje gå bra.

Her handlar det om å vite kva du har tilgjengeleg, og om å sjå opningar. I tillegg til angrepa kan du blokkere angrep, og du kan rulle ut av ein situasjon. Dette høyrest kanskje ikkje spesielt ut, men i kampens hete er det lett å gløyme desse svært viktige eigenskapane. Ved å blokkere, vil du stå i mot alle angrep frå alle kantar, utanom svært sterke angrep. Om du skulle finne deg piska på ryggen til du døyr, har du sannsynlegvis berre deg sjølv å takke. Nøkkelen til suksess er å ta desse enkle mekanikkane, og bruke dei med eleganse og stil. Det er faktisk ganske lett å bli god i Dynasty Warriors 6, men det krev litt av deg. Du er nøydt til å følgje med på alt som skjer, men om du gjer dette, og har fått kontrollane inn i fingrane, kan du klare det meste.

Litt planlegging må til

Før kvart oppdrag vil du bli møtt av ein skjerm som let deg studere detaljar om kvart slag før du går i gong. Du kan i tillegg velje kva våpen du vil bruke, og om du eventuelt vil ha ein hest med deg. Det viktigaste med førebuinga er uansett å studere området du vil kjempe i. Du har ofte meir enn eitt mål, og i tillegg har du andre mål du kan nå for å få ei solid dose erfaringspoeng. Om du planlegg litt før du går i gang, stiller du sterkare seinare.

Strategi er mykje viktigare i Dynasty Warriors 6 enn ein eigentleg skulle tru. Sjølv om det ved første augekast berre handlar om å drepe så mange fiendar som mogleg, er det forskjellege andre faktorar du må følgje med på. Til dømes vil du finne mange forskjellege fiendtlege basar rundt om på kartet. Nokre av desse du ta over for å vinne slaget, men mange er valfrie. Det kan likevel vere lurt å å kapre så mange som mogleg. Når du eig ei borg, vil det dukke opp helsebringande gjenstandar der, og om du skulle slite, kan du redde livet om du spring tilbake.

I tillegg vil du finne små festningar stappa fulle av bogeskyttarar. Desse kan bli eit problem når den allierte hæra di kjem springande. Piler kan ta livet av mange ganske kjapt, men om du er smart, og spring og tar ut dette fortet før kampen slår ut for alvor, kan du redde mange liv, og samtidig gjere framtidige kampar lettare for deg sjølv.

Det kan ta temmeleg lang tid å bli ferdig med eit brett. Sjølv om du frå start til slutt teknisk sett ikkje brukar mykje tid, vil du sannsynlegvis døy ofte. Prøving og feiling er ein stor del av Dynasty Warriors 6, og det er nok her mange vil falle av lasset. Det er likevel noko som dreg deg tilbake, og gir deg ei enorm viljestyrke for å få det til. Om du dør er det ikkje spelet sin feil, det er din feil, og dette er du veldig klar over, difor må du berre prøve på nytt, og angripe problemet frå ein ny vinkel.

Det er klart at det kan vere demotiverande å døy kort tid etter at ein har fått til noko stort. Å spele eit heilt brett om igjen kan vere ei utfordring for tolmodet. For å bøte på dette får vi eit ganske smart lagringssystem. I løpet av eit brett kan du lagre spelet tre gongar. Her blir du nøydt til å velje sjølv når du trur du kan avsjå ei lagring. Det høyrest kanskje dumt ut å berre kunne lagre tre gongar, men det får deg til å tenkje meir taktisk, og med det aukar engasjementet, og samtidig underhaldningsfaktoren.

Kva for ein modus i dag?

Dei fleste vil nok kaste seg over «mousu»-modusen først. Gjennom denne modusen vil du kunne spele gjennom historiene til forskjellege krigarar. Det som er viktig å få med seg, er at alle erfaringspoeng i spelet gjeld på tvers av alle modusane. Dette vil sei at om du vel å ta deg ei pause frå historia, og kastar deg ut i kampar basert på tid og kor mange du drep, vil du kunne bli sterkare for dei andre modusane. Dette kan vere til stor hjelp. Om du slit med eit oppdrag, kan du ta deg ei pause, du kan gå spele nokre fullførte kart om igjen, eller prøve deg mot klokka for å byggje deg opp.

Med alle spelet modusar er det likevel samarbeid som rugar høgst. Om du vil kan du spele gjennom historia saman med ein ven, og dette aukar underhaldningsverdien stort. Det blir sjølvsagt mykje lettare, men det er berre å velje ei høgre vanskegrad om det skulle bli kjedeleg. Det einaste problemet med samarbeid er at PlayStation 3 byrjar å svikte litt i store kampar. Det hakkar ikkje, men det går tregt. Det som vanlegvis foregår i eit skyhøgt tempo, kan opplevast som sakte kino i samarbeidsmodusen, om det blir for mykje av det gode.

Akkurat dette er litt rart, sidan spelet teknisk sett ikkje er direkte imponerande. Det er fine fargar og kreativ design, men bortsett frå kantutjevning og litt stemningsfullt lys, er det ikkje mykje utanom enorme mengder soldatar som skulle tilseie at maskina må jobbe hardt. Grafikken kunne eigentleg ha vore mykje betre, men det er sjeldan noko du tenkjer over når du først høgg ned fiendane. Områda er flate og aude, men det einaste du eigentleg ser på er alle fiendane som flyr gjennom lufta.

Konklusjon

Dynasty Warriors 6 er både teit og kult samtidig. Historia er så makabert utført at ein berre må le, og dette gjer spelet så ufrivillig morosamt at det blir litt tøft likevel. Denne delen av spelet er strengt tatt uvesentleg, sidan alt handlar om å ploge gjennom fiendar med spydet først. Du dansar deg gjennom enorme hav av soldatar, og sender dei flygande i alle vindens retningar. Du blir slått ned, sparka, drepen, og alt det der, men du prøvar på ny heilt til du har fått det til. For eit spel som ofte gir deg juling, er det imponerande kor lett det er å gi spelet ein sjanse til. Likar du ikkje spel i denne sjangeren kjem du ikkje til å finne noko her heller, men for alle andre er dette knall underhaldning. Berre ver obs på at Dynasty Warriors 6 kan tære ganske så hardt på temperamentet ditt.

Siste fra forsiden