EAs Star Wars-spel hentar inspirasjon frå Batman

Spelgiganten vil lage spel som står støtt på eigne bein.

Electronic Arts er ikkje interesserte i å lage spel som ikkje oppnår stort meir enn å gjenskape filmane. Det kjem fram i eit intervju CNN har gjort med EA-sjef Andrew Wilson. EA snappa opp rettane til å lage framtidige spel basert på Star Wars-lisensen etter at Disney kjøpte opp LucasFilm seint i 2012.

I staden for å ta oss med inn i kampen for å øydeleggje Dødsstjerna, satsar EA på å lage spel som kan leve separat frå filmane, men likevel kan ha sine eigne liv. EA-sjef Andre Wilson ser til Warner Bros., og nærare bestemt Rocksteady Games sine Batman: Arkham-spel, når han fortel om kva EA vil gjere med Star Wars:

«Warner Bors. tok kjerna ved Batman og manifesterte det innanfor Gotham Citys veggar. Dei skapte ei interaktiv oppleving som hadde verkelege band til det vi får sjå i filmar og lese i teikneseriar, medan spela har sine eigne liv og gir oss djupare og meir involverande historier.»

«Når eg ser på Star Wars, er det slik eg ser på det. Vi prøvar ikkje å lage eit spel som gjenskapar historia i nokon bestemt film.»

Stjernekrig frå Sverige

Teaser-trailer frå nye Battlefront.

Frå før veit vi at svenske DICE jobbar med eit nytt spel i Battlefront-serien, men utover det er vi fattige på detaljar når det kjem til korleis EAs første Star Wars-spel blir. Stillingsannonsar frå i fjor tyder på at det blir eit spel i ei opa verd.

Disneys oppkjøp av LucasFilm blei kroken på døra for eit svært lovande Star Wars-spel. Star Wars 1313 skulle late oss spele som dusørjegaren Boba Fett, men Disney stengde legendariske LucasArts, og det blei slutten på Star Wars 1313.

Opp gjennom åra har det blitt produsert ein heil haug med ulike Star Wars-spel. I fjor haust hadde RetroCrew ein podkast om ein bunke klassiske Star Wars-spel.

Siste fra forsiden