Ei jentes kamp mot indre demonar

Sea of Solitude vil dra i dei sentimentale strengane.

Ein og anna gong kjem det spel som sender ut heilt unike signal og kjensler. Det skjedde med ICO på PlayStation 2, og igjen med Journey på PlayStation 3. Godt mogleg er Sea of Solitude frå tyske Jo-Mei det neste spelet til å gjere det same.

I dette spelet følgjer vi den unge jenta Kay som har fått ei forbanning over seg som sakte gjer ho om til eit monster. For å finne ut kva som har skjedd med ho, og for å finne ein kur må ho ta i bruk ein liten båt og sigle over havet frå stad til stad. Nokre nøkkelelement i spelet vil vere utforsking, gåter, og action.

Dette ser mystisk og lovande ut.

Spelet vil bli levert i episodar på Xbox One, PlayStation 4 og Windows. Når det vil dukke opp er derimot eit ope spørsmål, sidan spelet så langt berre er i prototypfasen.

At spelet er svært tidleg i utviklingsprosessen betyr samstundes at detaljane er svært få, men ein bunke skjermbilete og nokre animasjonar på den offisiselle nettstaden gjev eit lite innblikk i kva vi har i vente.

Einsame eventyr

Sea of Solitude ser ut til å bli eit nytt tilskot i rekka med vakre eventyr der ei einsam sjel reiser rundt på eventyr. Eitt av dei mest etterlengta spela i denne «sjangeren» er The Last Guardian, eit spel frå skaparane av ICO og Shadow of the Colossus.

The Last Guardian har vore under utvikling i det som kan framstå som ein mannsalder, og førre veke spreidde uro seg over at utviklinga var stoppa. Det viste seg heldigvis å vere feil.

Siste fra forsiden