Samletest

Logitech Aurora

Lanserer gamingserie mynta på kvinner

Er kjønnskategoriserte tastatur noko særleg?

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Logitech er blant dei største og mest populære gamingmerka i verda, og lanserte i sommar ein eigen kolleksjon for kvinner.

Prislappen til produkta får meg til å tenke at dette først og fremst er lur marknadsføring. For det er ingen grunn til at menn ikkje kan bruke desse produkta, eller at jenter ikkje skal kunne bruke Logitech sine andre produkt.

Serien av produkt er «designet for å være kjønnsinkluderende, ikke kjønnsekskluderende», kva enn det betyr i konteksten av eit tastatur, ei mus og eit headsett.

Anna enn at gamingmusa er lita og statistisk sett vil passe betre for kvinnehender, ser eg ikkje heilt at me går inn «i en ny spillalder» med desse produkta, slik Logitech hevdar.

Eg er i det heile ein smule forvirra.

Logitech skriv i pressemeldinga at produkta er laga basert på tilbakemeldingar frå kvinner som speler, og designa av kvinner. Det syns eg er eit flott initiativ, men produkta treff neppe betre kvinner enn menn. Dei skriv òg at produkta er laga med kvinner som speler i tankane. Men igjen skal det altså ikkje vere kjønnsekskluderande, så produkta er for så vidt laga for begge kjønn.

Eg veit ikkje.

Uansett.

Er det noko særleg? Me undersøker.

LES SAMLETEST: Stor test av 20 gamingmus – desse gir mest for pengane »

Logitech G705

Først ut er den trådlause musa G705. Dette er ei heilt ny form for Logitech, der det verkar som dei har tatt forma til G305 og lagt til tommelstøtta frå G502 i ei forminska utgåve. G705 fekk ein del pepar på sosiale medium i forkant av lanseringa, men det er ufortent.

Ho er behageleg å bruke trass den vesle storleiken – og vil nok fungere endå betre for dei med mindre hender enn meg. Riktig nok er ikkje dette noko val frå øvste hylle. Det finst meir behagelege former, og vekta på 85 gram er ikkje spesielt imponerande med tanke på kor lita gamingmusa er.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Rullehjulet er heilt middels, høgre og venstre museknapp har lang vandring med mjuk tilbakemelding og museføtene skrapar mot overflata på pulten min.

«Aurora-kolleksjonen oppmuntrer til selvutfoldelse», skriv Logitech. Kanskje det er sideknappane som bidrar til dette?
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sideknappane er derimot tilnærma perfekte. Dei har kort vandring og skarpe, tilfredsstillande klikk.

Lightsync-sensoren er ikkje heilt på linje med sensoren som Logitech brukar i dei beste gamingmusa sine, men det er ikkje noko du merkar på ytinga i spel. Problemet er at batteriet berre held det gåande i 35–40 timar, som er i det kortaste laget.

Musa støttar trådlaus kopling både gjennom ein 2.4 Ghz-sendar (som du kan lagre i ryggen til musa) og via Bluetooth. Bluetooth-koplinga gir betydeleg lenger batterilevetid, men er ikkje brukande til speling. Det er mest for dei som vil ha G705 til kontorbruk.

Det hjelper ikkje at musa kostar heile 1000 kroner. Logitech G305 pleier å ligge rundt 270–350 kroner i pris, og er i praksis det same produktet. Litt RGB, betre sideknappar og ei tommelstøtte er ikkje verd ei tredobling i pris, kortare batterilevetid og ein svakare sensor.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

G705 er først og fremst for dei som syns estetikk er mest viktig. Elles bør du berre kjøpe G305. Eg seier det som eg har sagt i mange andre testar; det er verkeleg på tide at Logitech lagar ein ny versjon av G305 med låg vekt.

Gi oss G305 på 50–60 gram med HERO-sensoren, så har Logitech ein bestseljar i mange år.

6.5
/10
Logitech G705
Kan dei ikkje berre lage ein ny versjon av G305?
Perfekte sideknappar
Trådlaus kopling utan forseinking
Lekkert design
Behageleg passform for dei med små hender
Altfor dyr
Forholdsvis kort batterilevetid
Passar berre for dei med små hender

LES SAMLETEST: Dette er den beste gamingmusa til Logitech »

Logitech G715

Logitech G715 er eit retro-inspirert gamingtastatur med trådlaus kopling både over 2.4GHz-bandet og Bluetooth.

Tastaturet har eit enkelt og tidlaust design som eg like gjerne kan bruke på jobb som på gamingpulten. Det har ikkje fullt så mange funksjonar som toppmodellen G915, men dette er til gjengjeld litt meir vennleg mot lommeboka. Tastaturet er heller ikkje lågprofil.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Tastehettene har tydelege grover som er komfortable mot fingrane, og overflata er ru for å sikre skikkeleg grep.

Handleddsstøtta er ei skumgreie som du legg laust ved tastaturet. Det er forma som ei sky for å stå i stil med temaet til Aurora-kolleksjonen. Komfortnivået er omtrent ikkje-eksisterande, og du finn vesentleg betre handleddsstøtter til lågare pris. For eit tastatur til 2000 kroner er dette svakt.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

G715 kjem elles med GX-brytarar. Du har valet mellom både taktile, lineære og klikkete brytarar, og me har testa den lineære versjonen. Aktiveringa på desse kjem ved 1,9 millimeter, medan den fulle vandringa er på fire millimeter.

Den fulle vandringa gir ein romsleg, låg lyd med eit tilfredsstillande klikk. Lineære brytarar er sett på som det beste valet for speling, men det handlar strengt tatt mest om kva ein er vand med. Eg føretrekker klikkete brytarar då dei er betre å skrive med.

På toppen av tastaturet finn me medieknappar, eit rullehjul for volum og nokre knappar for RGB, spelmodus og tilkoplinga. Igjen er det litt tynt med funksjonar for eit så dyrt tastatur. Du får verken makrotastar eller PassThrough for USB.

Eit særtrekk ved tastaturet er at du kan ta av toppdekselet for å skifte det ut med andre fargar. For meg har det eigentleg berre blitt eit irritasjonsmoment, då det er laust og flyttar på seg om eg kjem borti.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Teknologien for batterilevetid og tilkopling er hovudgrunnen til at det framleis er få trådlause tastatur på marknaden. Her er det ingen merkbar forseinking. Eg kjenner ingen forskjell på tastaturet med og utan kabel.

G915 har dobbelt så langt batterilevetid som dette, som legg ein dempar på kjøpelysta mi her. Med RGB held batteriet koken i mellom 20 og 25 timar. Det ladar fort med USB-C-kabelen, men det er eit lite minus.

Dette er eit lekkert tastatur med ein altfor stor prislapp. Brytarane er glimrande å skrive på og den trådlause teknologien er fantastisk, men du får for lite for pengane.

Handleddsstøtta er mest i vegen, og batterilevetida burde vore mykje betre for 2000 kroner. Eg ville venta til det kjem på sal for å vurdere dette.

7
/10
Logitech G715
Bra, sjølv om det er ingen grunn til å betale så mykje for dette tastaturet.
Trådlaus kopling nesten utan forseinking
Gode og raske brytarar
Komfortable tastehetter
Dedikerte medieknappar og rullehjul for volum
Stilig utsjånad
Tøvete og ubehageleg handleddsstøtte
Høg pris
Ingen makrotastar
Halvparten av batterilevetida til G915

Logitech G735

Det mest interessante produktet i testen vår er det trådlause headsettet Logitech G735. Dette er eit lite og lett gamingheadsett som har nokre av dei mjukaste øyreputene me har vore borti. Dei er skikkeleg gode å ha på.

Prislappen på 2300 kroner plasserer derimot G735 i eit segment med knallhard konkurranse. Her må ein treffe blink.

Det trekkjer ned at kunstlæret blir klamt over lengre bruksperiodar, men dette er, som dei andre Aurora-produkta, noko du like gjerne kan bruke i kvardagen som til gaming. Bluetooth-koplinga har veldig låg forseinking på iPhonen min, og headsettet er stilreint og anonymt nok til at eg gjerne går tur med det.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Bøyelen som justerer headsettet er av metall, så det er lite å seie på byggekvaliteten. Dette toler ein støyt eller to.

Det er ingen merkbar forseinking når eg koplar headsettet til PC-en min med 2.4 Ghz-sendaren, og batteriet held koken i opptil 16 timar med RGB. Talet blir over 50 timar viss du slår av fargane, som er høgst respektabelt. Eg trur faktisk ikkje eg har testa noko anna headsett med så lang batterilevetid før. Eit ekstra pluss er at det er enkelt å spele lyd frå både Bluetooth og 2.4 Ghz på ein gong.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

På venstre klokke er det eit rullehjul for volum, ein påknapp og ein dempeknapp på mikrofonen, medan høgre klokke har ein knapp for å skifte mellom Bluetooth og 2.4 Ghz og ein knapp som lar deg justere volum mellom ulike lydkjelder.

Drivarane på 40 mm når ikkje heilt opp til den beste lydkvaliteten i klassen, men dei er ikkje langt unna. Musikk, film og spel blir kjekt med dette engasjerande, bassdrivne lydbiletet. Dessverre forsvinn detaljane i diskanten, men likar du bass, er dette noko for deg.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Du kan gjere lydbiletet ein smule meir nøytralt med EQ-en i programvara – som gjerne kunne hatt nokre band til.

Lydkvaliteten varierer veldig etter korleis eg plasserer klokkene på øyret. Her gjeld det å sørgje for at dei sit skikkeleg på, kvar gong, for å få mest ut av lydelementa. Når eg brukar briller må eg presse klokkene litt inn mot hovudet for å få den beste lydopplevinga.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Surroundlyden er ikkje så altfor gale. Eg er ingen stor fan av virtuell surround til anna enn speling, men denne går til nauds i musikk og film. Sjølv om lydkvaliteten blir klart verre, gir det endå litt meir driv i bassen som løftar trøkket i eksplosjonane både på filmlerretet og i skytespel.

Den avtakbare mikrofonen er glimrande, og blir endå betre med Blue Vo!ce i programvara.

Skikkeleg lyd, lang batterilevetid, høg komfort og ein presis mikrofon gjer dette til overraskande god valuta for pengane. Eg ville framleis gått for eit av SteelSeries eller HyperX sine headsett i denne prisklassen, men viss du verkeleg likar utsjånaden, så er dette eit bra val.

8
/10
Logitech G735
Testens beste produkt.
Anonym utsjånad
Solid byggekvalitet
Komfortable i bruk
Låg forseinking på den trådlause koplinga
Heftig bass
Klar og god mikrofon
Lang batterilevetid
Basstungt lydbilete er like mykje minus for dei som ikkje likar det
Lydkvaliteten blir redusert viss klokkene ikkje sit skikkeleg
Ikkje for dei med store hovud

SJÅ OGSÅ: Alle våre testar av spillmus »

Siste fra forsiden