Anmeldelse

Terra Nil

Ein forrett uten middag

Terra Nil er bygd på gode idear, men det kunne ha vore så mykje meir.

Terra Nil.
Devolver Digital

Terra Nil er det utviklarane kallar ein omvendt bybyggar. Det er ingen byar her skjønar du, i staden er det naturen som skal vende heim. Litt som når Simba heroisk gir opp sine late dagar saman med Timon og Pumba i Løvenes Konge.

For å oppnå dette må du bryne deg på fire ulike biom. Karta endra seg kvar gong, men utfordringa er i all hovudsak den same. Du startar med ei audemark der ingenting levande har sett sin fot på lang tid. Deretter skal du plassere ut diverse utstyr som steg for steg vil få livet til å vende tilbake. Først må ein få ut straum maskineriet kan køyrast på, og etter det kan ein plassere maskiner som sprer gras, vatn, diverse former for flora, eller aukar eller senker luftfuktigheita.

Det heile er nydeleg avslappande. Det er ei umiddelbare ro og glede i dette spelet. Ein sit og ser på korleis kvar eine vesle ting eg gjer får synlege utslag. Etter kort tid går ein eit stykke land med brun, tørr og livlaus jord, til at busker, tre og elvefar nesten krigar om å kome først til målstreken.

Ein grunnleksjon i naturfag

Spelet byr på ei notatblokk som fortel deg kva oppdraget ditt er.
Øystein Furevik/Gamer.no

Terra Nil er ikkje eit spel som byr på den store utfordringa, men du får ei heil rekke med problem som må fiksast i tur og orden. Av dei har du ei handfull mål som må løysast for å gå vidare, samt ei rekke valfrie. Dei siste er kanskje dei mest interessante. I tillegg til å fysisk endre naturen i Terra Nil kan du òg endre klimaet. Maskiner kan pumpe opp vatn for å auke luftfuktigheita, og ein kan brenne organisk materiale for å få opp CO2-nivåa slik at det blir varmare og ein kan introdusere nye former for planteliv.

Å endre luftfuktigheit og temperatur har mykje å seie, og etter kvart som du når ulike tersklar vil ting byrje å skje på kartet ditt. Ulike former for liv tek plass i verda di, regnet kjem, og om du er riktig flink klatrar laksen opp ei elv eller to.

Å fullføre desse måla har rein praktisk innverknad òg. Eit regnskyll er ikkje berre ein visuell indikasjon på at du har vore flink, det vil òg samle vatn og fylle elvar, kjøle ned lava, og få det til å gro grøne planter der du enno ikkje har nådd fram med teknologien din.

Når alt er grønt og fint skal du rydde opp etter deg, og få dyrelivet til å blome like mykje som plantene. Denne delen hadde ideelt sett vore delt i to, der opprydding og dyrepass gjekk kvar for seg. Grensesnittet i spelet er bygd på ein måte der det er veldig lett å gå rett på opprydding, men om du ryddar opp og fjernar alle spor etter menneske for raskt, kan utsetjinga av dyr bli litt furstrerande.

Dei kan ha store krav desse dyra, og alle ynskjer ein eller fleire former for natur å boltre seg i. Etter å ha forma eit mangfaldig landskap ein er nøgd med er det litt irriterande at ein dyreart ikkje vil slå seg ned fordi dei vil ha ørlite meir skog og elv på same stad enn du har makta å få til.

Det er triveleg å gå framover i dette spelet. Bakover, ikkje fullt så mykje.

Litt lite å bite i

Mykje er gjort når regnet kjem.
Øystein Furevik/Gamer.no

Terra Nil er eigentleg eit fornøyeleg spel, men det er for lite å gjere her. Eg runda spelet på rundt fire timar. Etter det kunne eg bryne meg på variantar av bioma eg allereie hadde vore gjennom, men det bydde ikkje på nok variasjon til at det framstod som noko anna enn rein repetisjon for repetisjonen si skuld.

Denne repetisjonen vil du allereie ha merka når du når dette punktet. Terra Nil byr på fire ulike biom, og kvart av desse har ulike krav. Ein gammal by som står under vatn vil ha andre krav enn ei knusktørr slette. Du får difor uliek verkty, men endringane er sjeldan meir enn kosmetiske, og det framstår difor raskt som berre meir av det same, og lite faktisk nytt å gjere.

Spelet utviklar seg ikkje. Det kastar ikkje inn nye mekanikkar som tvingar deg til å bruke dei gamle annleis, og tenkje nytt. Det hadde vore fint om eg fekk tilgang på fleire nye maskiner som gjorde heilt nye ting, og kanskje ei anledning til å forske fram nye og betre teknologi for å bli meir effektiv i skogsplantinga.

Terra Nil er både underhaldande, avslappande og interessant, men det er over så fort at ein nesten blir litt satt ut. Hadde det vart litt lengre, og bydd på meir innhald hadde ting vore annleis. Det er ikkje mange fleire timar eit sånt spel treng, men det er så mykje potensiale her at det nesten er trist at det ikkje er utnytta.

Det har òg eit par irritasjonar for mange som burde ha vore luka ut. Spelet er unødig keitete til tider. Du må gjere enkelte ting i veldig presist. For eit spel som openbert satsar på å vere ei roleg stund, er det lett å miste den roa når du er nøydd å rive opp heile jobben du har gjort, fordi eit område er akkurat bittelitt for lite.

Oppryddinga som tek alt for lang tid fordi du må gjere heile jobben sjølv, eller heller ikkje ein bonus. Den er ikkje moro, er berre keisam, og den kunne godt ha blitt erstatta med ein stor, raude knapp, eller fleire mekanikkar som spelar på kva ein gjer med det ein resirkulerer.

Spelets beste kvalitet er alle dei små detaljane som viser at jobben nyttar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ei lita naturoppleving

Terra Nils største styrke er kor utruleg avslappande og nesten meditativt det er. Trinn for trinn bygger du deg i retning ei betre verd, og det visuelle designet bak spelet framhevar dette på ein nydeleg måte. Den visuelle stilen er kanskje enkel, men den kommuniserer godt det som skjer, er tydeleg, og gjer det veldig tydeleg kva du gjer, og kva som skjer når du gjer det..

Spelet bugnar over med fine små detaljar. Om det så er dei mange ulike plantene i ulike terreng, eller dyra som vandrar rundt. Ein kan zoome langt inn for å styre livet. Det har ingen praktisk funksjon, men å sjå små dyr boltre seg i den vakre naturen som for kort tid sidan av grå død er ein triumf i seg sjølv.

Grafikken er ikkje minst tydeleg, og om du ser etter noko spesifikt er det alltid lett å finne.

Over alt dette får vi avslappa pianomusikk som klimprar seg inn og ut med jamne mellomrom. Spelet er tilbakelent på lydfronten, og om det er ein ting eg saknar akkurat her, er det meir lyd frå verda. Kontrasten mellom ørken og frodig skog er temmeleg solid, og fuglekvitter og snøfting, pluss ein kval som syng no og då hadde vore herleg krydder.

Konklusjon

Pingvinane kosar seg i alle fall.
Øystein Furevik/Gamer.no

Terra Nil er eit spel eg ikkje heilt veit kva eg skal meine om. På den eine sida er det eit fint, triveleg og avslappande spel eg er glad spelte. På den andre ser eg ikkje heilt føre meg at eg nokon gong kjem til å spele det igjen. Det er visuelt sjarmerande, og mekanikkane er solide, men det framstår mest som eit utgangspunkt. Starten på noko som kan bli noko meir, og det er eigentleg ganske overraskande at dette ikkje er eit Early Access-spel.

Med knapt fire timar speletid er det litt vel lite innmat. Ikkje at alle spel må vere lange, tvert imot meiner eg at for mange spel er for lange, men når du når slutten og kjenner eit snev av vantru, er det eit dårleg teikn.

Om utviklarane held fram med å skape nytt innhald til spelet kan det fort utvikle seg til å blir det spelet det eigentleg burde ha vore dag ein. Terra Nil er absolutt ei avslappande og fin oppleving, men den er litt for kort, og litt for spinkel.

Terra Nil er ute til Windows, Android og iOS.

6
/10
Terra Nil
Eit fint og underhaldande spel som er hakket for spinkelt.

Siste fra forsiden