Feature

Spelåret 2023 - Øystein Furevik

Her er spela Øystein gler seg mest til i 2023

Final Fantasy XVI er på lista til Øystein.
Squaare Enix / Privat

Då var tida der igjen. Nytt år, ny spel, nye moglegheiter. Slike lister er alltid utfordrande, ikkje berre fordi det er så mykje snadder å velje mellom, men òg fordi det er så usikkert kva som faktisk skjer. Mange av dei spela eg ser absolutt aller mest fram til akkurat no, er spel eg ikkje anar når kjem ut. Kjem dei i år? Kanskje, kanskje ikkje, heilt sikkert ikkje.

Vi må difor ta med nokre spel som ikkje blei med på lista. Borte, men ikkje gløyme. Fable er vel kanskje det spelet eg ser aller, aller mest fram til akkurat no, og Avowed frå Obsidian får det til å sikle frå kjeften min etter kva dei fekk til med Pentiment. Dessutan så er det ganske sannsynleg at ein remake av eitt av mine absolutt favorittspel – Final Fantasy IX pluss Final Fantasy Tactics – er på veg. Det må nemnast, sånn berre i tilfelle det skulle vere ein minimal sjanse for at desse spela dukkar opp i år.

Og så var det noko om Senua's Saga: Hellblade II og Dragon's Dogma 2. Det er lov å håpe.

Men no, over til det som ganske sikkert, eller i alle fall forhåpentlegvis dukkar opp i 2023.

LES OGSÅ: Her er spillene Andreas Klebo-Espe gleder seg til i 2023 »

LES OGSÅ: Her er spillene Espen Jansen gleder seg til i 2023 »

LES OGSÅ: Spillene Jørgen gleder seg mest til i 2023 »

Final Fantasy XVI

Plattform: PlayStation 5
Ute: 22. juni

Har denne karen det som skal til for å bli ein ny, ikonisk Final Fantasy-helt?
Square Enix

Som ein livslang Final Fantasy-fan er det ikkje med reint lite spaning eg no ser fram til kapittel 16. Det er naturlegvis med eit ørlite snev av uro. Serien har vore noko ujamn dei siste åra, og namnet Final Fantasy er ikkje for meg det kvalitetsstemepelt det ein gong var. I tillegg må eg seie det er med ei ørlita tåre i augekroken eg ser korleis dei flotte turbaserte kampane blir utradert i storspela.

Det sagt, det er ein haug med svært dyktige folk bak dette spelet, og det ser ut til å endeleg vere eit spel som har kome vår veg utan store utviklingsutfordringar og anna teknisk trøbbel. Det er eit spel som byr på ei heilt ny verd, og endeleg ei skikkeleg fantasy-verd. Her blir det sverd, magi, store beist, choboco og moogles.

Final Fantasy XVI ser ut til å kanskje bli det mørkaste og mest alvorstunge spelet i serien, og vi får håpe det leverer ei historie like minneverdig som dei vi fekk i seriens storleikstid.

Final Fantasy VII Rebirth

Plattform: PlayStation 5
Ute: Q4 2023

Endeleg er vi fri frå Midgar.
Squaare Enix

Eg skal ikkje påstå eg var den aller største fanen av Final Fantasy VII Remake. For all del, det var eit bra spel, men det var jammen mykje tull med det. Det var eit verkeleg unødig langt spel, med mykje elendig fyllstoff som å leite etter kattar medan du eigentleg har langt viktigare ting å ta deg til, og denne uendelege melkinga av Sephiroth som har fjerna all mystikk rundt han, har gått langt nok.

Det sagt, Rebirth har så enormt med potensiale at det er lett å bli svimmel. No skal ei heil verd utforskast, og her er det så lett å utvide spelet utan å måtte ty til meiningslaust fyllstoff at vi raskt kan ende opp med eit uhyre engasjerande spel som tek oss frå den eine fascinerande lokasjonen til den andre medan vi blir kjende med enda fleire karakterar, og får oppleve korleis Square Enix har tolka dei mange ulike hendingane frå originalspelet.

Hogwarts Legacy

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 10. februar

Dette kan bli litt av eit eventyr.
Warner Bros Interactive

Dette er det mange som har venta på. Endeleg eit spel der vi ikkje berre får leike oss i den fascinerande verda til J.K. Rowling, men får bli ein elev ved Hogwarts og får springe rundt og utforske verda med stor fridom. Vi får lage vår eigen elev, ta del i undervisning, byggje venskap, og sjølvsagt ta del i eit eventyr som garantert vil by på mykje dramatikk.

Mitt einaste eigentleg ankepunkt er at vi startar som 5. klassingar. Eg har alltid meina at Harry Potter var best då fokuset var ungar og tematikken var meir lettbeint og humoristisk, så eg håpar verkeleg dette spelet passar på å halde fast på sjarmen og jovialiteten som strengt tatt er ein viktig del av kvifor serien blei så populær.

Octopath Traveler II

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Switch, Windows
Ute: 24. februar

Endeleg eit nytt Octopath Traveler-spel.
Squaare Enix

Octopath Traveler var eit herleg spel med ei heilt unik stemning. Den nydelege musikken blanda med den då ganske unike stilen som blanda gammaldags pikselgrafikk med 3D-miljø skapte noko heilt unikt. Det fantastiske kampsystemet gjorde det og til ei sann fryd å spele. Det spelet først og fremst mangla var ei skikkeleg engasjerande historie. Vi fekk åtte individuelle historier som eigentleg aldri blei til ei.

Akkurat dette skal bli forbetra i Octopath Traveler II. Vi møter framleis åtte ulike personar, og det i ei heilt ny setting, men denne gong skal historiene deira flettast saman, og dette blir spelets mest spanande utvikling. Utover det ser eg fram til meir flott musikk, lekker pikselgrafikk og eit kampsystem som atter ein gong beviser at turbaserte kampar kan vere minst like engasjerande som reine actionsystem.

Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Switch, Windows
Ute: 2023

Dette retrorollespelet står høgt oppe på ønskelista.
505 Games

For nokre år sidan fant skaparane av Suikoden-serien ut at dei ville lage eit nytt spel. Dei koka i hop ein plan, slengde den ut på Kickstarter, og tre timar seinare var suksessen i boks. Eg har venta på dette spelet sidan den dagen, det ser strengt tatt ut som nøyaktig det spelet eg treng akkurat no. Det er eit tradisjonelt, gammaldags japansk rollespel, med ein visuell stil inspirert av dei japanske rollespela på PlayStation One.

Her får vi hundre heltar, musikk frå Motoi Sakuraba som for tida er i storform, og ei stor og omfattande historie. Det som kanskje gjev meg aller mest trua på dette spelet er den fantastisk trivelege smakebiten Eiyuden Chronicle: Rising som kom i fjor. Dette spelet kjem i tillegg på Game Pass, noko som burde gjere det svært lett for dei som berre lurer litt på å sjekke det ut å ta steget.

Suikoden I&II HD Remaster Gate Rune and Dunan Unification Wars

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Switch, Windows
Ute: 2023

Suikoden blir endeleg tilgjengeleg på moderne plattformer.
Konami

Medan vi snakkar om Suikoden, her er Suikoden. Etter mange år i dvale har endeleg Konami vakna og innsett dei har ein heil katalog full av herlege spel å ta av. Heldigvis for oss som likar japanske rollespel har dei valt å hente fram igjen Suikoden-serien. I denne pakka får vi begge dei to første spela i serien, og det er ikkje berre eit gammalt spel til nye plattformer.

Ei og anna endring har blitt gjort for å gjere kvardagen lettare, men først og fremst er det det visuelle som har fått seg eit løft. I staden for å gjere radikale endringar har dei pussa opp det som trengs. Bakgrunnar i høgre oppløysing, betre effekter på angrep og slikt, samt nokre nye spesialeffekter for å bringe verda til live. Om du aldri har fått smake på desse klassikarane finnest det ikkje noko betre tid enn no.

Resident Evil 4

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 24. mars

Eit av mitt beste spelminne er frå første gong eg vandra inn her og blei omringa i ein nervepirrande kamp.
Capcom

Å sitje her 18 år seinare og vente på den nye versjonen av eit spel eg sjølv testa for Gamer.no er ei litt snodig kjensle. Resident Evil 4 var ikkje berre eit Resident Evil-spel, det var eit spel som snudde opp ned på det meste. Det skapte skrekk og gru på eit heilt nytt vis, og det unike kontrollsystemet som riktig nok har sett sine endringar sidan, hadde enormt mykje å seie for bransjen.

Til dømes kunne Gears of War-serien ha vore noko heilt anna utan Resident Evil 4, sidan gameplay og kamera i det spelet henta mykje inspirasjon frå Resident Evil 4. Nok om det, no er det den nye versjonen som står i fokus, og det skal bli vanvittig spanande å gå gjennom denne opplevinga her ein gong til, i heilt ny drakt. Eg har faktisk ikkje spelt dette spelet sidan første gong eg spelte det, og eg gler meg stort til å sjå korleis det heile utartar seg med dagens fantastiske grafikk.

Redfall

Plattform: Xbox Series S/X, Windows
Ute: 2023

Versåsnillogblibra!
Microsoft

Så eg er ein stor fan av gameplayet i Borderlands-serien, men eg er for lenge sidan veldig metta på den pubertale humoren som berre blir verre med åra. Det var bra, ein gong, ikkje no lenger. No er det berre teit. Då eg høyre at Arkane sitt nye spel om vampyrar er ein samarbeidsskytar lettare inspirert av spel som Borderlands visste eg med det at spelet skal vere temmeleg uggent for at eg ikkje skal vie det tid.

Vampyrar har alltid, med unntak av Twilight, fascinert meg, og eg håpar dette spelet kan vere god underhaldning mellom kvar episode av Vampire: The Masquerade: New York by night, og neste sesong av Interview with the Vampire. No håpar eg berre utviklarane har vet nok til å inkludere sofaspeling på delt skjerm så eg kan knerte vampyrar saman med kona mi.

Baldur's Gate 3

Plattform: Windows, Mac
Ute: August 2023

Endeleg er det min tur til å knerte orkar og troll.
Larian Studios

Eg hugsar framleis då eg lasta ned den første traileren frå Baldur's Gate med det eldgamle 56k-modemet vi hadde heime. Den traileren, grovkorna og fæl var likevel noko av det mest spektakulære ein ung Dungeon Master nokon gong hadde sett. Ein noko eldre Dungeon Master ser no for alvor fram til å få leike seg med å mekke eigne karakterar og reise ut på eventyr i Faerûn. Endeleg er det min tur til å spele!

Eg har halde meg langt unna alt av Early Access for å ikkje spolere opplevinga, og veit ingenting om kva som er i vente fordi eg har hatt fullstendig media blackout, noko eg er nesten litt stolt over å ha fått til. Eg kjem nok til å finne på noko veldig uoriginalt som ein alv med langt hår, men kanskje blir eg kreativ og diskar saman barbar som seinare blir bard og trur han er rockestjerne.

The Legend of Zelda: Tears of the Kingdom

Plattform: Switch
Ute: 12. mai

Som om verda ikkje var stor nok tek vi til skyene no.
Nintendo

Det må liksom med. Heilt sidan The Legend of Zelda: A Link to the Past har eg vore stor Zelda-fan. Det spelet er for meg framleis ikkje toppa, og det har noko heilt eige ved seg som er urokkeleg. Breath of the Wild var ein god mal på noko som kunne ha blitt fantastisk, det var berre litt for mykje tullball. Litt for mykje dødt landskap utan noko spanande, litt for mange våpen som knakk berre du såg ekstra hardt på dei, og litt for lite av dei herlege grottene og gåtene spela elles er kjende for.

Med hakket meir av desse elementa trur eg Tears of the Kingdom lett kan bli eit av årets aller beste spel. Verda er der, gameplayet er der, Nintendo må berre fylle det med rett type innhald. Og meir musikk. Hjelpe meg, meir musikk Nintendo, ikkje for meg med enda eit vidstrakt landskap med ei og anna pianostrofe som einaste selskap. Med alt dette på plass kan Tears of the Kingdom bli vanvittig.

Siste fra forsiden