Anmeldelse

Empire Earth 2

Empire Earth er tilbake, og forventar din fulle konsentrasjon. Vikar du frå denne enkle regelen er du i trøbbel.

Side 1
Side 2

Sjølve konseptet til Empire Earth 2 er på ingen måte noko nytt. Du styrer ein nasjon frå tidlege dagar, og inn i framtida. Brutalt sett blir det som ein kjapp heisatur gjennom verdshistoria. Spelet inviterar deg inn til ein forrett beståande av ein bitter opplæringsdel, ein middag av ein litt småtam historie-modus, før det brått overraskar med ein fabelaktig velsmakande fleirspelar-del. Med fjorten forskjellige kulturar, femten tidsepokar, og ein moglegheita for å brutalt stikke kjeppar i hjula for alle dine allierte, er det klart for å ha det litt moro.

Som i eit kvart strategispell byrjar du i det små. Du må skaffe ressursar, bygge hus, sørge for at du har soldatar, og samtidig hugse på å utvikle teknologien din. Det er eit veldig kjent opplegg, og umiddelbart kjenner ein seg igjen. Du bygger gradvis opp basen din, sender ut hæra di, men det er liksom alt. Det er verkeleg få ting som skiljer Empire Earth 2 frå andre spel. Mad Doc Software har heller fokusert på å legge inn så mange element i spelet, at nybyrjarar kjem til å slite med å finne Empire Earth 2 sitt sanne potensiale. Her kjem eit av problema med opplæringsdelen i i biletet. Den går utruleg sakte fram. Du går sannsynlegvis lei tidleg, og går heller i gong med kampanjen. Om du i tillegg er ein av dei som ikkje gidd å lese manualen, kan du gå glipp av nokre viktige ting.

Ein ekstra skjerm Noko av det beste, og mest unike, med Empire Earth 2 er det geniale "bilde i bilde". Nede i høgre hjørne av skjermen vil du finne logoen til Empire Earth 2, og om du har hoppa forbi manualen og opplæringa vil du ikkje vite at dette kan brukast til å raskt og enkelt halde kontroll over kva som skjer på kartet. Ved hjelp av dette vindauget kan du plassere kamera rundt omkring på kartet, for å halde oppsyn med viktige område. Du kan setje det ved bøndene dine, for å sjå om nokon stoppar å jobbe, eller du kan setje det ved kritiske område der fienden kanskje dukkar opp. Sidan du praktisk talt har to skjermar, blir det ein vane å sjå på dette med jamne mellomrom, noko som gjer det mykje lettare å ha oversikt.

Empire Earth 2 har også ein del smarte detaljar for å halde orden på riket ditt. Ved sidan av "bilde i bilde" vil du finne ei rad med ressursar. Der kan du sjå kor mykje du til ei kvar tid har av kvar ressurs. Om du til dømes har veldig mykje stein, men manglar ved, kan du klikke på ved for å hente bønder derifrå, som du deretter kan omplassere til stein. Du finn også ei eiga oversikt som viser kva alle bøndene til ei kvar tid held på med. Å halde orden på bøndene fungerar eigentleg heilt greit, bortsett frå at du er nødt til å sjekke sjølv for å finne ut om du har bønder som ikkje gjer noko. Dette er det lett å gløyme om det er opptatt med andre ting, og det hadde vore fint om denne informasjonen blei vist på skjermen til ei kvar tid.

Vil du kome deg vidare frå spyd og bogar, for å ta i bruk kraftigare skyts, må du forske på teknologi. Du har eit teknologitre du til ei kvar tid kan gå inn på for å velje kva du vil forske på. For å kunne gjere noko som helst her, må du ha teknologi-poeng. Desse får du ved å plassere folk i universitet eller tempel. Di fleire universitet og tempel du har, di fortare får du teknologipoeng. Om du har nok teknologipoeng til å utvikle noko, vil knappen for teknologitreet blinke. Her har du tre kategoriar som kvar har fire ting du kan utvikle. Når ein kategori er fullt utvikla, vil du kunne få ei krone. Kvar kategori har si eiga krone, og om du får denne kan du velje ein bonus du vil ha så lenge krona varer. Om du har utvikla seks forskjellige ting, kan du velje gå fram til neste tidsepoke.

Det er fint med ein plan Kvart kart i Empire Earth 2 er delt inn i soner, og det gjer store delar av spelet til ein kamp om å kontrollere strategisk plasserte soner. Du tar over soner på forskjellige måtar, og det kjem i stor grad an på kor godt plasserte dei er i forhold til eit område du allereie har kontroll over. Om du vil ta over ei sone som ligg tett inntil ei sone du har frå før, treng du kun å bygge ein hovudbygning for å få kontroll. Om du vil ta eit område som ligg for seg sjølv, må du bygge ein hovudbygning og eit fort for å få kontroll. Det tar lengre tid å bygge bygningar i område du ikkje eig, enn i dine område, noko som forsterkar kor viktig det er å tenke over korleis du vil gå fram.

Ein anna måte du kan ta eit område på et ved å ta over hovudbygningen som allereie er der. Du kan enkelt be soldatane dine om å gjere dette, noko som vil ta merksemda deira vekk frå samtlege fiendar i nærheita. Det er kun infanteristar som kan ta over bygningar, og det gjeld å sende dei av garde raskt, slik at ikkje til dømes kanonane dine skyt ned bygningen før det er for seint.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden