Anmeldelse

Epic Mickey

Mikke Mus gjer sitt beste i kampen mot eit håplaust kamera.

Mikke Mus er eit av desse ikona vi alle sannsynlegvis har eit forhold til. For min del starta det med Donald-blada, og vidare derifrå til forskjellige pocketbøker som alle bydde på forskjellige lengre og tidvis episke eventyr. Noko veldig spesielt med mange Disney-figurar, og då spesielt dei mest kjende som Mikke og Donald er korleis dei tilsynelatande kan brukast til alt. Vi møter dei i alle tenkjelege utgåver, og det spelar lita rolla om det er som seg sjølv, eller i rolla som ein kjend person frå eit eller anna stort litterært verk.

Det var nok sistnemnde som for alvor fekk meg til å fatte interesse for dei store og fantasifulle forteljingane om godt og vondt, i god tid før eg hadde nådd min tiande bursdag. Mikke var ein helt. Ein stor helt, og det spela lita rolla kva univers han dukka opp i. Om han dukka opp i rolla som riddar eller detektiv var og er alltid visse ting dei same. Han er smart, han er litt frekk, men innerst inne har han eit veldig stort hjarte.

Sjarmerande filmar dyttar historia vidare

Katastrofe på gang

Sjølv om Mikke har eit stort hjarte har han og eit stort problem, og det er at han er hakket for nysgjerrig for sitt eige beste, og det er slik problema ballar på seg i Epic Mickey. Han forvillar seg inn i rommet til trollmannen Yen Sid, og sidan han finn nokre penslar å leike med, tar han fullstendig av. Der Trollmannen nett har skapt ein flott liten landsby, endar Mikke opp med å rasere heile greia, utan å heilt vite kva han gjer. Når eit digert blekkmonster brått materialiserer seg, skjønar han derimot at noko ikkje stemmer, og har flyktar før trollmannen tek han på fersken,

Dette er – i god Disney-tradisjon – startpunktet for eit eventyr som viser stort respekt for kjeldematerialet, og presterer å dytte vanvittig mange gamle figurar du sannsynlegvis dreg litt kjensel på inn i miksen. Etter kvart som historia byrjar endar Mikke opp i ei verd der alle dei gløymde Disney-figurane bur. Du veit, alle dei som ikkje blei like populære som Mikke. Dei som kanskje fekk seg ein liten teiknefilm eller to før fargane tok over, eller dei som starta og avslutta si karriere i skisseblokka til Walt Disney.

Det er høgst nostalgisk, og vi møter mange kjære ansikt. Klara Ku, Klaus Knegg, og ikkje minst Oswald, den mest forsmådde av dei alle. Ein skapning farleg lik Mikke sjølv, som forsvann frå rampelyset så snart Mikke dukka opp og stal hjarta til små og store verda over.

Verda vi møter Epic Mickey er omlag så nostalgisk at det grensar til å bli rørande, og den er presentert med så mykje kjærleik og omhug at Junction Point med Warren Spector i spissen nesten burde få ein pokal. I alle ledd av presentasjonen skin spelet. Det er eit vanvittig vakkert spel for Wii å vere, og både lyd og musikk klaffar på alle punkt. Det kan praktisk talt lukte Disney frå ende til annan, og det einaste som trekk ned eit lite hakk er den norske oversettinga som tidvis byr på snåle oversettingar med ord og uttrykk for avanserte til at dei nokon gong ville ha dukka opp i bladform.

Eit av dei penaste spela på Wii

Måling og tynnar

Mikke sin jobb i denne verda blir på godt å vondt å rette opp i problema han har skapt. Han blir utrusta med ein pensel som kan sende ut ein stråle med enten måling eller tynnar, og med desse to verktya blir det din jobb å få han til å skru verda saman på riktig måte.

Det heile er innleiingsvis ganske fascinerande. Du spring rundt i dystre og mørke område og gjer ditt beste for å spreie farge, eller ta den vekk. Du kan måle inn forskjellige objekt der du ser ein gjennomsiktig silhuett, eller du kan fjerne objekt for å lage ein veg, eller for å kanskje finne ein skjult skatt. Du kan i tillegg bruke den til å fjerne fiendar, eller for å måle dei over på di side. Det er eit system som er både enkelt og avansert samtidig, og det fungerer for det meste veldig godt. Epic Mickey er i teknisk utføring først og fremst eit plattformspel, men denne penselen sørgjer for at spelet blir mykje meir enn som så. Det blir ein heilt ny måte å løyse problem på, og i god Warren Spector-stil er det sjølvsagt meir enn ein måte å kome seg ut av eit område på.

Sjølv om spelet ikkje byr på gode og vonde val i tradisjonell forstand, kan du i staden vere veldig snill, eller litt rampete. Det heile kjem an på korleis du vil gå fram. Eit stykke ut i spelet får du til dømes valet om du vil hjelpe ein litt frustrert telefon med å få opp straumnettet igjen, får å få ein gjenstand ein irritert landsbybuar har etterlyst. Vel ute av huset du fann telefonen i kan du gå i gong med den potensielt tidkrevjande oppgåva, eller du kan berre sende landsbybuaren inn i huset for å ordne problemet sjølv.

Det er ikkje store moralske spørsmål vi får servert, men det er nok til du stoppar opp til å vurderer korleis du eigentleg vil gå fram. Det er heller ikkje slik at det er ein «rett» veg å gå. Skulle du til dømes bestemme deg for at du skal vere den snillaste av dei alle kan du sjølvsagt det, men ein og annan gong vil du innsjå at sjølv om du helst likar å måle ting på plass, må du av og til fjerne dei òg.

Måling eller sletting, valet er ditt

Kort og konsist

Spelet kastar deg inn i stadig nye område, men ingen av dei er store. Alt skjer i forholdsvis små område om gangen som alle byr på sine problem. Dette er ein veldig god måte å gjere ting på sidan du aldri går deg vill, og alltid veit kva du skal gjere. Samtidig vil forskjellige personar i forskjellige område kome med forskjellige oppdrag, og etter kvart som du reiser fram og tilbake mellom områda er det lett å få ei kjensle av at denne verda er ganske stor, sjølv om den samtidig framstår som lita. Spelet får ein glimrande rytme, og den konstante variasjonen dei nye områda byr på sørgjer for at ein ikkje går lei av utfordringane.

Dette er derimot alt godt eg har å seie om Epic Mickey. Sjølv om mekanikkane og grunnideane er så solide som du får dei, får utføringa meg til å gøyme hovudet i henda ganske ofte. Den største syndaren er kameraet. Det er noko av det verste eg har vore borti, og det oppfører seg som om det har bestemt seg for å øydeleggje moroa for deg. Det stiller seg tilsynelatande inn i ein grei posisjon, berre for å demonstrativt skifte vinkel når du skal gjere eit kritisk hopp. I vanskelege område får du aldri sjå det du vil sjå, og dette skapar ein forferdeleg frustrasjon.

I eit spel der du ofte må hoppe med god presisjon er det ekstremt provoserande når kameraet heile tida stiller seg i ein vinkel som sørgjer for at du ikkje greier å døme avstand på ein god måte. Du kan riktig nok justere på det med piltastane, men dette hjelper ikkje stort når kameraet berre sklir tilbake igjen så raskt du flyttar fingrane igjen. Det er heller ikkje alltid du får lov til å justere vinkelen, sjølv om ingenting tyder på at det skulle vere vanskeleg. Eit alternativ er å sjå ting frå auga til Mikke, men dette er berre delvis til hjelp sidan vinkelen uansett blir ulik den du endar opp med når du skal flytte på deg.

Slike ting er frustrerande, men det er ikkje alt som dreg Epic Mickey gjennnom søla. Penselen du kan måle ting med kan vere veldig vanskeleg å bruke. Ofte peikar Mikke den rett ned i bakken sjølv om du peikar oppover, og om dette skulle skje når ein og annan fiende kjem opp på skjermen, er du i trøbbel. Enda verre blir det av den grøne syra som ligg i dammar her og der. Blir du først dytta ut i den er spelet laga på ein slik måte at det er eit kunststykke å kome seg på land igjen før du er død. Liknande problem kjem frå ting som slår deg ned og slår deg igjen før du kjem deg på beina. Det er grunnleggjande brot på tillit mellom spelar og utviklar, og eg blir mektig provosert av det. Spesielt i eit spel som strengt tatt kjem til å lyse mot den yngre garde i mykje større grad enn oss som bikkar mot 30.

Små plattformsekvensar sender deg frå ei verd til ei anna

Konklusjon

Epic Mickey er eit spel eg har veldig lyst til å like. Presentasjonen er noko av det mest elskverdige eg nokon gong har sett, og det får meg til å mimre tilbake til mine yngre dagar der eg sat godt lent tilbake i senga med dyna pakka opp bak meg, og bladde gjennom mi siste Mikke-bok. Nostalgien spelet vekker er monumental, og den skapar ei glede som aldri heilt forsvinn. Når spelet fungerer er det heilt fantastisk. Det er ein draum for alle som ein gong har elska Mikke, og det vil vere ein draum for dei som diggar han akkurat no.

Om vi skal la stolen stå akkurat der ignorerer vi derimot at Epic Mickey har mange grove feil. Det har eit latterleg dårleg kamera, og fleire designval som burde ha vore luka ut i lang tid før lansering. Totalt sett har spelets negative sider loppa det for mykje av gleda. Mine siste timar i Mikke si verd har vore meir prega av tvang enn av glede, og det er ikkje eit godt teikn. Eg likar Mikke, eg likar å vere i selskap med han, men ikkje når eg skal slite med eit av tidenes mest provoserande kamera.

Siste fra forsiden