Feature

Rocksmith+

Spelet som knakk spelelysta

Ubisoft trur meir er betre og gir oss eit gitarspel ute av takt med sitt publikum.

Rocksmith+.
Ubisoft

Det er ein 50/50 sjanse for at Rocksmith+ fungerer når eg prøvar å spele litt gitar. Allereie her bør det ringe nokre alarmbjøller for dei som vurderer om det er verdt å bruke 150 kr i månaden på Rocksmith+. Det er det i skrivande stund ikkje i nærleiken av å vere, og vi skal gå inn på mange av dei grunnane, men aller først dei tekniske problema eg slit med.

Rocksmith+ er det neste kapitlet i Rocksmith-sagaen. Denne har vi dekka ganske grundig tidlegare, men i korte trekk er det snakk om spel som satsar på å lære deg å spele gitar ved å la deg lære musikk frå favorittartistane dine. Forskjellen denne gong er at i staden for å selje deg eit komplett produkt du kan leike deg med og utvide ved å kjøpe små låtpakkar med musikk frå artistar, er dette ei abbonnementsteneste.

Ja, du høyrde riktig. Ubisoft vil du skal betale for privilegiet å spele dette spelet, og i staden for at du sjølv bestemmer kva pengane dine skal gå til, må du berre krysse fingrane og håpe at Ubisoft legg til noko som passar for deg kvar månad.

Om du luktar ei negativ innstilling på gang er det heilt korrekt.

Fy skam!

Ozzy er med, men det er langt mellom klassikarane.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eg er det du med rette kan kalle over gjennomsnittet oppteken av musikk. Eg har heimestudio, skriv og produserer eigen musikk, og har såleis hakket meir avansert lydutstyr enn det eg vil tippe dei fleste med ein PC har.

Eksternt lydkort med ein haug inngangar, monitorar, og ein rigg skrudd for nøyaktig dette formål; lyd.

Rocksmith+ har vore eit sant helvete. Eg har aldri hatt større problem med å få lyd enn det Rocksmith+ har bydd på. Ingen lydprogram om det så er Cubase eller FL Studio eller fysisk maskinvare har gjeve meg slikt hovudbry. Eg nemner dette fordi kanskje problemet ligg hos meg. Å plugge gitaren gjennom lydkortet slik eg gjer når eg elles spelar gitar går ikkje, eg får lyd, men i motsetning til lydprogram flest klarar ikkje Rocksmith+ å ta kontroll over lydkortet. Så då får eg dobbel lyd. Direkte lyd frå inngangen på min gamle travar UR824, pluss den behandla lyden frå spelet. Eg enda opp emd å måtte grave fram Rocksmith-kabelen frå den første utgåva i serien.

Dette burde kanskje fikse ting, men nei. Det vi endar opp med er lyd som kan høyrast om lag eit sekund etter du slår på strengen. Det går ikkje. Dette problemet var òg til stade på tidlegare Rocksmith-utgåver, men verst om du køyrde gjennom digitalt lydutstyr. Rocksmith var dermed ei betre oppleving på til dømes Xbox 360 enn det var på Xbox One fordi Xbox 360 kunne koplast til anlegget med analoge kablar som forbetra situasjonen, i staden for utelukkande gjennom optisk eller HDMI.

På PC burde ikkje dette vere eit problem, men når eg ikkje får lov til å bruke lydutstyret mitt skikkeleg er det litt vanskeleg å gjere noko med det. Eit kvart lydprogram med respekt for seg sjølv tillet deg å gjere justeringar som gjev deg minst mogleg etterslep, men alt du oppnår her er ein av to ting; etterslep i stadig verre grad, eller metallisk lyd som skrapar i øyra. Det finnest berre eitt alternativ; kassegitar.

Det smartaste Ubisoft har gjort sidan 90-talet er å lage ein mikrofon via mobilapp. Med denne kan du plukke opp ein kassegitar og spele alt du er god for utan eit einaste av problema kabla musikk fører med seg. Spelet er strengt tatt ei heilt anna oppleving med kassegitar, og du kan spele slik med elgitar og forsterkar og. Du slepp det irriterande etterslepet som plagar spelet elles.

Seriøst?
Øystein Furevik/Gamer.no

Kvifor, Ubisoft?

Rocksmith+ har henta inspirasjon av denne nye toskeskapen der alt skal formidlast via video fordi ingen kan lese. Her må du gjennom ein haug med videoar for å kome i gong. Eg prøvde å velje at eg har spelt Rocksmith før så eg veit kva dette går ut på, takk, men likevel tvinga spelet på meg videoar av ei jente som skulle vise meg ikkje berre korleis eg spelar gitar, men korleis eg korrekt slår på strengane, og korleis eg skal halde gitaren for å ikkje bli alvorleg sjuk.

Dette er sjølvsagt greit for dei som er heilt ferske i musikkfaget, men eg har null tolmod for sånt, så det er her eg byrjar å klikke febrilsk på alt eg kan utan at noko skjer, endar opp med gode gamle ctrl+alt+delete, og går og finn på noko anna.

Neste forsøk gjekk hakket betre, men igjen, det er denne moderne presentasjonsforma der alt skal tilpassast deg (les: stappast ned halsen med tvang). Først må du velje kva musikk du likar, og for å kome deg forbi denne skjermen må du velje 12 (eller kva det var) sangar. Gjer du ikkje det får du ikkje kome inn. Problemet er berre at eg ikkje likte nokon av sangane spelet tilbydde meg, men blei nøydd å velje dei minst krenkande musikalspora eg kunne oppdrive. Ut av denne idiotiske samlinga med musikk dannar Rocksmith+ ein musikkprofil av deg som det no skal bruke for å anbefale musikk i sjangrar du har inga interesse for.

Det er her det mest umiddelbare forbetringspotensialet til Rocksmith+ ligg. Om ein berre kan få eit tips om å sjekke ut desse tinga her om ein er fersk, hadde det vore heilt greit. Gje meg val, ikkje tving meg ned eit spor fordi Ubisoft har sin eigen idè om kva som er riktig for meg. Heile denne «sjå kor hippe og kule og med» vi er greia er ei pest og plage og strekk seg heilt til når du nett har runda ei låt og blir gratulert av ei jente som hyllar prestasjonen din opp i skyene, og så må du sjå erfaringspoenga tikke inn berre for å låse opp noko visuelt dill dall eg kika på i to sekund før eg himla litt med auga og klikka meg ut at.

Eit hårreisande utval

Dette er det totale utvalet for rytmegitar i metalsjangeren.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eg likar å spele gitar sjølv om eg på ingen måte kan påstå eg er ein ekspert. Eg er meir den som skriv nokre ting, spelar dei inn, og så går vidare til å programmere trommer og sånt. Eg har godt av å bli betre og eg såg verkeleg fram til å spele Rocksmith+ (sjølv med litt innebygd skepsis for abonnementsmodellen) fordi eg hadde så gode opplevingar med tidlegare utgåver.

Ein av hovudgrunnane til desse opplevingane var at Rocksmith bydde på ei heilt fantastisk samling musikk. Opp gjennom åra har eg fått leike meg med musikk frå Alice in Chains, Deftones, Marilyn Manson, Mastodon og Ghost berre for å nemne det eg kjem på i farta.

Om du går inn i Rocksmith+ med forventningar om noko liknande kjem du til å gå derifrå med opne, blødande sår. Låtsamlinga her er sjokkerande, og eg trur kanskje dette er første gong eg brukar ordet «sjokkerande» i ein tekst, nettopp fordi eg jamt over aldri blir sjokkert. Det skal litt til. Unntaket er kor ofte tabloide aviser brukar ordet «sjokkerande» i overskriftene sine. Det er sjokkerande det.

Men denne samlinga er eit demotiverande slag i trynet for ein kvar som kjem inn med håp og tru om ei betre gitarframtid. Joda, det finnest nokre låter av The Cure og Killing Joke her, men berre frå live-plater (!). Står det verkeleg så dårleg til med lisensfabrikken til Ubisoft at dei ikkje har råd til meir enn live-album i abbonnementstenesta si?

Ikkje misforstå, det finnest god musikk her, absolutt, problemet er berre at den er nesten umogleg å finne. Søkefunksjonen er elendig. Går du inn på låta til eit band du likar kan du ikkje klikke på bandnamnet for å finne alt av same artist, men må ut i søkefunksjonen og manuelt leite fram bandet. Det er bakstreversk og amatørmessig, men mest av alt er det furstrerande fordi det er så lite musikk eg har lyst til å spele. Eg har ikkje høyrt om 90 % av artistane her.

Eg vil spele litt metal, men det er berre 126 låter i metalkategorien, medan det er 1185 låter i latinkategorien. For eit spel som heiter Rocksmith+ er det merkverdig lite rock i spelet. Eg veit ikkje heilt kva utviklarane har tenkt her, men eg tviler litt på at folk kjøper sin første gitar for å lære seg ei låt av Nsync.

Gitarspeling på samleband

Det nye tabulaturet burde glede mange.
Øystein Furevik/Gamer.no

Enda verre blir det når ein innser kva som eigentleg skjer her. Rocksmith+ introduserer Chord Charts, eit genialt og grensesprengande (om vi skal tru Ubisoft) nytt element viss einaste formål er å proppe så mange sangar som mogleg inn i produket. Målet er ein million sangar, eg tullar ikkje.

Chord Charts er uansett ein massiv nedtur. Det er gjort mogleg ved hjelp av maskinlæring som går over ei låt før ein faktisk person sjekkar om resultatet er ok. Det vi får er ein haug med sangar som berre kan spelast med grep. Ingen riff, ingen soloar, ingenting som er skikkeleg moro. Det her er litt som musikkundervisning på barneskulen der alle låter blir dumma ned til Em, D og G, kanskje Am om vi er ekstra dristige i dag.

Ikkje berre er det ei grov forenkling av sangar, der Dropp B-maestroane i Coal Champer på mirakuløst vis no kan spelast i E standard, men det er ei grov forsøpling av det totale låtutvalet. Eg har strengt tatt null interesse av Chord Charts. Dei gir meg ikkje det eg vil ha. Eg vil lære å spele ein sang slik den er spelt inn. Å spele feelingen av den har eg null interesse av.

Det er likevel her vi har enda opp. Ved å bla gjennom alle kategoriane har eg kome fram til at det er nær 9000 låter i Rocksmith+ akkurat no. 1000 av dei er lead gitar. 1000. Det står ikkje stort betre til med rytmegitar. Chord Charts er fyllmassen som lar Ubisoft banke seg sjølv på brystkassa slik at dei snart kan skryte av å ha fleire sangar enn innbyggjarar i Nederland.

Coal Chamber i E Standard.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ein lærdom

Rocksmith+ byr på nokre fine verkty for dei som treng litt kunnskap, gjerne i form av små videoar som viser deg korleis ulike teknikkar skal utførast. Akkurat denne biten kan jo vere litt vrien om ein ikkje veit korleis ulike ting blir gjort. Dette er flott, og ein av dei tinga som kunne ha vore betre i Rocksmith 2014.

Det som er mindre fint er at nesten alt av smarte – og ikkje minst morosame – modusar er borte. Vi finn nokre skalaøvingar og slikt, men gitarspela som gjorde keisam terping til ein leik der du skulle køyre ein bil fortare og fortare – eller kverke zombier med akkordar – er borte. Tilbake sit vi igjen med, vel, keisam terping. Jam-modusen der du kunne spele til eit kunstig band er òg borte, og tilbake sit vi eigentleg utelukkande igjen med eit spel som fungerer dårlegare enn det gjorde for ti år sidan.

Eg blir heile tida irritert over fleire ting. Enten kor upresist programmet framstår der det ikkje snappar opp kva eg gjer med god nok timing, eller viser meg på kronglete vis kva eg skal gjere. I tillegg synest eg den automatisk justerande vanskegrada fungerte betre før. Mange låter fungerer godt med naturleg og engasjerande progresjon, andre blir nesten vanskelegare å spele i sin enkle variant, framfor sin komplette.

Eg måtte dra fram gamle Rocksmith 2014 til samanlikning, og interessant nok framstod dei fleste låtene eg prøvde meg på lettare å meistre der. Å finne fram er òg mykje lettare, med alt du treng mykje meir synleg.

Visse forbetringar finnest, det skal seiats. Du kan no få fram eit lenge etterlengta tabulatur for dei som ikkje er heilt komfortable med dei svevande notane Rocksmith-modellen er bygd på.

Konklusjon

Du får nokre enkle sorteringsval, men det blir likevel så mykje å bla gjennom i nokre sjangrar at ein mistar heilt oversikt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Rocksmith var suverent då det kom, oppfølgjaren Rocksmith 2014 var enda betre, og kunne gjennom sine leikne og artige modusar gjere dei mest nitriste øvingstimar i det minste nokon lunde underhaldande. Viktigast av alt var eit suverent låtutval som bydde på noko for dei fleste, og Ubisoft gjorde ein enorm jobb i å leggje til ny musikk jamnleg i mange år.

Alt dette er byta ut til fordel for eit nesten provoserande produkt der hovudtanken ser ut til å vere klassisk Ubisoft: Kvantitet over kvalitet. Grensesnittet er nok tenkt å vere appellerande til eit større publikum der youtube-modellen skal dytte på deg det dei trur du vil sjå. I realiteten blir det berre slitsamt og masete fordi spelet sjeldan forar meg med det eg vil ha, og gjer det vanskeleg å finne det eg er på jakt etter.

Den noko kjipe realiteten er at Rocksmith+ har gjort det uhyre demotiverande å spele gitar. Om det så er tekniske problem, irriterande brukargrensesnitt, eller det bisarre låtutvalet, så er Rocksmith+ ein gedigen og grovt brent kalkun. Det er veldig få ting eg har mindre lyst til akkurat no enn å spele gitar, og det er Ubisoft sin feil.

Av alle ting eg har å klage på, er det uansett låtutvalet som er verst, det er mykje musikk her. Mykje musikk. Nye låter blir lagt til kvar veke, men er meir betre? Rocksmith+ framstår mest som ein jungel det er vanskeleg å navigere i. Ein må vasse gjennom enorme mengder musikk på jakt etter noko ein er kjend med, eller interessert i. Eg orkar berre ikkje. Det er for tungvindt å bla seg gjennom side etter side med ukjend musikk og måtte klikke seg inn på kvar einaste ein berre for å høyre korleis den går. Ein bitteliten autospel-funksjon hadde fiksa mykje.

Rett skal vere rett, den nye appen du kan bruke for å spele til dømes akustisk gitar fungerer svært bra, og gjer eine og aleine spelet veldig mange hakk betre. Spørsmålet er om den er verdt 150 kr i månaden.

Siste fra forsiden