Test

Finalmouse Ultralight 2

Er dette tidenes beste skytespelmus?

Finalmouse bryt nok ein gong rekordar.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Finalmouse har førebels ikkje slått heilt igjennom i Noreg, men har blitt den store snakkisen når det kjem til gamingmus internasjonalt. Marknadsføringsfolka deira har fyrt opp med det eine samanbrotet etter det andre på Twitter, der det verkar meir som dei driv med å selje draumar og sjølvhjelpskurs enn datamus. Dei hypa opp Ultralight 2 som tidenes beste gamingmus, som ikkje berre skulle få folk til å spele meir og betre, men òg inspirere folk til å bruke meir tid i naturen. Om dei har fått til akkurat det veit eg ikkje.

Men kva galskap dei puslar med har ikkje så mykje å seie, så lenge produkta deira fungerer. Og der har Finalmouse vore den fremste drivkrafta for lette gamingmus. Sist ut i rekkja av produkta deira, Finalmouse Ultralight 2, er den lettaste 3360-musa du kan kjøpe, som òg kjem med plastbitar til å endre storleiken på produktet. Desse kan klistrast på, for å tilpasse forma til handa di.

Les også: Test av Finalmouse Air58 »

Design og komfort

Ultralight 2 er særs liten. Forma er – utan ekstrasidene – identisk til Finalmouse Air58, men minska. For å finne ein samanliknbar storleik, må ein fort ned mot produkt som Logitech G305. Ultralight 2 er ikkje heilt så liten, men ikkje langt unna. Mine hender på 18,5x9 centimeter er omtrent perfekte for den når eg brukar klogrep.

Ultralight 2 er full av hol som forgjengaren, og har krympa ned nokre storleikar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Komforten er på topp, sjølv om den ikkje fyller opp like mykje av handa som dei andre Finalmouse-modellane. Her går det mest på handstorleik. Med «infinityskin»-bitane kan ein få nokre ekstra millimeter på sidene og toppen, slik at dei med litt større hender òg kan bruke dei. Skilnaden er såpass liten at dette blir litt smakssak, og det er greitt å prøve seg fram. Ein kan til dømes skippe topplappen, og berre ta på ekstrasidene viss tommelen ikkje har nok støtte.

Det er nokre få produsentar som har prøvd seg på modulært design, og det vil eg veldig gjerne sjå meir av. Valfridom er alltid eit stort pluss. Dette ber preg av å vere litt heimesnikra, men så lenge det fungerer så kan eg leve med det.

Forskjellane mellom Ultralight 2 og Air58 er først og fremst storleiken og rullehjulet.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg merka frå første stund at eg kan flikke meir effektivt med Ultralight 2 enn tyngre mus i skytespel. Den latterleg låge vekta gjer at den kjenst veldig annleis frå andre datamus eg er vand med, for eg kan liksom «sjonglere» Ultralight 2 mellom peike- og veslefingeren min, som igjen opnar for at å flikke mellom fiendar i skytespel blir ein leik. Det hjelper òg veldig på at kabelen er ein Paracord, som igjen betyr at musa omtrent kjenst ut som den er trådlaus.

På kjøkkenvekta mi veg Ultralight 2 51 gram. Med ei så lett mus vil ein del måtte ha ein liten tilvenningsperiode, men det er så definitivt verd å investere litt tid i.

Byggekvaliteten er stort sett det folk er skeptiske til Finalmouse for, og spesielt når denne er såpass spinkel og skrøpeleg. Eg høyrer ein og anna ulyd viss eg presser sidene inn mot midten, som først gjorde meg uroleg då mange har meldt om tekniske feil, men sjølv har eg eigentleg ikkje merka noko anna. Ultralight 2 har vore fast inventar på pulten min i snart fire månadar no, og eg har ikkje hatt eit einaste problem med produktet. Det er heller ikkje rart at den kjenst litt skrøpeleg med tanke på kor lett materiale produsenten har brukt her.

Knappar

Sideknappane kunne ikkje vore betre.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Finalmouse Ultralight 2 kjem med fem knappar og eit klikkbart rullehjul. Oppsettet er igjen likt som på Air58, men avstanden opp til sideknappane er naturlegvis litt minska. Med min handstorleik er det slik at tommelen kvilar på undersida av sideknappane, som er akkurat den rette høgda for meg. Dei er såpass velplasserte at eg godt kunne brukt desse til skyteknapp i staden for venstre- og høgre museklikk.

PPT-knappen sit igjen på toppen, som rullerer gjennom fire forskjellige PPT-modusar: 400, 800, 1600 og 3200.

Rullehjulet er ikkje fullt like bra som på Air58. Utsjånaden er kul med eit gjennomsiktig hjul dekkja av eit oransje gummibelegg oppå, men trinna er for mjuke og tilbakemeldinga er i overkant slapp. Summen er at det opplevast ganske middels.

Høgre- og venstre museklikk er derimot nok eit høgdepunkt for musa. Det skarpe lyden frå klikket fungerer som fin tilbakemelding, utan at det lagar for mykje støy.

Sensor

3360-sensoren gjer jobben, og sørger for feilfri yting. Det er likevel eit lite minus at Finalmouse framleis ikkje har ein oppdateringsrate på 1000 hertz.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

For gamingmus over rundt 500 kroner, byrjar denne kategorien i testane våre å bli noko poenglaus. Sensorteknologi har kome så langt no, at sjølv mellomklassemus kan by på feilfri yting. Finalmouse brukar her same sensor som sist; PixArt 3360.

3360-mus har perfekt pikselsporing og spinn ikkje ut. Det er lite å seie på dei. Dei finessar som finst på dyrare sensorar er stort sett ekstrautstyr som ein eigentleg ikkje treng, med mindre det er snakk om trådlause versjonar – noko Finalmouse bør få på plass snart.

Av ein eller anna grunn insisterer Finalmouse på å bruke ein oppdateringsrate på 500 hertz, der omtrent alle andre gamingmus har 1000. Ikkje at eg trur du kjem til å merke forskjellen, men det er litt rart.

Sensoren støttar eigentleg PPT opp til 16 000, men i og med at Finalmouse ikkje brukar noko programvare, må du trikse litt for å få tilgang til høgare PPT-trinn. Programvara til Dream Machines DM1 Pro S fungerer med Finalmouse-produkt, så du kan prøve deg litt fram der om du må. Det er òg mogleg å stille sensoren opp til 1000 hertz der, men det er nok ein god sjanse for at du seier frå deg reklamasjonsretten i så fall.

Konklusjon

Det er altså lite negativt å seie om Finalmouse Ultralight 2. Vekta er den lågaste av alle 3360-mus. Sideknappane er glimrande, designet er behageleg og sensoren er feilfri. Rullehjulet er middels, greitt nok, men det er ikkje akkurat noko stort minus. Det blir godt balansert ut med at du ikkje treng programvare for å bruke produktet, og at det kjem med ekstra sideklistremerker slik at du kan finne den rette passforma for deg.

Så kvifor er ikkje tiaren ute? Jo, fordi dette er Finalmouse. Dei har vore først ute med lette mus og har drive marknaden framover, og det betyr stive prisar. 1200 kroner, faktisk. Det er veldig, veldig mykje for ei kabla mus. Nokre klistremerker som sannsynlegvis ikkje kostar produsenten meir enn femti øre, er ikkje heilt nok for at me skal tilgi dei her. Spesielt når Glorious Odin sel liknande produkt til halvparten av prisen.

Summen er ei eksepsjonell mus – som fort kan ende opp på toppen av samlekåringa vår –, men som samstundes gir deg ganske lite for pengane. Men har du først litt pengar å bruke, er det umogleg å ta feil med Ultralight 2. I motsetning til dei førre produkta har dei faktisk produsert nok av denne òg, så for ein gongs skuld er det mogleg å kjøpe ei Finalmouse-mus etter lansering. Om dette er tidenes beste datamus er vanskeleg å svare på. Logitech har framleis den beste teknologien, Glorious Odin gir mest for pengane, men er låg vekt det viktigaste for deg, kan Ultralight 2 vere svaret.

Er du ute etter alternativ til Finalmouse Ultralight 2, har me testa ei rekkje av årets beste mus. Trykk på lenkja for å sjå oversikt over testane våre »

9.5
/10
Finalmouse Ultralight 2
Finalmouse Ultralight 2 er eit aldeles fantastisk produkt, men svir for lommeboka.
Heimesnekra modulært design
Den lettaste spelmusa du kan kjøpe
Topp passform
Feilfri sensor
Fjørlett tøykabel
Ingen programvare
Perfekte sideknappar
Svindyr
Litt skrangling i konstruksjonen
500hz oppdateringsrate

Siste fra forsiden