TEST: Finalmouse Air58
(Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

Fjørlett skytespelmus under 60 gram

Finalmouse Air58 flyttar grenser, men er omtrent umogleg å få tak i.

Finalmouse har aldri vore eit stort merke i Noreg, men den nye lanseringa deira, Air58, har hatt enorm etterspurnad i USA. Med ein mildt sagt spesiell marknadsføringskampanje har produsenten påstått at den nye musa deira kjem til å endre liv – til og med få spelarane til å bruke meir tid ute. Blant anna har dei sagt at den kjem til å bli fin nok til å fungere som ein museumsgjenstand, og at folk kjem til å få bakoversveis over «seksualiteten» til produktet.

Eg tviler sterkt på at noko av dette er tilfellet, men det er ingen tvil om at den fjørlette datamusa Finalmouse kom ut med i desember er eit toppval til skyte- og MMO-spel.

Finalmouse Air58 er ei stor mus med ein feilfri sensor, og er den lettaste kompakte datamusa du kan kjøpe i denne storleiken. På i underkant av 60 gram er det ingen andre produsentar som kan konkurrere med denne på vekt, og låg vekt er ein av dei viktigaste faktorane ved kjøp av datamus.  

Design

Alle dei siste produkta frå Finalmouse har vore kjenneteikna av låg vekt med konstruksjonar dekkja av små hol. Air58 er ikkje noko unntak. Forma på Finalmouse-mus dei siste åra har vore blant dei beste, og difor er det knapt endringar frå det førre produktet deira, Finalmouse Ultralight. Som ein forventar ligg musa godt i handa for alle handstorleikar.

Den slake bøyen på toppen sikrar ein behageleg kvileposisjon for handbaken. Sidene er av den same plastikken som resten av musa, men dei mange hola gjer at ein ikkje glir, sjølv med sveitte fingrar. Det ser kanskje ut som det er ubehageleg med alle hola mot huda, men det er ikkje tilfelle.

Air58 kjem i same form som Finalmouse Ultralight, men er ti gram lettare og har eit betre rullehjul. Foto:  Mikkjell Lønning/Gamer.no

Vekta er sjølvsagt det store plusset med Finalmouse Air58. Til dagleg brukar eg Logitech G Pro Trådlaus som standardmus, og eg hadde ikkje trudd at eg skulle merke såpass stor forskjell på 20 gram som eg gjer her. Etter nokre dagar bruk av Air58, kjennest G Pro Trådlaus skikkeleg tung i forhold. Om vektreduksjonen gjer noko stor forskjell på kor ofte eg treff hovudskot er meir usikkert, men på generell basis vil eg seie at lågare vekt er betre, i alle fall ned til eit visst punkt. Kva det punktet er veit eg ikkje, men det er definitivt lågare enn 60 gram. Om ikkje anna, så sparar eg handleddet for ein del slitasje.

Kabelen er òg eit klart høgdepunkt her. Eg var litt skeptisk til å gå tilbake til kabla mus etter å ha køyrt trådlaust i nokre månadar, men den fletta, tau-liknande kabelen til Air58 er så lett at eg knapt merkar den. Skolisser er ei naturleg samanlikning her.

Air58 er dekkja av små hol for å kutte ned på vekta til kroppen. Foto:  Mikkjell Lønning/Gamer.no

Elles kjem datamusa i to versjonar; raud og blå. Designet på desse vil alltid vere slåande på grunn av alle hola, men fargane er òg balanserte. Kontrasten mellom kirsebær-raudfargen på kroppen og dei svarte sidene gjer seg godt, der haiku-diktet i kvitt på rullehjulet er sjølve toppen på kransekaka.

Finalmouse Air58-versjonane er i utgangspunktet tidsavgrensa, slik at nettstadar som eBay og Finn.no blir den einaste måten å få tak i ein ny. Den raude versjonen blei seld ut frå Maxgaming på få timar her i Noreg, men eg vil tru at Finalmouse kjem til å lage ein ny versjon av musa utan Ninja-branding i framtida. Med Finalmouse Ultralight har dei vanlegvis fylt på lageret etter 3-4 månadar, så ein kan mest sannsynleg vente ein ny versjon før sumaren.

Knappar

I utgangspunktet er Air58 designa for å kunne brukast med både høgre- og venstre hand, men i og med at sideknappane er på venstre side, er dette først og fremst eit produkt for høgrehendte.

Totalt har musa fem knappar, samt eit klikkbart rullehjul. Lyden på høgre- og venstre museklikk er romsleg og relativt høg. Dette gjer at klikka kjenst tilfredsstillande med den korte reisedistansen, men samstundes kan bli litt irriterande for venene dine viss du sit med mikrofon på Discord eller noko slikt.

Rullehjulet er glatt, og har ein ganske mjuk feedback når ein brukar det. Kvart trinn er kort, men det er altså berre ein hastigheit her. Dette er uansett ikkje eit produkt for dei som har produktivitetsoppgåver som hovudfokus. 

Tidlegare produkt frå Finalmouse har fått ein del peppar for svak byggekvalitet på rullehjula, men produsenten skal visstnok ha styrka rullehjulet på Air58 for å hindre dei same problema. Om dette er sant eller ikkje er litt tidleg å seie, men førebels fungerer det som det skal. Ein negativ konsekvens av den låge vekta er at byggematerialet til konstruksjonen (plast) verkar billig. Eg har ingen grunn til å tru at rullehjulet eller resten av plasten kjem til å svikte med det første, men eg er ein smule skeptisk til kor lenge denne musa vil vare ved aktiv bruk over lengre tid. 

Sideknappane er perfekte for dei med store hender. Foto:  Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sideknappane er plassert heilt på toppen av sida, slik at store hender er ein fordel. Dette kjem litt an på kor langt fram ein har handbaken i forhold til musa, men for mi hand på 18,5 centimeter er knappane nesten perfekt plasserte. Viss eg flyttar tommelen opp ein halv centimeter har eg den beste posisjonen for å trykkje sideknappane inn, der eg berre kan rulle litt på tommelen. Folk med mindre hender enn meg vil nok slite meir, men slik har det vel alltid vore med datamus frå Finalmouse. Me har venta på ein mindre versjon i årevis, utan at det er noko teikn til at det kjem til å skje.

Sensor

Finalmouse Air58 er utstyrt med ein PixArt 3360-sensor. Denne er i utgangspunktet feilfri, og i mi testing har eg ikkje merka noko grunn til å klage på ytinga. Pikselsporinga er nøyaktig, og musa spinn ikkje ut.

Det som er rart er at datamusa berre støttar oppdateringsrate på 500 hertz. Det er litt 2008. Ikkje at forskjellen mellom 500 hertz og 1000 hertz er stor, men det er dei som seier at dei kan merke ulikskapen. Her trur eg det er ein del forskjell frå person til person. Har du ei mus med programvare som kan byte mellom desse to modusane, ville eg prøvd litt att og fram, for å vere sikker på at det ikkje er noko problem.

Elles støttar Air58 fire trinn av PPT («punkt per tomme», følsemda på musa); 400, 800, 1600 og 3200.

Programvare og RGB                

Eh, ja. Finalmouse Air58 har verken programvare eller RGB. Det er kjekt for dei som brukar «vanlege» PPT-trinn, mindre så for oss som ikkje følgjer norma. Eg speler med PPT på 1200, som betyr at eg ikkje kan få dette med denne musa. Eg måtte rett og slett byte om på PPT ned til 800. For meg er ikkje dette noko stort problem då eg har skreve ned distansen eg brukar på 360-rotasjonar i alle spel og enkelt kan endre følsemda i spela for å få same distanse som før, men dette kan vere eit minus viss ein ikkje har noko måleband liggande. Ingen programvare betyr òg at ein ikkje kan sette opp makroar eller binde om knappar utan tredjepartsprogramvare.

Den slake bogeprofilen over ryggen gjer at handteringa av Air58 er særs behageleg. Foto:  Mikkjell Lønning/Gamer.no

I teorien er det ei løysing for dette, då ein kan bruke programvara til Dream Machines DM1 FPS med alle Finalmouse sine produkt til å endre knappar, PPT og oppdateringsrate. Det skal kunne fungere, men det er neppe er noko offisiell løysing (dog funka det ikkje for meg). Ein risikerer at musa døyr ved å endre på oppdateringsrate, samt at garantien går ut ved bruk av denne programvaren. Sjansen for at noko går galt viss ein endrar PPT er minimal, men eg ville tenkt meg om to gongar. Dersom du ikkje har ein «standard»-PPT, bør du heller finne fram eit måleband på musematta, og sjekke kor mange centimeter du brukar på ein 180 eller 360 i spela du driv med.

Mangelen på programvare gjer at denne er litt vanskeleg å vurdere. Dei som kjøper musa er gjerne klar over dette og bryr seg ikkje, men det er ikkje til å kome unna at Air58 ville vore betre med fleire tilpassingsmoglegheiter. Dette drar ikkje karakteren ned, men eg ville antakeleg funne fram tiaren med programvare. 

Konklusjon

Finalmouse held fram med å bryte grenser for kor lite ei datamus kan vege. Air58 kuttar 10 gram på vekta til Ultralight, og introduserer ein betre kabel og eit meir solid rullehjul. Dei har ikkje akkurat klart å oppnå dei latterlege måla dei sat i marknadsføringa si, men dei leverer uansett ein av marknadens beste skytespelmus. 

Det er samstundes vanskeleg å ikkje vere skuffa. Marknadsføringa hinta til at dette kom til å vere noko anna enn det me har sett frå produsenten frå før – som det ikkje er. Dette er i praksis ein Finalmouse Ultralight med lågare vekt og eit malingsstrøk. Dei lova òg at det ikkje skulle vere noko form for branding, men det er det jo. Om dei endeleg kjem til å lage ein variant for dei med mindre hender er difor førebels eit ope spørsmål.

Eg ville ikkje oppgradert frå Finalmouse Ultralight til denne, men dette er definitivt eit betre produkt. Det blir spanande å sjå korleis Air58 klarar seg opp mot den komande datamusa frå Glorious Odin, som etter rykte har nokolunde lik form og vekt som Ultralight, men med RGB.

Eg er framleis usikker på om Air58 vil erstatte Logitech G Pro Trådlaus til min daglege bruk på grunn av den litt svakare sensoren og mangel på programvare, men dette er utan tvil den beste 9/10-musa me har testa så langt.

Er du ute etter alternativ til Finalmouse Air58, har me testa ei rekkje av årets beste mus. Trykk på lenkja for å sjå oversikt over testane våre »

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Vurdering

9/10
Fantastisk
"Air58 er ei fantastisk skytespelmus, og får ein tiar av oss når det kjem programvare. "

Pluss

  • Under 60 gram utan kabelen (61 med litt på vekta)
  • Feilfri sensor
  • «Plug and play» utan programvare
  • Flott design
  • God passform
  • Den beste musekabelen me har kome over

Minus

  • Oppdateringsrate på 500
  • Mangel på programvare gjer tilpassing tungvint viss ein treng det
  • Umogleg å få tak i

Kommentarer (19)

Siste Tester

Se alle tester »

Forsiden akkurat nå

Til toppen