Test

Logitech G Pro Wireless

Eit soleklart 10/10-produkt

Logitechs nye trådlause datamus er farleg nær perfeksjon.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Over dei siste åra har Logitech posisjonert seg som ein klar marknadsleiar på trådlaus mus. Dei har satsa hardt, og resultatet har vore at forskjellane mellom kabla og trådlaus mus er forsvunne. No er det strengt tatt fleire pluss med dei trådlause enn med kabelmusa. Forseinkinga er vekke.

Logitechs trådlause versjon av G Pro har vore særs ettertrakta. For dei av oss som følgjer med på forum som MouseReview-subredditen, har det vore vilt med spekulasjonar om når den skulle kome. Og no er den endeleg her – og me har fått leika oss med dette tekniske vedunderet i nokre veker.

Takka vere HERO-sensoren har me no fått ei lita mus som kan brukast med trådlaus lading. Logitech G903 og G703 er monaleg større enn denne, så dette er kjekt for oss med små eller mellomstore hender.

Prisen på Logitech G Pro Wireless ligg for augeblikket på 1600 kroner, som er over dobbelt så mykje som det tvillingen G305 kostar. Men eg har ingen problem med å bla opp så mykje pengar, for denne er meir enn verdt det for entusiastar.

Sensor

Den nye HERO-sensoren som Logitech puttar inn i alt av trådlause mus for tida, er ærleg talt ein liten revolusjon. Sensoren i Logitech G Pro Wireless er ikkje noko annleis enn den versjonen av HERO me finn i til dømes Logitech G305 – dei yter identisk – men eg ser eigentleg ikkje korleis det er mogleg å gjere denne noko betre.

Logitech-familiebilete samla på PowerPlay. Frå toppen: Logitech G903, G Pro Wireless, G403 og G305.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Om det finst noko forskjell på denne sensoren samanlikna med det ein finn i kabelversjonen, så klarar ikkje eg å legge merke til det i alle fall. Eg har prøvd meg på både testar i reaksjonstid og testar av sensoren. Er dei kabla musene frå Logitech betre, så snakkar me forskjellar på nokre få millisekund. Neppe noko som det er mogleg å legge merke til. Logitech sjølv seier i marknadsføringa si at ein oppnår det same innanfor eitt millisekund. Det er så lite at eg anar ikkje korleis eg faktisk skulle ha testa det.

Eg trur det er trygt å konkludere med at alle fordommar mot trådlause mus kan leggast vekk, i alle fall når det kjem til Logitech. Dei har jobba hardt med forskings- og utviklingsverksemd i det siste, noko som er reflektert i prisen til Logitech G Pro Wireless, men dei har verkeleg flytta grensene for kva PC-tilbehøyr kan vere. Utviklingsprosessen til denne musa har tatt monaleg lengre tid enn vanleg, for Logitech har hyra inn ymse e-sportproffar og testarar for å gi tilbakemeldingar på produktet.

Les også: Razer Mamba HyperFlux imponerte oss, og har ein sensor på same nivå som HERO»

Design

Logitech G Pro Wireless plasserer seg midt mellom G403 og G305 når det kjem til storleik, men veg mindre enn begge to. Altså er den smalare og lågare enn G403, mens baksida er langt mindre kantete enn den me finn på Logitech G305. G Pro Wireless rettar opp i dei tinga eg mislikte med G403 og G305, så dette er etter mi meining den beste forma på ei datamus som Logitech har laga.

Designet er enkelt, og forma minnar ein del om Zowie FK1.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

G Pro Wireless passar perfekt for dei med små eller mellomstore hender, uansett kva greptype ein brukar. Takka vere ambidekstridesign er den òg tilpassa både venstre- og høgrehendte, på same vis som G305. Dette kan ofte vere eit minus, men som på G305 har Logitech fått til eit ergonomisk design som ikkje går på bekostning av ytinga.

Museknappane er av høgaste kvalitet.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Vekta er noko anna som verkeleg har gitt meg bakoversveis her. Stort sett må ein forvente at trådlause mus legg seg godt over 100 gram (G305 veg 97 gram, til dømes), men no har Logitech laga noko som kan ta opp kampen mot dei lettaste, kabla skytespelmusa. Med PowerPlay-batteriet veg denne berre 83 gram, og heilt ned i 78 utan batteriet. Det forstår eg verkeleg ikkje korleis dei har fått til. Eg var overraska over slankekuren Logitech gav G305, men no har dei tatt dette til eit nytt nivå. Får me sjå FinalMouse Ultralight-tal i neste omgang, kanskje?

Når det kjem til sjølve batteriet, så skal musa vare 48 timar med RGB, og 60 timar utan. Du kan lade ved å plugge inn ein USB-kabel, eller ved å bruke PowerPlay.

Eg syns både Logitech og Razers ladematter er litt for små, men det er eigentleg ikkje noko problem. Det fungerer fint å ha to musematter liggande på grunn av den lange batterilevetida. I spel finn eg fram ei større matte, så hiv eg heller PowerPlay oppå den andre matta dei gongane eg berre surfar på nettet. Gjer ein det slik, så vil musa aldri gå tom for straum.

Knappar

Logitech G Pro Wireless byr på sju dedikerte knappar og eit klikkbart, taktilt rullehjul. Her blir me servert det eine høgdepunktet etter det andre. Kvaliteten er topp. Høgre- og venstre museklikk kjenst responsive og kjappe med ein fin lyd, og sideknappane er perfekt plassert slik at ein berre treng å rulle tommelen litt opp for å trykke dei inn.

Sideknappane er modulære, og kan erstattast med medfølgjande plastbitar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Som med Logitech G903 får du modulære sideknappar på G Pro Wireless. I eska følgjer det med fire plastbitar, som du kan sette inn i staden for knappane. Ein kan altså velje fritt kor mange knappar ein treng.

Det kjekke med dei to ekstra sideknappane er at det gjer musa til eit nyttig verktøy i produktivitetsoppgåver. Dei siste månadane har eg brukt to ulike mus til ei kvar tid; Logitech G903 for jobb og ei anna for speling. No kjem Logitech G Pro Wireless til å fylle begge desse rollane framover.

Noko anna eg verkeleg set pris på, er at PPT-knappen ligg på undersida av musa. Eg har ikkje heilt kjøpt det «sniperknapp»-konseptet med at ein skal byte PPT for å sikte inn med kikkertsikte. Det verkar ein smule tungvint, så det har eg aldri gjort. Difor syns eg dette er den beste plasseringa. På dette viset er ein sikker på at PPT-knappen aldri kjem i vegen for noko.

RGB og programvare

PPT-knappen har blitt flytta til undersida. Eit pluss for dei fleste, men noko å tenkje på viss ein faktisk har bruk for ein sniperknapp.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Logitech Gaming Software har me skreve mange gode ord om før, og denne gongen er ikkje noko unntak. Som alltid får du faner for makro og omprogrammering av dei ulike knappane, ei for å tilpasse musa til nye underlag, ei for RGB, og ei for avanserte innstillingar som endring av PPT.

Her kan du rullere mellom fem ulike PPT-nivå, frå 100 til 16 000.

Når det kjem til RGB, er det ikkje så mykje å leike med her. Musa har berre ein sone, og den vil du neppe legge merke til, då handa di vil ligge rett over den. Det blir mest symbolsk, dette her. Eg set alltid pris på litt forseggjord RGB, men det er ikkje akkurat noko minus viss det blir kutta. Logitech har haldt utsjånaden på G Pro Wireless enkel og smakfull, og det er definitivt ikkje noko behov for diskolys her.

Konklusjon

Kor godt ein likar forma på ei datamus vil variere frå person til person. Det går på kva type grep ein har, nivået på følsemda ein brukar, kor stor hender ein har. Difor er det alltids lurt å ta ein tur i fysisk butikk før å prøve seg litt fram. Men eg er ganske sikker på dei aller fleste vil sette stor pris på Logitechs nye toppmodell.

Baksida har fått ein langt mindre aggressiv bogeprofil enn det G305 har.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

For meg er Logitech G Pro Wireless den perfekte forma – og det same inntrykket trur eg veldig mange andre kjem til å få. Med mellomstore hender (mine er 18 cm lange, 9 cm breie), er dette den optimale forma for alle moglege speltypar. Takka vere ekstra sideknappar kan denne få jobben gjort i MMORPG og MOBA-spel, samstundes som den fungerer fint som medhjelpar på kontoret. Skytespel er langt frå det einaste denne datamusa er brukande til.

Vanlegvis legg eg ganske stor vekt på pris i slike testar, men denne datamusa er i ein klasse for seg sjølv når det kjem til kvalitet og yting. Med tanke på kostnadane som har gått inn i produksjonen, syns eg det får vere greitt at denne førebels er reservert for entusiastar. Logitech G903 var endå dyrare då den kom ut.

Eg har eigentleg ingenting negativt å seie om Logitech G Pro Wireless. Logitech har overgått seg sjølv her.

Ute etter eit matchande tastatur frå Logitech? Les vår test av Logitech G513 Carbon »

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
10
/10
Logitech G Pro Trådløs
Logitech G Pro Wireless er den beste datamusa pengar kan kjøpe.
Feilfri sensor
Modulære sideknappar
Den lettaste trådlause musa du kan få tak i
Støtte for trådlaus lading
Briljant passform
PPT-knapp på undersida
Brukarvenleg programvare
Plass til vektlodd viss ein vil ha tyngre mus
Pris

Siste fra forsiden