TEST: Logitech G513 Carbon RGB Gaming
(Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

Gode brytarar, stilig design og solid byggekvalitet

Handleddstøtta er nesten verdt pengane i seg sjølv.

Logitech G413 er ein av dei beste mekaniske tastatura i mellomklassen. No er storebroren kome, og me har brukt ei vekes tid på å teste den. Prisen er skrudd opp til 1700 kroner, tastaturet har fått nye brytarar, meir lys, og ei særdeles behageleg handleddstøtte.

Hels på Logitech G513 Carbon RGB Gaming. Som ein direkte konkurrent til ASUS-tastaturet me skreiv om sist veke er dette eit glimrande tastatur for dei som ikkje treng dedikerte ekstraknappar. Dette er for dei som berre er ute etter eit stilig, smalt og behageleg tastatur for skriving og speling utan bruk av makrotastar.

Design og komfort

Logitech har lenge vore synonymt med kvalitet når det kjem til tastatur, og G513 Carbon er ikkje noko unntak her. Byggekvaliteten verkar glimrande, sjølv om det er ein liten feil med brytarane.

Tastaturet er dekkja av eit robust metallbelegg med ein matt finish. Ein ser ofte at slike metallunderlag blir dekkja av fingeravtrykk etter litt bruk, men det verkar ikkje å vere tilfelle her. Anna enn nokre rusk her og der under tastane, kan eg eigentleg ikkje sjå teikn til at tastaturet er brukt i det heile etter ei veke med lange, behagelege gaming- og skriveøkter.

Logitech G513 Carbon kjenst tungt og solid, og har eit lag av børsta riller i metallbelegget som gir det eit noko «industrielt» preg. Med den enkle og stilige logoen på toppen, er tastaturet litt som ei funksjonell svart dressjakke. Gjer ikkje for mykje ut av seg, men får jobben gjort (så lenge du ikkje skrur RGB-lyset opp til elleve, då).

Logitech tar ergonomi på alvor. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

På baksida finn du ein eigen USB 2.0-port, og under har du to føter som tastaturet kan kvile på, samt seks gummibitar for å halde det på plass. Tastaturet har ingen dedikerte makro- eller medieknappar, som gjer at det er vesentleg smalare enn ASUS ROG Strix Flare. Personleg brukar eg aldri slike knappar, men for dei som held på med til dømes MOBA eller MMORPG, kan det vere forskjellen mellom liv og død i ein hektisk kamp. Her må ein tenkje litt over kva slags bruksområde ein skal ha det til.

Det må seiast at ein har mediakontroll via F-tastane, og ein kan sjølvsagt makroprogrammere tastar ein ikkje brukar i programvara. Ein anna ting som overraska meg er at dei har kutta lysa for scroll lock- og num lock-tastane. Det er litt rart å fjerne dei når det er plenty av plass ved sia av dei andre lysa, og kan føre til forvirring viss ein ikkje er sikker på om tastane er på eller ikkje. 

Handleddstøtte frå himmelen

Det som interesserte meg mest når eg opna eska med tastaturet var derimot handleddstøtta. Den er som eit lite stykke himmel for handa mi. Det er den som gjer at eg verkeleg ville vurdert dette tastaturet til ein såpass stiv pris. Støtta er dekkja av mjukt, sveitteresistent lær med såkalla «memory foam», som formar seg etter storleiken på handa di –  ikkje ulikt det ein finn i påkosta hovudtelefonar.

Handleddstøtta er langt meir behageleg enn noko anna eg har prøvd, og verkar nett like luksuriøs som den ein får på det nye BlackWidow-tastaturet til Razer. Det einaste problemet eg har med den er at støtta ikkje kan festast til tastaturet på noko vis. Sjølv om den har nokre gummiføter på undersida, så har den ein tendens til å gli viss ein legg for mykje press på den. Det blir spesielt håplaust viss ein har ei stor musematte som dekkjer både mus og tastatur. Eg måtte fjerne den store musematta og legge tastaturet rett på pulten min, for gummiføtene hadde null effekt på musematta mi.

Til tross for litt trøbbel med manglande feste, er dette framleis mi nye favorittstøtte. Den er vesentleg meir komfortabel enn noko anna eg har prøvd, og no brukar eg denne på alle dei andre tastatura mine. Sjølv om den ikkje alltid passar heilt til storleiken deira, er det framleis ei monaleg oppgradering. Denne handleddstøtta er mykje breiare enn den ein finn på ASUS ROG Strix Flare, slik at eg faktisk får kvile heile handa mi på støtta viss eg vil.

Nye brytarar frå Logitech

Logitech G513 kjem i to ulike versjonar, enten Carbon eller Silver. Me har testa Carbon-versjonen, der ein får velje mellom Logitechs eigne brytarar i Romer-G-serien. Eg har testa den lineære brytaren, som er flunkande ny.

Logitech meiner sjølv at den taktile er best for skytespel, mens den lineære passar betre til «MMO og actionspel» på grunn av moglegheita til å dobbeltrykke fortare. Eg er ikkje heilt einig i denne påstanden, i og med at det å dobbeltrykke fortare kan kome godt med i skytespel òg. Til dømes har det å torpedere A og D-knappen med klikk mens eg plukkar opp «loot» i PlayerUnknown’s Battlegrounds blitt godt implementert i muskelminnet mitt, noko som går kjappare med ein lineær brytar, men til sjuande og sist er det mest personleg preferanse. 

Romer-Gs nye lineære brytar kjenst endå kjappare enn hushaldfavoritten Cherry MX Red. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Romer-G Linear verkar veldig kjapp og responsiv. Ein må trykke tasten omtrent ein tredjedel ned før den reagerer (1,5 millimeter), slik at «stutter-steppinga» mi i Counter-Strike: Global Offensive er kjappare enn nokon gong. Om ein føretrekkjer desse eller Cherry MX RED-brytaren til ASUS ROG Strix Flare blir vel òg mest personleg preferanse, men mitt subjektive inntrykk er at dei lineære Romer-G-brytarane er hakket kjappare.

Lydnivået er relativt lågt for mekaniske brytarar, men dei har ein litt ekkel ulyd i seg. Når eg trykkar hardt på store knappar som mellomrom og tilbake-knappen, kjem det ein merkeleg feedback-lyd. Det er litt som å høyre nokon spele ei munnharpe for første gong. Lyden er veldig låg, så du kjem ikkje til å merke det anna enn når du tenkjer på det, men litt irriterande er det. Viss du skriv hardare enn vanleg ville eg kanskje ha sett på nokre andre brytarar.

Tastehettene har ei småkornete overflate slik at fingrane ikkje glir av, noko eg set pris på. Tastane på ASUS ROG Strix Flare var ein smule for glatte for min smak, men det slepp ein her. Logitech har til og med lagt nokre ekstra tastar i eska som er endå meir kornete, der ein kan kjenne konturane av nokre ørsmå fiber på tastane.

Programvare og RGB

Logitechs programvare har lenge vore den beste på marknaden når det kjem til innstillingsmoglegheiter, og den nye versjonen av Logitech Gaming Software er ikkje noko unntak her. Her får du ei endelaus rekkje av funksjonar som kan justerast ned til minste detalj. Alt er presentert med nokre intuitive menyar, som er ein smule overveldande først på grunn av alle alternativa, men ein får fort oversikten. Det er ingen andre tastaturtilbydarar som kjem i nærleiken av Logitech Gaming Software.

Det er latterleg mange innstillingsalternativ i programvara (standardvindauge til høgre, vindauge for eigendefinert lyseffekt til venstre). Foto: Skjermdump Logitech Gaming Software

G513 Carbon har latterleg mange ulike kombinasjonar av RGB-lys, som du kan skreddarsy nett slik du vil. Dette er RGB på steroidar. Brytarane er heller ikkje gjennomsiktige slik som til dømes Cherry MX, slik at lyset ikkje blør ned på pulten din som om tastaturet skulle vore ein racingbil med neonlys. Fargane er konsentrert til midten av tastehettene, men det er mogleg å skru litt på lysstyrken viss ein vil ha sterkare fargar.

Sjølv har eg hatt moro med «BleepBloop»-innstillinga, som omtrent fyrer opp eit rave-party på kontoret viss det er mørkt. Det minner ein del om sånne super-cheesy juletre dei har i amerikanske julefilmar, som har så mange ulike lys at ein omtrent blir svimmel av å sjå på. Det er heldigvis mogleg å slå av alt, men det er ein del lysinnstillingar som er ganske smakfulle, og ikkje gjer så veldig mykje ut av seg.

Er du ute etter ei mus til tastaturkjøpet?
Sjekk ut SteelSeries Rival 600 »

Konklusjon

Logitech G513 Carbon RGB Gaming tar seg godt ut, sjølv utan å bruke RGB-lysa. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er eit langt stykke opp fra veslebror Logitech G413. Den fantastiske handleddstøtta er nesten verdt pengane i seg sjølv, men det er mykje å hente her. Gode brytarar, stilig design og solid byggekvalitet gjer Logitech G513 Carbon til eit sterkt alternativ til konkurrenten ASUS ROG Strix Flare.

Valet mellom dei to kjem først og fremst til kva ein skal bruke tastaturet til. Underteikna brukar aldri medie- eller makrotastar på tastatur, så difor legg eg ein liten knapp på dette då det er noko smalare. Viss eg faktisk skal ende opp med å trenge nokre makrotastar, så kan eg enkelt ordne det i den marknadsleiande programvara til Logitech.

Den vesle ulyden i Romer-G-brytaren er eit minus, men ikkje nok til å ha noko nemneverdig effekt på om ein bør kjøpe tastaturet eller ikkje. Logitechs nye lineære brytar kjenst ut som eit eminent alternativ til til dømes Cherry MX Red/Speed og Kaihl Red/Black. 

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

Vurdering

8/10
Svært godt
"Glimrande programvare, flott design og ypparleg komfort gjer G513 verdt pengane."

Pluss

  • Fenomenal handleddstøtte
  • Solid byggekvalitet
  • Kjappe brytarar
  • Smalt
  • Uendelege innstillingsmoglegheiter med Logitech Gaming Software

Minus

  • Pris
  • Ulyd i brytar
  • Ingen dedikerte makro- eller medieknappar

Beste priser

På lager 1 689,-
Bekreftet lagerdato 1 689,-
Ukjent lagerstatus 1 689,-
På lager 1 849,-

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen