Samletest

ZON — Home of Victory

Nettbutikk går saman med CS-legende for å lage e-sportutstyr

Me tester NetOnNet sin nye produktserie.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er ikkje så ofte me får teste duppedittar frå heilt nye selskap, og i alle fall ikkje frå Skandinavia. No har NetOnNet gått saman med den svenske Counter-Strike-profilen Emil «HeatoN» Christensen for å utvikle eit eige gamingmerke med mus, tastatur, headsett og musematter for e-sport.

Me tar høvet til å teste litt av kvart i ein samletest frå det nye merket ZON – Home of Victory.

Gamer.no har hatt ZON mouse2, headset1 og keyboard1 på pulten i nokre veker no. Det er kanskje ikkje dei mest kreative namna, men NetOnNet leverer på konkurransen mot til dømes Komplett sitt merke Svive.

Produkta er basert på nokolunde ferdige design, som betyr at NetOnNet har bestilt dei som eit slags halvfabrikat og deretter gjort endringar i samband med «HeatoN» etter testing. Eg anar ikkje korleis profittmarginane er på denne typen produkt, men me skal lage ein eigen artikkel som ser nærmare på korleis det fungerer.

Me bryner oss på headsettet først.

Overraskande bra headsett

ZON headset1 er eit komfortabelt og relativt tungt headsett med ein lang USB-kabel til 1200 kroner.

Det er relativt anonymt for gamingheadsett å vere, og eg likar designet. Metallkonstruksjonen sikrar òg at det toler ein støyt eller to.

Lærputene er behagelege mot øyret mitt, men headsettet sit dessverre veldig laust mot hovudet mitt. Det gjeld spesielt bak øyrene. Bøyelen har veldig mykje fleks, og det er mogleg å stille det til for langt større hovud enn mine, men med mitt mellomstore hovud burde kanskje den minste innstillinga vore mindre enn han er.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Lydkvaliteten er betre enn eg hadde venta, og det er rikeleg med guff i drivarane til å spele øyredøyvande høgt. Lydbiletet er ein smule flatt, men du får med ein EQ på 10 band i programvara for å gjere opp for det. Ved å løfte bassen litt blir det mykje betre. Eit tips er å halde deg unna dei heilt komisk dårlege førehandsinnstillingane på EQen som myrdar alt av lydkvalitet.

7.1-modusen er òg langt betre enn eg forventa. Han er balansert nok til at du framleis kan høyre på musikk, sjølv om høgtonane druknar litt med den på. Du kan til og med justere kvar alle dei virtuelle høgtalarelementa skal vere i forhold til øyra dine. Det er rein gimmick, men ganske kult.

NYTTIG: På kabelen sit det ein liten kontrollar for volum, demping av mikrofonen og lysfargen på headsettet.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Mikrofon held òg god kvalitet med tanke på prisen. Han spelar høgt og leverer stemma mi utan noko særleg forvrenging. Dessverre klarar han ikkje reprodusere høgtonane nøyaktig nok, og det er litt støy på fullt volum, men dette er ikkje noko stort problem.

Du kan høyre ein test av mikrofonen her.

Alt i alt er dette ein lovande start frå svenske ZON. Problemet deira er at det er svært mange gode headsett i dette prissegmentet, og merke som HyperX, Razer, Logitech og SteelSeries slår dei på både lydkvalitet og komfort. ZON headset1 er eit bra produkt, men eg ser ikkje heilt korleis det skal bli ein salgssuksess når andre gir endå meir for pengane.

7.5
/10
ZON - Home of Victory headset1
Ein svært god start for svenskane.
Lang kabel
Komfortabelt i bruk
Solid byggekvalitet
Grei lydkvalitet
God og kraftig mikrofon
Virtuell 7.1-lyd som fungerer til meir enn berre spel
EQ med ti band
Klokkene sit for laust mot øyrene
Headsettet er i overkant stort for dei med små eller mellomstore hovud
Spektakulært dårlege EQ-innstillingar (men dei kan du fikse sjølv)

Zowie-kopi

ZON lanserer to ulike ergonomiske gamingmus blant dei første produkta sine, og me har fått teste mouse2. Dette er i praksis ein kopi av Zowie sin EC-serie. Det var faktisk «HeatoN» som først laga passforma til EC-serien, så det må vere innanfor, men det er nokre ting som skurrar her.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Passforma er legendarisk, og er framleis ei av dei beste til skytespel. Samstundes lid produktet av å henge litt etter i ein marknad med ekstremt hard konkurranse. Med sine 96 gram veg ho langt meir enn mange av dei andre kopiane av denne passforma. Den fletta kabelen burde vore laga av tøy, og museføtene er ikkje fullt så glatte som eg ville likt. Slik skal det ikkje vere på ei kabelmus til 800 kroner.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Musa skil seg frå inspirasjonskjelda blant anna ved å ha ein eigen «sniperknapp» mellom sideknappane. Den og sideknappane er klart nok definerte til at eg ikkje kjem borti knappen ved uhell, men sideknappane har for lang vandring og altfor mjuk tilbakemelding.

Greie RGB-lys, ein PMW3389-sensor, eigen knapp for PPT-trinn og oppdateringsfrekvens på undersida og ulike trinn for løftedistanse hjelper musa opp mot Zowie sine originalar, men eg ser ikkje kvifor eg skal kjøpe denne i staden for ein av dei mange andre EC-klonene som finst. Sjølv om det isolert sett er ei god gamingmus, må prisen kuttast betydeleg for at denne skal bli konkurransedyktig.

6
/10
ZON - Home of Victory mouse2
Denne har gått litt ut på dato.
Fantastisk passform
Fleire knappar enn originalen
Feilfri sensor
Omfattande RGB-lys
Justerbar løftedistanse
Litt på den tunge sida
Museføtene skraper litt mot underlaget
For lang vandring på sideknappane
Manglar tøykabel
For dyr

Enkelt tastatur

ZON har førebels to ulike tastatur, og me har testa det som kjem i fullformat. Overflata i aluminium gjer at det tar seg bra ut på pulten min, samstundes som byggekvaliteten verkar solid.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Handleddsstøtta gir heilt grei komfort takka vere eit lite gummibelegg oppå plasten, og ein lur låsemekanisme gjer at ho ikkje rikkar seg i bruk. Men støtta ville nok vore betre om ho var litt breiare.

Glatte tastehetter gjer at tastaturet er behageleg i bruk, sjølv om dei lineære Kailh Red-brytarane ikkje er dei beste til å skrive med. Dette er laga for fart og gaming. Legg du like mykje vekt på skriveopplevinga som spelinga ville eg ha gått for andre brytarar, men ein venner seg til å skrive på desse etter kvart òg. Til konkurransespeling er dei ypparlege.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er heile 14 ulike RGB-modusar i programvara, og lyselementa har respektabel styrke. Programvara er elles svært grunnleggjande, men du får nokre ulike profilar og ein funksjon for å programmere makro.

Tastaturet sin store veikskap er mangel på alt mogleg ekstrautstyr, slik som dedikerte medieknappar, rullehjul for volum og dedikerte makroknappar. Ein klarar seg sjølvsagt fint med snarvegane i dei eksisterande tastane, men igjen er pris ein viktig faktor, og det er fleire andre mekaniske tastatur i denne prisklassen som byr på fleire funksjonar enn dette gjer.

Masse RGB
Kjappe brytarar som er skreddarsydd for speling
Solid
Manglar norsk tasteoppsett
Middels handleddsstøtte
Ingen Passthrough, medieknappar eller makroknappar
Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Siste fra forsiden