Test

Razer Mamba Hyperflux + Razer Firefly Hyperflux

Ei fantastisk spelmus

Men ver førebudd på å måtte punge ut heile 2900 kroner.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sist haust lanserte Logitech si nye løysing for trådlaus lading, Logitech Powerplay. Me var nøgde i vår test av den, men etterlyste meir konkurranse for å få ned prisen. Der har Razer levert.

Den trådlause musa deira, Razer Mamba, har fått ein liten oppdatering, samt ein ny kompanjong: Razer Firefly Hyperflux, ei RGB-musematte med innbygd trådlaus lading. Konkurransen for denne typen produkt er framleis noko laber, men både Razer, Corsair og Mad Catz har entra marknaden. Corsair MM1000 er så langt den billigaste.

Razer Mamba Hyperflux kostar nokre hundrelappar mindre enn Logitech G903 med Powerplay, men er til gjengjeld 800 kroner dyrare enn Powerplay kombinert med Logitech G703.

Det kjem vel ikkje som noko overrasking at Razer leverer god yting og komfort. Omtrent alle dataspelmusa dei tilbyr er av høg kvalitet for tida, om det så er DeathAdder, Mamba, Naga eller Abyssus det gjeld.

Sensor

Razer Deathadder Elite var fram til i fjor mi faste spelmus i nesten tre år. Difor var eg ein smule skeptisk til Mamba. Tidlegare har nemleg sensoren på DeathAdder vore ein del betre, men det er ikkje lengre tilfellet. Sensoren i Razer Mamba Hyperflux er rett og slett heilt ypparleg, og det er umogleg å merke noko forskjell i yting mellom denne og ein kabla DeathAdder. Her kan du hive deg inn alt av skytespel utan å tenkje på at musa blir noko problem.

I og med at dette er ei trådlaus mus var eg litt bekymra for forseinking, men det er ingen teikn til noko slikt. Ein kan ta ut kabelen frå musematta og sette den rett i Razer Mamba Hyperflux, men sjølv då er det ingen merkbar forskjell på forseinking samanlikna med trådlaus.

Sensoren støttar PPT opp til 16 000 for dei som brukar høg følsemd, men kan òg skruast trinnvis ned til 200.

Design

Trådlause mus har ein tendens til å vege monaleg meir enn sine kabla brør, til dels på grunn av batteriet. Razer Mamba Hyperflux har ikkje batteri. Hyperflux-musematta gjer at ein aldri treng å tenkje på lading, noko som har kutta vekta med heile 29 gram. Difor er dette ein av dei desidert lettaste trådlause musa du kan få tak, på totalt 98 gram. Det er ikkje rare greiene for ei såpass stor mus. Til samanlikning veg Logitech G903 110 gram, og den er omtrent same storleik.

Razer Mamba Hyperflux har ein ergonomisk profil for høgrehendte.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eit lite minus er jo at du ikkje kan bruke Razer Mamba på anna enn Hyperflux. Dersom du tar den av musematta, så sluttar den å fungere etter rundt 20 sekund. Det slepp ein med G903, men til gjengjeld så ser eg eigentleg ikkje at det skal vere noko problem. Begge overflatene på Hyperflux er gode musematter, og det er ikkje akkurat vanskeleg å flytte rundt på den. Viss du absolutt vil bruke ei anna overflate, så kan du plugge inn USB-kabelen.

Razer Mamba Hyperflux har fått eit nytt gummigrep på sidene med riller, som hindrar at fingrane sklir under dei mest intense øktene. Det fungerer òg som ein behageleg plass å ha tommelen og litlefingeren når ein speler.

Ryggen på musa har omtrent den same bogeprofilen som på Razer DeathAdder Elite, og ligg godt i handa. DeathAdder er ein smule større, men elles er forskjellane i form ikkje all verda. Det einaste er at Mamba er litt smalare over høgre- og venstre museklikk, samt at den er skrå på framsida for å legge til rette for høgrehendte.

Knappar

Fortrinnet Logitech G903 har over Razer Mamba Hyperflux er talet på knappar. No har eigentleg ikkje det så mykje å seie i skytespel og slikt, men viss ein driv med MOBA, MMORPG eller liknande, så kan ekstra knappar vere ein fordel. Det er berre snakk om tre fleire, men viss du likar å ha knappar på høgresida av musa, er Logitech G903 sikkert ei betre løysing for deg.

Razer Mamba Hyperflux har sju programmerbare knappar, samt eit rullehjul som er klikkbart i tre ulike retningar. Sideknappane er ein smule høgt oppe for meg, men forskjellen til noko som Logitech G305, som har sideknappane eg har likt best, er ikkje all verda. Det er mest ein tilvenningssak, trur eg. Ein må berre lære seg å ha tommelen litt høgre oppe.

Sideknappane kunne vore litt lengre nede.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det taktile rullehjulet har ein fin tilbakemeldingslyd for kvart steg på hjulet. Overflata er ru og hakkete, slik at ein får godt tak med tuppen av fingeren. Det kan òg dyttast til høgre og venstre, og då fungerer det på same vis som PageUp- og PageDown-tastane.

Venstre- og høgre museklikk har ganske låg trykkraft, og ein fin, tynn lyd. Som sagt er Mamba Hyperflux skrå på framsida, slik at høgreknappen er ein del høgare oppe enn det venstreknappen er.

På toppen av musa finn du to ulike PPT-knappar, som kan omprogrammerast til kva ein vil. Eg har brukt det som erstatning for volumhjul.

Hyperflux

Så, til sjølve musematta. Den eine sida er dekkja av hardplast, den andre med stoff. Stoffmatta er jamn og mjuk med god sporing, og lågt støynivå. Hardplasten vil auke følsemda på musa ein del, samstundes som den lagar meir lyd. Kva ein brukar er vel mest eit spørsmål om smak. Eg har haldt meg til stoffmatta, og den matchar enkelt Roccat Taito-matta som eg brukar dagleg.

Det einaste problemet mitt er at matta er litt i det minste laget. Dei som er vand med store musematter og speler med låg følsemd kan fort ende opp med å gå tom for musematte når dei skal gjere kjappe rørsler, til dømes for å snu figuren sin i skytespel. Det er uheldig. Eg har ikkje merka noko til det, men så speler eg med ganske høg følsemd (35.5 cm for 360-grader rotasjon i spel). Det bør ein tenkje på før ein kjøper.

Dei nye gummisidene er eit velkome tilskot.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Reint funksjonelt sett, så fungerer Razer Hyperflux på same vis som Logitech Powerplay. Plastikken under musematta har eit elektromagnetisk felt, som får straum frå USB-porten på datamaskinen din. USB-porten gir òg juice til RGB-lys på kantane av matta.

Derimot er det nokre små forskjellar. Det elektromagnetiske feltet i Hyperflux er nemleg litt meir aggressivt enn det du har i Powerplay. I instruksjonsboka står det difor klart og tydeleg at du ikkje skal legge elektriske duppedittar oppå Hyperflux, noko som ikkje er eit problem med Powerplay. Det presterte sjølvsagt eg å gløyme.

Til vanleg hender det ofte at eg puttar mobilen eller kameraet mitt oppå Roccat Taito-musematta mi. Så det er vel ikkje så vanskeleg å gjette kva som skjedde. Det tok knapt ein time før eg klarte å legge frå meg kompaktkameraet mitt på Hyperflux. Det likte ikkje kameraet. Heile greia gjekk i svart.

Akkurat det må eg nesten ta på mi eiga kappe, men det som irriterer meg ein smule er at Hyperflux tullar med lydkortet mitt. Eg brukar eit eksternt 7.1-lydkort frå Sennheiser, og det har eg måtte flytta ned på golvet for at det ikkje skal konstant slå seg av og på – noko det gjer så lenge Hyperflux er aktivt. Det har eg ikkje opplevd med Powerplay.

Musematta er litt i det minste laget.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Programvare og RGB

For å drive Razer Mamba Hyperflux må ein laste ned ein betaversjon av Razer Synapse 3. Programmet har fått ein visuell overhaling for å bli meir oversikteleg enn før, som gjer det enklare å finne fram til dei rette funksjonane.

Du får det du forventar av funksjonar til ei mus i toppsjiktet. Ei fane lar deg sette opp makrokommandoar, og ei anna lar deg enkelt omprogrammere alle dei ulike knappane på musa til tastar, snarvegar, mediafunksjonar eller kva det måtte vere. Noko eg verkeleg set pris på her er korleis musa lagrar profilane for dette. Dei aller fleste mus i denne prisklassen vil ha minne i sjølve musa, men her kan du overføre eigne profilar frå programvaren og over i musa for lagring berre ved å dra dei bort til sida av programvaren. Det er kult – og enkelt.

Når det kjem til RGB, er Razer særs dyktige på fargar. Grønfargen som Razer brukar i logoen sin er ein soleklar favoritt for meg. Razer Mamba Hyperflux har ikkje like mykje RGB som den vanlege Mamba-musa, men det gjer Hyperflux opp for, med RGB-list som går langs kanten på heile musematta. Den har òg ein drøss med ulike fargesonar, som du enkelt endrar i Chroma-fana til Razer Synapse 3. Dette er vel det mest brukarvenlege fargeverktøyet eg har vore borti. Logitech Gaming Software er framleis best på funksjonalitet, men akkurat her fortener Razer pluss i boka. Den nye versjonen av programvara deira er langt betre enn før, og Chroma-fana er heilt glimrande.

Konklusjon

Igjen ser me at produsentane utviklar teknologi som berre kan brukast med sine eigne produkt. Eg skulle gjerne sett noko som fungerer på fleire typar mus i framtida, og få endå fleire produkt inn på marknaden, slik at prisen går ned.

Men er du på utkikk etter ei mus med trådlaus lading er dette den beste løysinga på den norske marknaden. Corsair og Mad Catz er på veg, men førebels er Razer vinnaren her. Sjølv om du kan legge mobilen din på Powerplay og ikkje Hyperflux, er Razer Hyperflux litt billigare, kjem med ei betre stoffmatte, og har meir RGB.

Prisforskjellen mellom Logitech G903 og Powerplay samt Razer Mamba Hyperflux er ikkje spesielt stor. Du kan få meir for pengane med Logitech G703, men eg likar framleis Razers nye betre. Prisen er stiv. Utan tvil. Men dette er ei langt betre mus til skytespel på grunn av forma, og sensoren er nett like god, om ikkje betre, som Logitech sin. Så vidt eg veit er vel dette òg den lettaste trådlause musa for store hender som finst. Det er ein enorm fordel for skytespelentusiastar.

Eg sakna eit betre ambidekstridesign på G903, men no har eg fått nettopp dette av konkurrenten Razer. Razer Mamba Hyperflux er ei fantastisk mus.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
9
/10
Razer Mamba HyperFlux + Razer Firefly HyperFlux
Ei fantastisk mus, men prislappen gjer at den er reservert for dei spesielt interesserte.
Topp sensor
Flott RGB
Lettaste trådlause musa i denne storleiken du får tak i
Åtte knappar
Behagelege gummigrep på sidene
To ulike underlag til musematta
Enkelt å kome i gang
God programvare
Materiale med god byggekvalitet
Overflata kunne vore større (35 cm breidde x 25 cm høgde)
Forstyrrar anna elektronikk
Pris. Kunne godt vore ein tusenlapp billigare.

Siste fra forsiden