Test

Logitech G903

Trådlaus toppklassemus for dei pengesterke

Skarp presisjon, uendeleg batteri med trådlaus lading og berre eitt millisekund forseinking.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Er du typen som hatar alt av kablar som pesten, og helst ikkje vil tenkje så mykje på å lade den trådlause musa di? Då har Logitech kome med ei fiffig løysing til nettopp deg. No er det slutt på å slå av ekstrafunksjonar som RGB-lys for å få lengre levetid. Med den (relativt) nye trådlause ladeteknologien Logitech Powerplay, treng du ikkje uroe deg for å halde musa gåande.

Det har lenge vore mange fordommar mot bruk av trådlaus mus i konkurransespeling på grunn av frekvensstøy og forseinking, men i dei siste åra har forskjellane mellom kabla- og trådlaus mus blitt mindre og mindre. Ein av dei mest brukte musene i Counter-Strike: Global Offensive-proffscenen er nettopp ei trådlaus Logitech-mus, G403.

Me har testa Powerplay og ein av dei to musene den fungerer med, Logitech G903, separat.

Testen av Powerplay kan du lese her »

Presisjon i spel

Faktaboks: Logitech G903

Vis mer
Storleik: 13 cm høgde, 6,6 cm breidde, 4 cm djupne
Vekt: 110 gram (120 med lodd)
Varigheit på knappar: 50 millionar klikk
Programvare: Logitech Gaming Software
Sensor: PMW3366
Rapporteringsrate: ~1000
PPT: 100 - 12 000
Batteri: 24 timar, 32 utan lys.
Tilkopling: 2.4 GHz trådlaust band
Pris: 1400 kr, 2 800 med Powerplay.

Skarp presisjon er nødvendig for ei spelmus, og sensoren er gjerne det som skil dei aller beste frå dei gode. Her er det lite å klage på for Logitech G903. Den tar nemleg bruk av PMW3366-sensoren, som er ein gjengangar i dei beste produkta til Logitech. I praksis yter den likt som PMW3360 (kanskje den aller beste sensoren du kan få tak i), men PMW3366 har nokre små modifikasjonar for å passe trådlaust.

I testane mine kjenst G903 ekstremt responsiv, og har ein presisjon som ein berre ser i det aller høgaste sjiktet av spelmus. Pikselsporinga er midt i blinken, med jamne rørsler. Det er eigentleg veldig lite å klage på når det kjem til ytinga i spel her. Dersom du bommar på hovudskota dine, så kan du vere sikker på at det ikkje er Logitech G903 sin feil. Responstida er heilt nede på eitt millisekund, som slår det meste av det du finn på marknaden for kabelmus.

Sensoren støttar PPT (punkt per lineære tomme) heilt opp til 12 000 – ikkje at du treng så mykje, men du har i alle fall moglegheita om du ønskjer.

Design

Ein treng ikkje sjå på logoen for å sjå at dette er ei Logitech-mus. G903 har eit futuristisk og elegant design, litt som eit romskip i museform. Den har òg langt mindre RGB-lys enn ein gjerne forventar å sjå frå produsenten, då lysa er avgrensa til logoen og nokre striper på toppen av musa. Overraskande smakfullt, eigentleg.

Konstruksjonen er først og fremst plastikk, men den har nokre gummiriller på sidene for å hindre at fingrane dine glir viss du blir litt sveitt under dei mest intense speløktene. Plastikken verkar solid og resistent, så eg har veldig lite å rette fingeren mot når det kjem til byggekvaliteten. Den er upåklageleg. Med trådlaus mus er det ofte batteriet eller koplinga du får problem med først, men med Powerplay er ikkje det noko faktor heller.

Logitech G903 har eit særs tøft design.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Logitech G903 er designa for både høgre- og venstrehendte, slik at profilen er lik på begge sider. Det er òg ei ganske stor mus, så dei med små hender bør kanskje ta ein tur til butikken for å teste fysisk før ein kjøper denne. Likevel er G903 særs behageleg å bruke, sjølv over lengre økter. Den ligg godt i handa med alle dei ulike greptypane så lenge du bruker litt tid på å finne den beste plasseringa for handa di. Ein negativ konsekvens med amdekstridesignet er at G903 kjenst litt for stor og klumpete, så ein må prioritere med tanke på kva ein skal bruke musa til. Er du ute etter eit verktøy til skytespel ville eg gått for noko anna, men ein finn eigentleg ikkje noko anna som er så allsidig som denne. Har du behov for eit produkt som kan brukast til det meste er G903 midt i blinken.

Med sine 110 gram er musa av det lettare slaget for å vere trådlaus. Den kjem med eit ekstra lodd på 10 gram (kan ikkje kombinerast med Powerplay), slik at dei som er vande med litt meir vekt kan justere til sin smak. Likevel er nok 110 gram litt i overkant til skytespel.

Les også: Kanskje tidenes beste mus til skytespel »

MMO-verdig knappeoppsett

Plasseringa og storleiken på toppknappane kunne vore litt meir brukarvenleg.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Musa kjem med heile 11 knappar, der venstre- og høgre museklikk har eit kort nedtrykk med ein tilfredsstillande lyd. Klikkelydane er òg lågare enn det ein vanlegvis har med gamingmus, så du treng ikkje tenkje på at mikrofonen din plukkar opp knappespam etter ein urettferdig død inne i eit spel.

I utgangspunktet har du berre sideknappar på venstre side, men Logitech har lagt to ekstraknappar i eska, som ein enkelt klikkar på plass på høgresida. Eg blei først bekymra for at eg skulle kome borti knappane ved uhell då ringfingeren min er ganske høgt oppe på den sida, men det blei eigentleg aldri noko problem. For å vere sikker, brukte eg knappane på høgre side til funksjonar som ikkje har verknad på spelet mitt, deriblant dempeknapp for Discord.

Du får tre knappar på toppen, men dei er litt knotete plassert. Viss du berre brukar PPT-knappane til å skifte PPT-modus når du skal drive med til dømes videoredigering går det fint, men brukar du PPT-justeringa for å slå opp og ned mens du siktar inn med skarpskyttarrifla, ville eg byta den funksjonen til ein av dei andre knappane på sidene. Det er litt for vanskeleg å nå toppknappane, slik at ein kan fort gå glipp av eit viktig drap på grunn av bomtrykk.

Gummirillene på baksida er eit effektivt botemiddel for sveitte hender.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er ikkje så ofte ein ser rullehjul med fleire modusar på gamingmus, men G903 er ein av dei få. Du skiftar mellom innstillingane med knappen bak hjulet, der du vel mellom trinnlaust og ein modus med taktil feedback.

Sjølve rullehjulet representerer tre knappar. Du kan sjølvsagt trykke det ned, men det kan òg dyttast til høgre eller venstre. Desse har eg brukt som erstatning for piltastane på tastaturet mitt for å bla att og fram i redigeringsprogramvare. Knappane tar ikkje opp noko særleg ekstra plass på musa, så eg skulle gjerne sett fleire gjere dette. Det kan til dømes vere eit praktisk alternativ for dei som ikkje har volumknapp på tastaturet sitt.

Programvaren

Her kan du programmere knappane til kva som helst. Ikkje bli overraska om du finn ein eigen funksjon som ryddar i hagen din, eller setter på kaffikanna.
Skjermdump Logitech Gaming Software

Som eg skreiv i tastaturtesten av Logitech G513, er det lite som kjem i nærleiken av Logitech Gaming Software. Dette gjeld i same grad for mus. Det er nesten skremmande kor mykje du kan gjere med dei forskjellege knappane. Sjølv om det er ein del å ta inn, blir alt formidla på eit brukarvenleg og oversikteleg vis. Eg tok meg i tenkje at eg knapt treng eit tastatur når eg har dei greiene her.

Programvarens kanskje mest nyttige funksjon er tilpassing av musas sensor til underlaget den er på. Det er nokre forhåndsinnstillingar for Logitech-musematter, men du kan òg lage dine eigne. Har ein gløymt musematte på LAN, så er det ofte behov for improvisasjon. Det kan programvaren hjelpe deg med. Dessverre er det noko tull med den nyaste versjonen av Logitech Gaming Software som lagar trøbbel for sporinga til G903, så berre last ned ein tidlegare versjon viss du får dette problemet.

Elles får du standardval som justering av PPT, rapporteringshastigheit og justering av RGB-lys. Du skal vere kravstor for å ikkje finne det du treng.

Lysfunksjonane kontrollerer logoen på baksida av musa, og nokre strekar bak PPT-knappane. Programvara gir deg stor fridom i korleis du vil ha fargane, med fleire forhandsinnstillingar, samt moglegheit til å lage dine eigne skreddarsydde oppsett. Du får bestemme kva type effekt det skal vere på lyset, og kan endre både lysstyrken og hastigheita G903 skal hoppe mellom dei ulike effektane på.

Konklusjon

Det er ikkje så mykje negativt å seie om Logitech G903. Batteritida er aldeles glimrande, og med Powerplay blir den fullstendig vekke. Presisjonen er på topp med ei responstid som sjølv få kabelmus kan konkurrere med, og byggekvaliteten er glimrande. Det er ingen tvil om at dette er den beste trådlause musa du kan kjøpe. Dyr er den, men du får likevel valuta for pengane dine.

På grunn av vekta og at den er designa for begge hender ville ikkje dette vore førstevalet mitt for skytespel, men G903 er ei mus som fungerer særs godt til alt mogleg rart. Det er vanskeleg å bomme med eit så allsidig og gjennomført produkt.

Les også: Logitech Powerplay er praktisk, men for dyrt »

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
9
/10
Logitech G903 Lightspeed
Logitech G903 er den mest allsidige trådlause spelmusa, og blir endå betre med Powerplay.
Sylkvass presisjon
Lang batteritid – uendeleg med Powerplay.
Designa for begge hender
11 knappar
Justerbart rullehjul
Marknadens beste programvare
Fantastisk responstid
Allsidig i bruk
Ambidekstridesignet kjem i vegen for komfort
Høg vekt
Dyr

Siste fra forsiden