Test

Logitech G305

Logitech G305 er rett og slett eit sabla godt produkt

Sylskarp presisjon, lang batteritid og låg pris gjer dette til ei trygg investering.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sist veke skrøyt me mykje av Logitechs trådlause mus G903, saman med den nye løysinga deira for trådlaus lading. Denne gongen har me kikka på ei langt billigare trådlaus mus, Logitech G305. Den er nok langt frå like allsidig som G903, men samstundes er dette ei vesentleg betre skytespelmus.

Logitech G305 brukar same trådlausteknologien som G903, LIGHTSPEED, som i praksis fjernar forskjellane i forseinking mellom kabla og trådlaus mus. Anna enn at kabelen er vekke, er det ikkje mogleg å merke noko forskjell lengre.

Skyt hovudskot som proffspelarane

I dei siste åra har sensorane i Logitech-mus blitt betre og betre. Dei brukar ein modifisert versjon av 3360-sensoren (i utgangspunktet ein tilnærma perfekt sensor), PMW3366. I fjor kom Logitech med endå ein ny sensor basert på denne. HERO-sensoren er laga for å få meir ut av batteriet i trådlause mus, samstundes som den tilbyr glimrande yting. Dersom du bommar på skot, så er det hundre prosent din eigen feil.

Logitechs HERO-sensor er aldeles glimrande.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sensoren er den same som ein finn i Logitech G603, og støttar PPT («punkt per tomme») mellom 2000 og 12 000.

Batteritida skal i følgje produsenten strekke seg opp mot 250 timar på eitt AA-batteri. Eg har brukt musa i ca. tre veker no, og har førebels ikkje hatt behov for å byte batteri. Av openberre grunnar er det vanskeleg å måle eksakt batteritid på denne, men batteribytte er altså ein sjeldan affære.

Design

Logitech G305 er omtrent identisk til Logitech G Pro når det kjem til designet, minus RGB-lyset. Det er ingen RGB på G305 for å spare straum. I og med at den er trådlaus er vekta høgare enn G Pro, men med eitt AA-batteri i, held G305 seg komfortabelt under 100 gram med sine 97. Ein kan sikkert få vekta ned fem-ti gram til med å bruke eit AAA-batteri med AA-adapter. Det er òg mogleg å fjerne toppdeskslet som tar vekk sju gram ekstra, men det er ein smule rart å spele med handa rett mot batteriet.

Sjølv om den er liten og designa for både høgre- og venstrehendte, er eg stor fan av forma. Eg likar denne mykje betre enn G603. Logitech G305 er spiss i utsjånaden på framsida, og har ein bogeprofil på baksida som gjer at den kvilar behageleg i handflata di. Fingrane ligg naturleg på museknappane både med klo- og handflategrep, og du får tilstrekkeleg støtte i handflata til å bruke fingertuppgrep.

Logitech G305 kjem ikkje til å snu hovuda til folk, men forma gjer at den passar som hand i hanske... i handa.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det einaste eg kunne tenkt meg er gummierte sidebelegg, og ein litt mindre aggressiv profil på sida. Eg blir sjeldan sveitt på nevane når eg speler, men det er det derimot mange andre som blir. Det burde vore på plass. Viss G305 først blir fuktig, så kan fingrane byrje å gli ned mot pulten.

Sideprofilen er òg bøygd ut litt for mykje. Eg kjenner berre motstand på toppen av tommelen på grunn av profilen som bøyer skrått utover som er litt rart. Det er ikkje noko problem, men berre noko eg ville endra til neste versjon, så sidene blir mindre bratte.

Knappar

G305 er først og fremst ei skytespelmus, så summen av knappar er ein del lågare enn det du får på til dømes G903, som me skreiv test av tidlegare. Musa har seks knappar, samt eit klikkbart, taktilt rullehjul.

Sideknappane er godt plasserte.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sideknappane er akkurat der dei skal vere, slik at tommelen kvilar på undersida av dei. Det er berre rulle tommelen opp nokre millimeter, så kan ein trykke dei inn. Lyden på sideknappane er omtrent like høg som venstre- og høgre museklikk, men det er ikkje høgt nok til at ein merkar noko til det.

På toppsida finn me eit rullehjul med ru overflate, som gir ein tilfredsstillande tilbakemelding. Det er ikkje mogleg å endre hastigheita, men du kan scrolle ganske fort likevel. Bak rullehjulet sit PPT-knappen. Den er såpass liten at den aldri kjem i vegen for fingrane, men det er samstundes lett å nå den viss ein bruker den som dempeknapp for mikrofon eller noko slikt.

Vandringa på høgre- og venstre museklikk er kort, men det er litt motstand. Dette vil ikkje vere den kjappaste musa å spamme klikk på.

Programvare

Logitech beviser nok ein gong at dei er best på programvare.
Skjermdump av Logitech Gaming Software.

Som eg har sagt fleire gongar før, er Logitech marknadsleiar når det kjem til programvare. Det er kanskje ikkje noko RGB-lys på Logitech G305, men det er framleis mange funksjonar som kan skreddarsyast. Som vanleg er det mogleg å tilpasse musa til musematta di med eit konfigureringsverktøy. Du har òg ei lang rekkje med makrokommandoar som kan knytast til knappane, og du kan gi dei nye eigenskapar, som til dømes at PPT-knappen kan fungere som Enter-knapp på tastaturet ditt.

Det er fem ulike trinn for PPT. Desse går som sagt frå 200 til 12 000, men det er mogleg å slå ned slik at den berre brukar eitt trinn. I saman med dette kan du justere rapporteringsrate, samt velje mellom to ulike straummodusar. Standardinnstillinga er «high», som gir deg rapporteringsrate på 1000 hz, og forseinking på berre eitt millisekund. Dersom du vel «low»-innstillinga, vil du i følgje produsenten kunne få over 200 dagar batteritid, men musa får ei forseinking på åtte millisekund, med rapporteringsrate på 250 hertz. Eg ser eigentleg ingen grunn til å gjere det, for AA-batteri tar da strengt tatt ikkje lang tid å lade opp, og prisen på eit nytt er vel ikkje all verda heller.

Konklusjon

PPT-knappen er liten og kjem ikkje i vegen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

For å vere ei trådlaus mus til 650 kroner er det veldig lite å sette fingeren på med Logitech G305. Prisen er låg, ytinga er på topp og designet er enkelt og smakfullt. Den når ikkje heilt opp til SteelSeries Rival 600 til skytespel for meg, men den er ikkje langt unna heller. Eg ville mykje heller investert i denne enn Logitech G603, eller G903 for den saks skuld. Denne er langt frå like allsidig, men det er sjølvsagt ikkje noko problem å bruke den til andre ting enn skytespel, sjølv om nokre fleire knappar ville vore greitt til MMORPG og liknande. Uansett er dette mest ei mus for dei som vil bli gode i skytespel. Den er akkurat det verktøyet du treng på reisa di til Global Elite i Counter-Strike, Diamond i Rainbow Six Siege, eller Grand Master i Overwatch.

G305 går rett inn på topp ti-lista mi. Logitech byr på god valuta for pengane her. Dette er rett og slett eit sabla godt produkt.

På utkikk for ei skikkeleg spelmus, men ikkje interessert i Logitech? Ta ein kikk på testane våre av fantastiske SteelSeries Rival 600 eller HyperX si nye versjon av Pulsefire Surge »

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
9
/10
Logitech G305
Logitech G305 gjer alt den skal.
Lang batteritid
Topp sensor
Behageleg i bruk
Billig
Ambidektridesign som ikkje kjem i vegen for funksjonalitet
Litt tyngre enn den treng å vere

Siste fra forsiden