Test

HyperX Pulsefire Surge

Bygd for presisjon og skytespel

Få mus gjer deg like treffsikker som denne.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

HyperX er ein nykomar på marknaden for datamus. I fjor fekk dei ein grei start med HyperX Pulsefire, men den mangla litt finpussing. Musa lånte i overkant mykje frå Razer Deathadder, der gummisidene var som blåkopi å rekne.

I år er HyperX tilbake med ei ny mus; HyperX Pulsefire Surge. Denne er strippa ned til eit minimumsnivå med tanke på knappar og funksjonar, og har den mest forseggjorte RGB-løysinga eg har sett på ei mus nokosinne. Pulsefire Surge er litt i overkant tung for den vesle storleiken, men overraskar med ein nålauge-presis sensor og ei særs behageleg handtering.

Oppgradert sensor

Val av sensor på mus kjem ofte ned til personleg preferanse, men det er ei handfull sensorar som er openbert betre enn resten. Pixart 3389 er ein av dei. Fjorårets Pulsefire tok bruk av den litt eldre 3310-sensoren som ein ser i til dømes Zowie sine FK-mus, men 3389 er etter mi meining ei solid oppgradering. Sensoren brukast òg av mus som Razer Deathadder Elite, ein av mine personlege favorittar.

Fargespektrumet kan minne om både lyssablar og laserkanonar frå dei mest spenstige Star Wars-kampane.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ein merkar med ein gong at HyperX Pulsefire Surge er bygd for presisjon. Eg har brukt musa i ein månads tid i spel som Counter-Strike: Global Offensive, League of Legends, PlayerUnknown’s Battlegrounds og Overwatch, og ytinga er fullstendig feilfri. Dette vil neppe vere førstevalet mitt for MOBA-spel på grunn av knappane, men er du berre ute etter noko som skaffar deg dei perfekte hovudskota, er Pulsefire Surge ein verdig kandidat. Eg har aldri vore like treffsikker som med denne musa (får eg inntrykket av, i alle fall). Sensoren støttar PPT-konfigurasjonar (punkt per tomme) heilt frå 100 til 16 000, så ein har nok å velje mellom, sjølv om det er noko meiningslaust med så høg PPT.

Sensoren er kanskje det eg liker best med Pulsefire Surge. Eg har endå ikkje vore ute for tilfelle der musa har skuffa meg, og sikting i skytespel kjenst alltid nøyaktig. Den gjer det den skal.

Design

HyperX Pulsefire Surge er ei middels stor mus (12 x 4,1 x 6,3 cm) designa for å kunne brukast med både høgre og venstre hand (knappeplasseringa gjer likevel at musa blir noko poenglaus for venstrehendte). Den er særdeles behageleg å bruke, sjølv i dei mest intense speløktene. Begge museknappane har ein bogeprofil, slik at fingrane kan kvile utan at ein treng å belaste ledda. I tillegg er sidene dekkja av eit kornete gummibelegg, som hindrar dei problema som sveitte hender gjerne kan skape.

Under hovudknappane finn ein Omron-brytarar, som gir ein låg, men tilfredsstillande taktil feedbacklyd ved klikk. Lyden minner mest om ei tikkande klokke viss ein trykker ned forsiktig, og reisedistansen er så liten at ein kan spamme knappen lynraskt. Den er altså kjekk å ha for «quicktime events» i spel som A Way Out.

Musa kjem elles med fire ekstraknappar, og eit taktilt rullehjul. Sideknappane er perfekt plasserte for tommelen min, slik at eg slepp å flytte på fingeren for å trykke på dei. Pulsefire Surge har òg ein eigen PPT-knapp for å rullere mellom dei fem ulike PPT-innstillingane, samt at ein kan klikke på rullehjulet. Eg kunne godt tenkt meg ein ekstra sideknapp, men ein klarer seg fint med to til skytespel og liknande.

HyperX kunne godt påspandert ein ekstra sideknapp.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Elles er det lite å klage på med tanke på kvaliteten på sjølve konstruksjonen. Knappane og saumane i sidene verkar solide, og den fletta kabelen er såpass bøyeleg at den kjenst mest ut som eit tau. Det skal nok ein del til for å få brot på kabelen. Eg får inntrykket av at Pulsefire Surge er bygd for å halde i lang tid.

Det einaste som er litt rart med musa er at den veg heile 104 gram. Til samanlikning veg den langt meir enn SteelSeries Rival 600 på 96 gram, og ein får til og med trådlaus mus under 100 gram no for tida. Det finst nok av dei som meiner at alt over 90 gram er for tungt til skytespel, så HyperX har antakeleg skremt vekk ein del dedikerte skytespelfans.

LES OGSÅ: SteelSeries nye flaggskip-mus er formidabel »

På sleppdatoen for Pulsefire Surge fekk HyperX ein del pepar for museknappane. Det første partiet av musa har nemleg eit stort problem: Dersom ein pressar høgre- og venstre museklikk mot kvarandre, ville dei kople saman og dytte begge knappane oppover. Heldigvis tok HyperX kjapt affære og kalla tilbake dei som var sendt ut. Problemet skal ha blitt fikset. Me har ikkje fått teste den nye versjonen endå, men dei oppdaterte utgåvene av Pulsefire Surge er på veg ut i butikkane snart. Det er sjeldan me ser produsentane ta tak i slikt såpass kjapt, så HyperX fortener definitivt ei stjerne i boka. Musa eg brukar har framleis denne defekten, men det har ikkje hatt noko nemneverdig verknad på brukaropplevinga.

RGB og programvare

Ein av hovudattraksjonane ved HyperX Pulsefire Surge er den latterleg omfattande RGB-belysninga. Eg har eigentleg ikkje klart å få den noko finare enn med fabrikkoppsettet, men for den som har tolmod er det mykje å fikle med i HyperX NGenuity-programvaren. Musa har så mange som 32 ulike sonar for fargar, og ein kombinasjon av 16 millionar fargar å velje mellom. Det er dei ulike sonane som verkeleg lar deg få fullstendig skreddarsy lyset slik du ønskjer, og ein kan velje mellom pulserande lys og faste fargar. Kvar grensa for om dette er harry eller ikkje går, kan du altså sette sjølv.

Programvara er ein smule spartansk, sjølv om ein kan leike ein del med lysinnstillingane.

RGB er kanskje ikkje det viktigaste på ei mus då ein ikkje ser fargane når den er i bruk, men musa er utan tvil flott å sjå på når den ligg på pulten. Lyset blør utover musematta di når det er mørkt, så ein får litt sånn bilneonlys-effekt.

Sjølve programvara er ganske middelmåtig, spesielt designmessig. Ikkje at utsjånaden på programvara er viktig for ytinga til musa, men det legg ein liten dempar på opplevinga her. Det er openbert at utviklaren ikkje har brydd seg så veldig med å gjere NGenuity tiltrekkande for auget. Likevel har den dei fleste funksjonane du treng, med justering av PPT og lys, samt nokre enkle makrofunksjonar, som gjerne kunne vore meir omfattande.

Konklusjon

HyperX Pulsefire Surge er ein solid opptur frå fjorårets HyperX-mus. Sjølv med relativt få funksjonar og knappar, er den eminente sensoren, særs behagelege handteringa, solide byggekvaliteten og det forseggjorte RGB-lyset med på å gjere dette til ein av dei desidert beste verktøya du kan få tak i til PCen din.

Prisen ligg førebels på 699 hos Elkjøp. Her er det mykje å hente for pengane. Treng du fleire knappar er ikkje dette musa for deg, men syns du to sideknappar er nok, får du presisjon og brukarvenleik i haugevis her. Denne går glatt inn på topp 10-lista mi for skytespelmus.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
9
/10
HyperX Pulsefire Surge
HyperX gjer opp for fjorårets feilsteg med eit glimrande produkt.
Eminent sensor gir deg presisjonen du treng
Behageleg i bruk, sjølv over lengre periodar
Kanskje marknadens mest omfattande RGB-løysing
Imponerande byggekvalitet
104 gram vil vere for tungt for mange
Skuffande programvare

Siste fra forsiden