Test

Logitech PowerPlay

Trådlaus lading gjer livet enklare

Men er det verd det?

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Med mus som Logitech G903 er det eigentleg ingen forskjell på trådlaus og kabla mus når det kjem til yting. Kombinerer du dette med Logitechs nye system for trådlaus lading, så har du plutseleg eliminert den største ulempa med trådlaus mus, nemleg ladinga.

Powerplay er i praksis ei fancy musematte med eit elektromagnetisk felt, som ladar enten Logitech G703 eller G903 så lenge musa ligg på matta. Produktet kom ut i fjor haust, men me tenkte det ville vere interessant å sjå på både Powerplay og G903 til spelbruk.

Logitech PowerPlay er veldig enkel å kome i gang med. Du pluggar inn ein USB-leidning i PCen din og legg eit nytt batteri inn i G903, så er du klar for å ta knekken på spelfiendane dine. Med Powerplay treng du heller ikkje bruke USB-pinnen til musa, du berre legg musa rett på matta, så er den kopla til.

Les test av Logitech G903 her »

Presisjon og komfort

Produsenten lar deg velje mellom to ulike overflater til sjølve matta. Den eine er ei stoffmatte, som kjenst jamn og har den beste sporinga. Det blei min favoritt. Elles følgjer det òg med ei hard matte, som er glatt og vil auke følsemda til G903 ein del.

Logitech Powerplay.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ei god musematte kan faktisk gjere mykje presisjonen til musa du bruker. Underlaga som følgjer med Logitech Powerplay er av høgaste kvalitet, med god sporing. I praksis skal du kunne bruke kva som helst underlag med den rette storleiken og berre legge det oppå Powerplay, men dei du får med gjer definitivt jobben.

Stoffmatta lagar nesten ingen lyd, og det sjølv med store muserørsler. Plastikkmatta er det derimot verre med, men det er gjerne dei som føretrekk hardare underlag vande med. Det store plusset med plastikkmatta er haldbarheita. Du slepp at små støvkorn legg seg inni saumen slik dei vil gjere på ei stoffmatte.

Baksida av begge mattene er dekkja av eit plastikkbelegg, som klistrar seg fast på Powerplay. Dette gjer at ein omtrent aldri treng å tenkje på at musematta kjem til å bevege på seg. Å døy i spel på grunn av at musematta rører på seg kan vere ekstremt irriterande, og det slepp du her.

Lading

Logitech PowerPlay gjer det den skal.
Skjermdump Logitech Gaming Software

Så, til det me alle ventar på; korleis dette faktisk fungerer. Etter å ha tatt ut den trådlause mottakaren til G903 og køyrt ein gjennomgang av Logitech Gaming Software sin kalibreringstest for musematte, er det i teorien slik at eg aldri igjen treng å tenkje på lading av G903. Og det blei eigentleg slik. Ladinga tar lang tid med matta, men etter at du har tatt i bruk Powerplay har ikkje det noko å seie. Den klatrar gradvis opp mot 80-85 prosent batteri, og når den først kjem dit, blir den der. Uansett kor mange lys du har på, og kor mykje batteri den brukar. Den går visstnok ikkje heilt opp til hundre på grunn av optimalisering av batteriet, men så lenge du har musa på Powerplay har eigentleg ikkje batteriprosenten noko verknad på bruken.

Dette er openbert ikkje noko teknologisk revolusjon, og du må framleis ha ein kabel mellom Powerplay og PCen din, men det gjer ting litt enklare. Og er det ikkje nettopp det slike dingsar og duppedittar skal gjere? Som primærbrukar av kabelmus har eg ein tendens til å gløyme å slå av den trådlause musa mi når eg tar kvelden, og det slepp eg tenke på her. Sjølv om batteriet skulle gå tomt i løpet av natta (noko det neppe gjer med G903s store batteri), så kan eg gå rett i gang med å bruke musa når eg slår på PCen om morgonen igjen. Ingen irritasjon over hukommelsa mi, og ingen lading.

Programvare

Konfigurasjon av RGB i programvaren.
Skjermdump Logitech Gaming Software

Naturlegvis er det litt meir avgrensa kva ein kan gjere i Logitech Gaming Software med PowerPlay enn med ei mus – dette er tross alt ei musematte –, men du får leike med nokre innstillingar her òg. Som omtrent alt anna Logitech produserer, kjem matta med RGB-lys. Mottakaren har ein G-logo som kan lyse i alle moglege fargar.

Her får du velje mellom tre innstillingar; faste fargar, ein pusteeffekt og syklus av ulike fargar. Du får òg synkronisere fargen med musa, slik at den same effekten kjem på både logoen på Powerplay og G903. Hiv på eit Logitech-tastatur der òg, så har du ein ganske kul kombinasjon.

Les også: Test av Logitech G Pro Gaming Headset, eit produkt som går vekk frå Logitechs standarddesign »

Konklusjon

PowerPlay er stilreint og enkelt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Logitech Powerplay er eit produkt som kan gjere livet litt lettare, men det er nok òg reservert for spesielt interesserte eller dei pengesterke. Du må faktisk ut med heile 1400 kroner for vedunderet. Kombiner dette med at Logitech G903 òg kostar over 1400 kroner, så har du plutseleg brukt nesten tre lappar på ei mus. Då er vel spørsmålet til sjuande og sist om du syns det er greitt å betale 2000 kroner ekstra for trådlaus funksjonalitet over kabelmus. Tross alt er det ærleg talt snakk om ei fancy musematte. Hadde det vore mogleg å bruke den med andre trådlause mus enn berre G703 og G903 hadde eg ikkje tenkt noko over det, men dette er ein del pengar for å låse seg til Logitech.

Teknologien gjer nett det den skal og fungerer feilfritt, men kanskje er det litt tidleg enno. Gi marknaden tid til å kome med nokre konkurrentar, så rasar prisen fort nedover. Me kjem snart med test av Razers nye løysing for trådlaus lading.

Les også: Me testa kompanjongen til Powerplay; Logitech G903 »

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
6
/10
Logitech Powerplay
Gjer jobben, men kostar flesk.
Gjer livet ditt litt enklare
RGB-lys på musematte er kos
Enkelt oppsett
To ulike underlag
Latterleg pris
Må framleis ha USB-kabel inn i PC

Siste fra forsiden