Sniktitt

Eternal Sonata

Frå dødsleiet til ein pianist blir vi tekne med til ei vakker og fortryllande verd litt utanom det vanlege.

Vi har sett biletet før. Ein nydeleg solnedgang spreier varme raudfargar over frodige åkrar og glitrande hav. Fortryllande tonar dansar gjennom øyrekanalane dine, og det er vanskeleg å ikkje krumme leppene i eit ganske så tilfreds smil. På skjermen ser du ein person springe langs vegar, inn i hus, og over bakketoppar kledd i fargesprakande blomar. Brått skjer noko med skjermen, og ei rekkje beist flekkar tennene mot deg. Ein etter ein sender dei frammøtte sine angrep mot kvarandre, før det heile er over like raskt som det sette i gong.

Vakre tankar

Det du ser no er ingenting utanom det vanlege, dette er eit typisk japansk rollespel på dei fleste område, men det er mange hakk penare. Eternal Sonata er som å vere i ein draum. Det er fargerikt og vakkert, og aldri før har vi sett eit spel formidle den godt kjende anime-stilen frå Japan på så truverdig vis. Det er direkte nydeleg, og det er tydeleg at det ligg mykje omtanke i å presentere verda skikkeleg. Kvar du enn går bugnar spelet over av små detaljar. Det er alt frå blomsterpotter og primitive vindmøller i landsbyane, til dei forskjellege blomane du vil finne når du spring rundt i skogen.

At det er vakkert er nok òg ein stor del av meininga. Eternal Sonata er eit spel som på fantasifullt vis vevar seg inn i verkelege hendingar, og omgjer dei til noko unikt og magisk. Alt skjer i tankane til den berømte pianisten Frederic Chopin. Han er svært sjuk, og svevar mellom liv og død. I draumane sine har han bygd opp ei fortryllande verd. Inn i denne verda kjem du, og legg ut på eit eventyr som ved nokre få timars speling ser ut til å bli overveldande estetisk, meir enn noko anna.

Spelet er ufatteleg gjennomført på det visuelle planet, men lydane som kjem ut frå høgtalarane dine er trollbindande. Ikkje berre får vi høyre Chopins vakre pianomelodiar, men komponisten Motoi Sakuraba har skrudd saman det som kanskje er eit av hans største verk så langt. Det er ikkje småtteri for mannen som har gitt oss lydteppa til spel som Baten Kaitos og Valkyrie Profile.

Musikk er noko som i tillegg går igjen i alle hjørne av spelet. Om du brukar auga vil du finne musikalske referansar overalt. Du finn dei i alt frå namna på personane i spelet, til dekorasjonar på golvet i den lokale butikken. Spelet frir til deg frå alle vinklar, og når du i tillegg kan velje å spele spelet på originalspråket, japansk, blir ein kjapt veldig positivt innstilt.

Alt ser likevel ut til å kunne vere ein illusjon. Det er ufatteleg mykje å feste auga på, men veldig lite å ta tak i. Det spelar inga rolle om du er i ein by, eller ute på eventyr i kloakken, moglegheitene dine er få. Du kan springe frå A til B, og ta nokre få avstikkarar, men det er eigentleg alt. Uansett kor pent spelet er, er det yttarst begrensa kor lenge du gidd studere utsikta. Ikkje at dette verkeleg skadar spelet, men det gir ikkje spelet noko heller. Du vil gjerne springe overalt, men du kan ikkje.

Særprega kampsystem

Eternal Sonata er utvikla av det same selskapet som står bak Star Ocean-serien, og det er tydelege likskapar her. Alt frå korleis personane bevegar seg på skjermen, til korleis kampsystemet er oppbygd. I kamp har du fleire ting å halde styr på, men det startar forsiktig slik at du skal kunne få god oversikt. Noko av det viktigaste er korleis du vil finne lys og skugge i kampområdet. Dette får betydning for deg i den forstand at du brukar forskjellege spesialangrep i lys, enn kva du gjer i skugge. Berre skuggen til ein fiende kan vere nok til at du skiftar angrep. Det er ikkje det einaste som forandrar seg. Til og med monstra kan ta nye former når sola forsvinn.

I Eternal Sonata er kampane verken tilfeldige eller turbaserte i vanleg forstand. Alt går etter tur, men sjølve utførelsen av angrepet skjer i sanntid. Ved å springe over kampområdet vil du bruke «turpoeng», det same gjer du ved å angripe. Når du går tom for desse poenga er turen din over. Ved å slå ein fiende får du ei lita dose poeng tilbake, men dette gjeld kun for normale angrep, og ikkje for spesialangrep. Du har alltid valet mellom eit spesialangrep og eit vanleg angrep, i tillegg til å bruke gjenstandar. Akkurat dette ser ut til å kunne bli litt einsformig i lengda, sidan ein raskt endar opp med å bruke det same angrepet om igjen. Forhåpentlegvis vil kampsystemet brette seg ut etter kvart som timane går.

Konklusjon

Les også
Anmeldelse:

Eternal Sonata kan lett oppsummerast som høstens vakraste eventyr. Om det blir høstens mest engasjerande eventyr er ikkje like sikkert. Dei første timane lovar bra, med ei interessant historie som vågar å gå nye vegar, og ein fantastisk presentasjon. Spelet er vakkert og fargerikt, og musikken held minst like høgt nivå. Det er ei veldig original verd, som likevel held seg tru mot gamle tradisjonar. Skepsisen kjem i form av ei verd som ber deg om å utforske alt, men nesten ikkje let deg utforske noko som helst. Det er uansett tvilsamt om dette vil legge nokon stor dempar på eit spel som ser ut til å kunne spre ei stor og solid dose ekstra fargar i høst.

Merk: Eternal Sonata kjem i butikk 19. oktober, eksklusivt for Xbox 360.

Siste fra forsiden