Få med deg Overwatch 2 saman med oss

Gamer.no tørkar støvet av ein gammal Twitch-konto for å dele våre tankar om det komande skytespelet.

Betatesten til Overwatch 2 har gått i nokre dagar no, og me i Gamer har brukt helga på å bli kjend med gamle figurar på ny. Klokka 15.00 i dag køyrer me i gang ein time med streaming for å lufte tankane våre i forkant av teksten me publiserer over helga.

Det er sjølvsagt hyggeleg om du dukkar opp i chatten vår, enten om du har spørsmål om spelet eller berre vil slå av ein prat på ein roleg søndag.

Dei som har tilgang til spelet må gjerne slenge seg med på nokre rundar, berre legg ein beskjed i chatten på Twitch.

Me startar på denne kanalen 15.00.

Siste fra forsiden