FEATURE: Desse spela gler vi oss til i mai
Feature
(Foto: Montasje Gamer.no)

Desse spela gler vi oss til i mai

Norsk folketru of svoltne rotter står på menyen denne månaden.

Vi har ikkje lagt bak oss den mest intense månaden i historia, for å seie det slik. Våren er her, sola kikar fram, snøskredet av spel dabbar av, og vi byrjar å sjå konturane av speltørka eit varmare klima fører med seg.

Vi har fått ein liten bunke spel, og av det vi har kika på har det gått i strategispel. Om du vil byggje eit samfunn kan du velje mellom det solide Anno 1800 og det knakande gode Tropico 6.

No skal vi derimot sjå framover mot nokre av dei spanande spela mai har å by på.

A Plague Tale: Innocence

Kan du hjelpe desse to med å sleppe unna rottene? Bilde: Focus Home Interactive

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 14. mai

I A Plague Tale: Innocence tek vi turen tilbake til Paris i år 1349. Svartedauden herjar, og i rolla som ei ung jente må vi ta med oss veslebroren vår på ei farleg reise for å finne mora vår. Her får vi møte sinte folk som vil deg vondt, eit bitande mørke, og eit mylder av rotter som elskar å gå laus på alt med puls. Vi fekk lyst til å sjå meir etter ein kjapp kikk under E3-messa for eit par år sidan:

«Det er mykje spanande ved A Plague Tale: Innocence. Å få fokus vekk frå slåssing gjer at vi må tenkje annleis, og eit mørkt Paris med fokus på to born i ein svært vanskeleg situasjon kan i beste fall gje spelet meir dybde. Vi fekk dessverre ikkje prøvd spelet sjølv, så enn så lenge blir det vanskeleg å seie noko om korleis det er å kontrollere Amicia og slynga hennar.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på A Plague Tale: Innocence

Rage 2

Rage 2 lovar fargerik fyrverkeriaction. Bilde: Avalanche Studios

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 14. mai

Rage blei ein grei suksess for iD Softare, men det var nok ikkje mange som såg føre seg at spelet skulle få ein oppfølgjar. Men her er vi likevel, og kan sjå fram mot eit rimeleg intenst actioneventyr skrudd saman av like deler iD Software og Just Cause-studioet Avalanche. Her blir det glorifisert hypervald i ein fargerikt, men dystopisk framtidsvisjon. Vi tok ein kikk på spelet i fjor, og såg mykje potensiale, sjølv om vi hadde eit par spørsmål:

«Vi håpar at vi spår riktig når vi ser konturane av eit sterkt spel her. Skytekjensla og dynamikken som dei forskjellige ferdigheitene til Walker gjev, sørgjer i det minste for at skuddvekslingane sit som dei skal, og med litt variasjon i nivåutbygginga ser vi føre oss at Rage 2 kan by på kampar som løysast på forskjellige måtar.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Rage 2

Team Sonic Racing

Kart-racing i Sonic-universet. Bilde: Sega

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Switch, Windows
Ute: 21. mai

Sonic og Sega-kollegaene hans har prøvd seg på å svi gummi før, blant anna i det solide Sonic & All-Stars Racing Transformed der vi fekk eit Mario Kart-inspirert spel fullt av kjende og kjære ansikt frå Segas katalog.  Team Sonic Racing byr utelukkande på figurar frå Sonic-universet, men det ser ikkje ut til å leggje nokon dempar på stemningar.

I denne Kart-raceren ligg fokuset på lagarbeid. Tre lag på fire spelarar kjempar mot kvarandre i superraske køyretøy, og det handlar ikkje lenger berre om kven som kan kom først i mål, men like mykje om kor godt laget samarbeider om å løfte kvarandre fram. Som med alle Kart-spel med respekt for seg sjølv finn vi sjølvsagt eit mylder av våpen og diverse power-ups du kan plukke opp.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Team Sonic Racing

Conan Unconquered

Defensiv strategi i Conan-universet. Bilde: Funcom

Plattform: Windows
Ute: 30. mai

Sjølv om Funcom har til gode å lage eit spel der du faktisk spelar som, vel Conan, har dei fått god nytte av Conan-lisensen ved å produsere både eit massivt onlinerollespel, samt overlevelsesspelet Conan Exiles. No har dei enda eit nytt prosjekt på gong, utvikla av Command & Conquer-veteranane hos Petroglyph Games.

Conan Unconquered blir eit defensivt sanntidsstrategispel. Her skal du byggje ein festning som kan stå støtt mot stadig fleire angripande fiendar. Samstundes må du passe på at folka dine har det bra, og at du har ei solid hær for å møte fienden. Utviklarane har sjølve samanlikna Conan Unconquered med zombiestrategispelet They Are Billions. Om du er ein Conan-fan med sans for strategi, er dette for deg.

Sjå bliete, les artiklar og finn beste pris på Conan Unconquered

Draugen

Bli med til vestlandet der mørkret ventar under overflata. Bilde: Red Thread Games

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: Mai

Draugen er eit norsk eventyrspel frå Red Thread Games, Funcom-avhopparane med Ragnar Tørnquist i spissen som tidlegare har laga Dreamfall Chapters. I Draugen tek vi turen til fjordane på vestlandet på 1920-talet der vi møter amerikanaren Eward Charles Harden som har reist til ei bygd på vetslandet for å finne den sakna systra si.

Naturlegvis er ingenting heilt som dei skal, og saman med Ewards verge Lizzie, må han finne ut kva som eigentleg har skjedd. Spelet vil i følgje utviklarane forme seg etter både ver og vind, samtid Edwards mentale tilstand. I tillegg vil samspelet mellom Edward og Lissie ha ei sentral rolle, og Red Thread Games skildrar Lissie som ein levande og uavhengig partner.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Draugen

Dei døde vandrar

Total War er tilbake for å glede strategientusiasten. Bilde: Sega

Det blir mange vandrande lik i mai. Capcom lanserer heile tre Resident Evil-spel på Switch. Både Resident Evil, Resident Evil Zero HD Remaster og Resident evil 4 får ta turen over til Nintendos særs populære konsoll denne månaden. Fleire daudingar blir det når Konami sender sin massive Castlevania Anniversary Collection ut til folket. Her får vi heile åtte spel i Castlevania-serien, deriblant Super Castlevania IV og Kid Dracula, eit spel som aldri kom seg ut av Japan.

Ein bunke fleire spel er på veg til Switch. Assassin's Creed III Remastered gjev Nintendo-publikummet litt snikmordar-action, medan ekstremvalden får fritt spelerom i Mortal Kombat 11. Litt lettare stemning blir det når Switch får besøk av Saints Row: The Third – The Full Package.

Noko litt anna får vi i bartenderspelet Va-11 Hall-A: Cyberpunk Bartender Action, medan The Legend of Heroes: Trails of Cold Steel II byr på eit digert japansk rollespel for dei som helst vil trekke seg unna sola i mai.

Om du treng nytt innhald til din PlayStation VR, kan det kanskje passe med Killing Floor Double Feature, ei samlepakke som byr på både Killing Floor 2 og Killing Floor: Incursion.

Heilt til slutt tek vi med strategispelet Total War: Three Kingdoms, og denne gong er det krigføring i gamle Kina som står på plakataen.

Det var alt for denne gong, sjåast.

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen