Feature

Skribenter prøver spill de ikke liker

GTA-skeptikaren spelar Grand Theft Auto V

Eg har aldri hatt noe positivt å si om Grand Theft Auto. Faller det femte spelet i smak?

Øystein Furevik har aldri likt Grand Theft Auto-serien.
Privat/Rockstar

ØYSTEIN FUREVIK

Frilanser for Gamer.no siden 2002. Liker en god historie, dype spillsystemer og kreative univers han kan forsvinne inn i. Furevik er stort sett altetende, men racing og fotball holder han seg unna. Blant hans favorittspill gjennom tidene finner vi Tie Fighter, Halo: Combat Evolved, Warcraft III, Super Mario World, Secret of Mana, Rocksmith og Final Fantasy XI.

Denne artikkelen ble opprinnelig publisert november 2013. Redaksjonen løftet den frem igjen desember 2014.

Eg har aldri likt Grand Theft Auto. Aldri.

Dette gjer meg til ein god kandidant for å vere første mann ut når Gamer.no no skal prøve å utvide horisontane til sine eigne skribentar. Vi har alle vore der. Som liten nekta du kanskje å ete eit spesielt pålegg fordi det ikkje såg bra ut. Kanskje nektar du å sjå ein film fordi ein skodespelar du verkeleg ikkje likar er med i den, slik eg aldri har sett Titanic mest grunna hårklippen til Leonardo DiCaprio.

Det finnest mange irrasjonelle grunnar for å seie nei. Det er lett å byggje seg opp eit ikkje alltid like gjennomtenkt grunnlag for å avvise noko alle andre ser ut til å like. Denne veggen vil vi no prøve å bryte ned. Vi skal setje våre eigne skribentar til å spele spel og hoppe inn i sjangrar dei elles vegrar seg for å spele. Vi skal sjå om det går an å øydeleggje nokre mytar, utvide nokre horisontar, eller sjå om dei meiningane som er på plass er så sterke at dei ikkje kan endrast.

Over dei siste vekene har eg spelt årets kanonsuksess Grand Theft Auto V, det nyaste spelet i ein serie eg aldri har likt. Dette er historia om korleis det gjekk.

Aldri i mi tid

Eg hugsar framleis første gong eg såg eit Grand Theft Auto-spel i aksjon. Det var Grand Theft Auto I eller II, eg er ikkje heilt sikkert. Det einaste eg hugsar er at det var stygt, og eg kunne ikkje fatte kva kameraten min såg i det. Alt han gjorde var å køyre ein stygg bil over nokre stygge folk. Det gav ikkje meining.

Seinare kom det store spelet som endra alt; Grand Theft Auto III. Alle eg kjende tilbad dette spelet som ein messiah, og eg skjønte då at ein ny religion hadde etablert seg. Eg spelte det i knappe 15 minutt og raskt skjønte at eit spel med så lite retningssans og så vinglete kontrollar ikkje var noko for meg.

Eg hoppa ganske glatt over dei neste spela i serien. Det var nok å sjå nokre vener spele for å vite at dette heller ikkje var noko for meg. Det heile framstod for meg som påtatt og teit. Opplagde vitsar i ei opplagd verd som ikkje bydde på nokon overraskingar om du har sett ein film eller to i ditt liv.

Grand Theft Auto IV dukka opp bestemde eg meg for å gjere eit oppriktig forsøk. Som vanleg for serien blei spelet hausa opp til å vere det beste som nokon gong var laga. Eg overhøyrde ein kamerat seie noko slikt som at «Rockstar er i ein klasse for seg sjølv».

Eg fnaus av desse orda, men sette meg likevel ned for å spele Grand Theft Auto IV i omlag ti timar. Då hadde eg fått nok. Den første halvtimen var OK, resten var speling på trass. Det var motvillig arbeid der eg tvinga meg sjølv til å gjere noko eg ikkje kunne fordra berre for å sjå om eg kanskje hadde tatt feil.

Eg tok ikkje feil.

Les også
Anmeldelse: Grand Theft Auto V

Ein ny start

Det sorgens kapittel som var Grand Theft Auto IV er over, og no har Grand Theft Auto V vore her ei stund. Eg skal innrømme eg var litt meir positivt innstilt til dette spelet. Tre personar å ta styringa over kunne kanskje sprite opp dei stereotypiske settingane som eg har funne det umogleg å engasjere meg i før.

Spelet drog meg derimot hardt tilbake til røynda. Grand Theft Auto V har kanskje ein av dei mest amatørmessige startane eg har vore borti i nyare tid. Eg kjenner frustrasjonen frå aller første sekund. Dei seige kontrollane gjer springing om til noko som minnar om å vasse i gjørme. Eg prøvar å plassere meg på eit bestemt punkt, men figuren på skjermen spring i ring rundt seg sjølv, og eg innser allereie på dette punktet at dette er heilt feil spel for meg.

Det held fram med den mest brukarfiendtlege opplæringa eg har vore borti i nyare tid. Kven sin idé var det å bruke små, svarte boksar med lita skrift for å dytte ut info? Ikkje berre er boksane små, men dei forsvinn fort. Eg rekk knapt få med meg at dei er der før dei er borte. Verst er det når dei skal fortelje meg om Franklins spesialeigenskap medan eg køyrer. Kven er det som har tid til å lese medan dei susar nedover motorvegen i 200 kilometer i timen?

Det er dette eg kallar eit dårleg førsteinntrykk, og det første av mange irriterande kollisjonar i trafikken. Kjensla av å kanskje ha mista vital informasjon fordi utviklarane ikkje forstår korleis dei skal levere den.

Eit vakkert, svart hol

Det beste med Grand Theft Auto V er Los Santos. Heile området er fantastisk godt gjennomført. Det skulle nesten berre mangle når vi snakkar om det dyraste spelet gjennom tidene, men det kan ikkje seiast ofte nok. Rockstar si tolking av Los Angeles og omliggjande område er fantastisk. Eg er stor fan av Los Angeles, det er ein stad eg trivst svært godt i. Det å køyre rundt i Los Santos medan eg kjenner igjen både det eine og det andre, og prøvar å finne ein kul radiokanal er ganske fett.

Problemet er at eg køyrer heile tida. Det tok litt tid før eg innsåg dette, men Grand Theft Auto V er i praksis eit bilspel. Det kjennest som om 90% av tida mi har gått med på å køyre rundt i eitt eller anna køyrety. Dette er problematisk for meg av fleire grunnar. For det første er eg ingen stor fan av bilspel, og for det andre er det så frykteleg mange andre ting eg heller skulle ynskje eg kunne gjere i denne byen.

No skrik du kanskje ut om at det er jo tross alt det. Eg kan springe om kapp med ei sint dame, eg kan shoppe, eg kan fikse bilen min, eg kan køyre ned ein tjuv for å returnere lommeboka han stal. Lista er lang med ting eg kan gjere. Joda, det er moro det. Ein gong. Berre ein. Eg finn ingen motivasjon til å hamre på ein knapp for å springe om kapp meir enn ein gong. Eg finn ingen grunn til å jakte fleire tjuvar for det har ingen større konsekvens enn eit par hundre dollar i lommeboka, om eg er heldig. Eg gidd ikkje ein gong snakke om kor banal hjortejakta er.

Eg bryr meg ikkje om å fikse fleire bilar, for så snart eg har køyrt til eit nytt oppdrag er bilen brått borte, og eg står aleine til fots på jakt etter noko som kan frakte meg til neste destinasjon.

Take Two

Det er ikkje det at bilkøyringa i Grand Theft Auto V er dårleg, den er heilt kurant den, og eg synest kontrollen over bilane er langt betre enn i til dømes Grand Theft Auto IV. Eg er berre lei av å bli utolmodig i eit kryss, gasse på, gli unna tversgåande trafikk som ein helt berre for å krasje i ein bil som av ukjende grunnar brått finn på å vri seg inn i feil køyrebane akkurat i det du skal passere. Slike ting skjer for ofte i alle Grand Theft Auto-spela eg har prøvd, og det grensar til at eg trur Rockstar har gjort dette mot meg med vilje.

Bilane er ikkje det einaste eg må styre heller. I tillegg må eg presse skrotten inn i eit fly, eit helikopter og ein ubåt. Tre ting som er så banalt frustrerande kontroll på at eg får lyst til å feile oppdraga nok gongar til at eg kanskje får valet om å hoppe over.

Søvngjengeri

Eg har innsett at eg gjerne skulle sett eit statisk kart i Grand Theft Auto V. Eit kart der eg berre kan velje kvar eg vil gå, og hoppe dit umiddelbart. Då hadde det vore mindre dødtid mellom kvart oppdrag. Det er alt for mykje dødtid i Grand Theft Auto V. Eg føler eg mister fullstendig kontakt med hovudpersonane. Eg vasar rundt og tar eit oppdrag her, eit oppdrag der, og ingen ting heng saman. Historia er rotete og utan retningssans, medan alle dei tre hovudpersonane er pinleg stereotypiske.

Vi finn Trevor, den sinte psykopaten med stygg barndom som sjølvsagt spyttar rundt seg med kyniske syn på korleis verda er sett saman. Franklin er den erketypiske og kule fyren frå ghettoen som vil meir med livet sitt, medan Michael er den tidlegare storkriminelle som no tek seg nokre nye tokt fordi han er lei av livet.

Hadde dialogen vore smart hadde det vore noko, men på sitt aller beste er det berre OK. Det er eit forsøk på å pakke vulgære ting inn i intellektuelle ord, og eg bit ikkje på.

Det aller verste med heile persongalleriet vi møter i spelet er derimot damene. Det er godt mogleg eg har gått glipp av noko, men finnest det ikkje ei einaste dame som ikkje fyller ein stygg stereotyp i dette spelet? Visst er alt som kan krype og gå i spelet stereotypar, men mannfolka blir ikkje like grundig plassert i ein negativ bås slik damene blir det.

Ei smart dame er sjølvsagt feit, kona til Michael er naturlegvis utro med ein yoga-instruktør (yoga er enda ein meiningslaus og keisam ting du kan kaste bort tida di på), medan dottera hans gjerne sel kroppen sin for å få ei rolle i ein film. Verst av alt er derimot det eg erfarte då eg tok meg ein tur på strippeklubb.

Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie for å uttrykke mi avsky, men her har vi eit spel der du forførerar damene ved å tafse på dei.

Høyr etter folkens, om du vil få deg eit ligg med ei bra dame gjeld det berre å klå på ho til ho gir etter.

Eg merkar faktisk at det ulmar inni meg når eg skriv desse orda. Eg kan ikkje sjå føre meg ein argumentasjon som under nokon omstende skal få meg til å synest dette er OK. Du kan seie det er ein kommentar på korleis mange mannfolk trur dette er alt som skal til, men spelet behandlar ikkje dette temaet på den satiriske måten som bør til for å få fram eit slikt poeng. I staden blir det berre kvalmt og ubehageleg.

Brå kvalme

Problemet til Grand Theft Auto V er at det er for seriøst. Det er mykje humor i spelet, men den overhengjande tonen sender svært tvetydige signal om korleis du eigentleg skal tolke det som blir sagt og gjort.

Ta til dømes den uhyrlege sekvensen som dukkar opp nokre timar inn i spelet der du med makt skal få tak i informasjon. På den eine sida skal Rockstar ha litt honnør for å skru saman noko som verkeleg vekker avsky hos meg som spelar. Eg meiner på ingen måte at spel berre skal vere moro, dei kan vere eit verkty for å vekkje kritisk tenking hos spelaren.

Men kva ville Rockstar med denne sekvensen? Ein kollega fortalde meg for nokre år sidan om korleis han overhøyrde utviklarar frå Rockstar le om alle drapsmetodane dei hadde putta inn i Manhunt 2. Dei meinte tydelegvis det er moro å berre drepe folk på bestialske måtar. Dette set meg enda meir i tvil om kvar dei ville då dei skrudde saman Trevor si vesle kosestund.

Spelet sprikar så sterkt mellom satire og alvor at eg aldri veit kvar dei vil. Som tilskodar blir eg forvirra, og som ein konsekvens blir eg irritert.

Take Two

Lys i mørkret

Sjølv om eg mislikar mykje med Grand Theft Auto V har eg likevel lete meg imponere av fleire ting. Spesielt ein sekvens der du køyrer etter ein lastebil var som å ta del i ei spenstig scene frå ein Michael Bay-film. Det var fett, og står som eit stort høgdepunkt for meg. Samtidig var ei vill jakt på jetski forrykande moro.

Eg likar strukturen på fleire av dei større og viktigare oppdraga. Samle inn informasjon, få tak i nødvendig utstyr, og velje ein slagplan før bråket startar likar eg godt. Det set meg inn i verda og gjev meg kjensla av at gjer reelle val. Eg blir ein del av noko som er større enn berre meg, og det gjer den allereie fabelaktige byen enda lettare å like.

Som ei utviding av dette har vi korleis byen reagerer på handlingane dine. Når du har gjort noko stygt høyrer du kanskje om det på radioen kort tid etterpå.

Samtidig synest eg Rockstar har funne svært smarte system for å engasjere spelaren i ein kampsituasjon. Spesialkreftene til Trevor og Michael får fart på ting, og det å skifte mellom dei tre hovudpersonane medan du gjer eit brekk er intenst og spanande. Akkurat her synest eg Rockstar har gjort ein knakande god jobb. Eg får verkeleg kjensla av å vere sjefen som har kontrollen når eg hamnar i ein kamp. Spelet byr på valfri autofokus som mange sikkert vil fnyse av, men eg synest den fungerer glimrande, og let spelaren sjølv velje korleis han vil spele spelet.

Eg skulle gjere ha sett meir av akkurat dette spelet. Det intense og engasjerande Grand Theft Auto V som dukkar opp med jamne mellomrom. Meir av dette, og mindre av meiningslaus fyllmasse og køyreturar på kryss og tvers av byen.

Konklusjon

Etter å ha rota meg gjennom fleire timar Grand Theft Auto V enn eg nokon gong ville gjort frivillig, er dommen eigentleg klar. Det var ikkje så ille som eg frykta som det skulle bli. Eg kjem likevel aldri til å spele eit Grand Theft Auto-spel igjen. Eg har prøvd for mykje, og etter min største innsats nokon gong med denne serien, er det nok.

Det er mykje å like her, det skal eg innrømme. Eg greidde ikkje gjere meg ferdig med spelet, og enkelte delar av meg har litt lyst til å gå tilbake for å gjere nokre oppdrag til.

Eg har derimot veldig mange andre ting eg heller vil bruke tida på. Det er alt for mange keisame og irriterande element i spelet. Eg klarar ikkje spele eit spel der dei mangfaldige dialogane gir meg meir lyst til å sjekke siste nytt på mobilen, enn til å følgje med på kva som skjer vidare. Eg klarar ikkje kaste bort meir tid på fyllstoff som ikkje tener verken meg eller spelet eg spelar nokon nytte.

Grand Theft Auto har aldri vore for meg. Eg trur eg slår meg til ro med det, og lar entusiastane få ha kosen sin i fred.

Om desse krasse ord om Grand Theft Auto V ikkje skulle falle i smak:
Ta e
in kikk på vår rosande anmelding av spelet eller Joachims personlege rese gjennom store, opne verder.

Siste fra forsiden