Anmeldelse

Final Fantasy Tactics: The War Of The Lions

Square Enix tek oss med på eit engasjerande eventyr du definitivt ikkje vil gå glipp av.

Maktkamp, politiske intriger, og familiar og venskap på brestepunktet står sentralt i eit av dei beste spela som har Final Fantasy i namnet. Final Fantasy Tactics: The War Of The Lions på PSP er ein ny versjon av det taktiske rollespelet som imponerte på PSOne for ein del år tilbake. Dette er likevel ikkje heilt det same spelet. Sjølv om du vil ta del i den same historia som i PSOne-versjonen, og sjølv om det meste held seg tru mot originalen, er det så mykje nytt å hente her at til og med dei som har pløgd gjennom originalen eit titals-gangar bør vurdere eit innkjøp.

Square Enix

Tilbake til Ivalice

Final Fantasy Tactics utspelar seg i Ivalice. Mange vil nok dra kjensel på dette namnet, sidan dette er den same verda vi reiser til i Final Fantasy XII. Sjølv om spelet har andre personar i hovudrollene, og ei heilt anna handling, vil du kjenne deg igjen. For det første spelar musikken på mange av dei same notane vi finn i Final Fantasy XII, og sjølv om spelet ikkje inneheld frykteleg mange av musikkstykka frå Final Fantasy XII, er det nok til at ein kjenner seg igjen. Det som verkeleg konstaterer at vi er i ei velkjent verd er dialogen. PSP-versjonen av Final Fantasy Tactics har blitt omsett på ny, og det i same stil som Final Fantasy XII. Du kan med andre ord forvente deg eit høgtidleg og pompøst språk som trass sine teatralske tonar, aldri går i fella å bli parodisk.

Dette er noko som for fulle kjem til sin rett i dei flotte nye filmsekvensane som dukkar opp med jamne mellomrom for å drive fram historia. I staden for å kaste på oss filmar der folk ser nesten levande ut, er filmsekvensane i Final Fantasy Tactics veldig særeigne. Filmsekvensane køyrer på med ein personleg anime-stil, og det heile har eit sterkt skissepreg, noko som i stor grad hjelp spelet med å halde kontinuitet mellom filmane og kampane.

Final Fantasy Tactics er ikkje ditt typiske Final Fantasy-spel. I staden for å reise ut på eit eventyr med ein gjeng pønkarar frå neo-middelalderen, er du her nøydd til å administrere følgjet ditt på eit heilt anna nivå. Heile verda ser du frå eit kart, og du flyttar deg mellom punkt på kartet. Ved å gå til desse punkta vil du utløyse kampar og nye element av historia. Du går aldri rundt i byar, men navigerer deg gjennom enkle menyar for å raskt få gjort unna eventuell informasjon du er på jakt etter, eller handling etter nytt utstyr.

Kamp på ruter

Sjølve kampane utspelar seg på enkle rutenett der kvar figur flyttar eit gitt antal ruter. Som vanleg i Final Fantasy-spel skjer alt etter tur, men i staden for å stå oppstilt på ei linje, vil alle kunne flytte seg fritt rundt på kartet. Det er jo sjølvsagt her taktikken i Final Fantasy Tactics kjem inn i biletet. I spelet har du ikkje ei definert gruppe heltar. I staden både kjem og går viktige personar som dei vil, og du bestemmer sjølv kva krigarar du vil ha med deg i kamp.

Forskjellege krigarar har forskjellege jobbar, og forskjellege jobbar har forskjellege måtar å gjere ting på. Har du til dømes ein bogeskytar blant krigarane dine, vil denne måtta ha avstand til fienden for å kunne angripe. Det same gjeld forskjellege former for magi, og når til dømes eit lyn flerrar himmelen, treff det meir enn ei rute. Kor mange ruter eit spesifikt angrep vil gå ut over, er noko ein alltid må ha i tankane for å få størst mogleg utteljing for kva ein vil gjere. Du må òg ta stilling til angrepsposisjon. Spring du rett fram i eit frontalangrep, er det til dømes stor sjanse for at du blir parert. Om du derimot snik deg inn og angrip bakfrå, blir som regel angrepet mykje meir vellukka. Ved å angripe frå høgda, stiller du enda sterkare. Sjølvsagt er det ingenting i vegen for at fienden utnyttar alle triksa dine mot deg med stor effektivitet.

Terrenget på dei små karta byr på mykje variasjon du kan bruke for å utnytte krigarane du tek med deg i kamp. Du vil finne alt frå flate sletteområde, til fjellandskap med klipper og høge tre. Utfordringa dette byr på er eit av spelet sine udiskutable høgdepunkt, men samtidig er den eit dilemma. Sjølv om du kan utnytte høge klipper for å plukke ned fienden med piler, vil dei same klippane gjere det vanskeleg for deg å sjå alt som skjer på kartet. I litt for mange situasjonar ser du ikkje heilt kvar du må flytte krigaren din for å utføre eit angrep, og dette byr på mykje hovudbry av feil sort.

Uendelege moglegheiter

I staden for at erfaringspoeng blir fordelt etter ein vellukka kamp, vil kvar krigar få erfaringspoeng og jobbpoeng for kvar handling dei utfører. Dette kan vere alt frå eit angrep, til noko så enkelt som å bruke ei helsedrikk, du får poeng for alt. Om du derimot ikkje lukkast med ei handling, får du ingenting. Når du kan velje å bruke tid på å sikte med ein boge, er du nøydd til å planleggje utifrå når det blir fienden sin tur, slik at denne ikkje har flytta på seg når skotet går av. Bogeskyttaren vil berre skyte mot den ruta han har sikta mot, og om du let han sikte for lenge vil han bomme. Noko som kjapt betyr bortkasta tid, og null poeng.

Mellom slaga kan du skreddarsy krigarane dine frå ei rekkje detaljerte menyar. Frå desse menyane kan du skifte jobben til krigarane, samt oppgradere dei med nye ferdigheitar. Ferdigheitane kjøpar du for jobbpoenga du tener ved å bruke krigarane i kamp. Når du først har kjøpt ei ferdigheit kan denne brukast av den gitte krigaren uavhengig av kva jobb han for augeblikket skulle ha. Akkurat dette gir deg eit stadig større hav av moglegheiter for å skru saman ei gruppe krigarar akkurat slik du vil ha den. Sakte men sikkert vil du i tillegg få tilgang på nye og kraftigare jobbar, noko som gir deg noko nytt å sjå fram til heile tida.

Konklusjon

Final Fantasy Tactics: The War Of The Lions er herleg tidtrøyte som er det perfekte hjelpemiddel for å slå i hel fleire timar enn kva døgnet er satt saman av. Kampane er utfordrande og engasjerande, og du går aldri lei av å prøve ut nye kombinasjonar av krigarar og ferdigheitar. Forsøka dine blir ikkje alltid like vellukka, men då veit du i det minste om noko fungerer eller ikkje. Sjølv om spelet først og fremst handlar om taktiske kampar med små figurar på rutenett, er det ikkje til å kome bort frå at spelet har ei strålande historie som i den nye omsetjinga verkeleg kjem til sin fulle rett. Dei nye filmsekvensane gir i tillegg spelet eit heilt spesielt særpreg. Om ikkje usunt engasjerande taktiske kampar skulle vere nok for å låse deg fast til PSP-en din, er i alle fall historia det.

Merknad: Final Fantasy Tactics inneheld ein fleirspelar-modus vi dessverre ikkje har fått testa.

Siste fra forsiden